Australias største kolkraftverk blir batteripark

Marknadskreftene strenger ned kolkraftverk i Australia. Les også: Europaparlamentet støttar femdobling av havvindkapasiteten innan 2030, mens ny rapport kritiserer Helge Lunds BP for grønvasking.

Stenger ned kolkraftverk fordi sol og batteri er billegare

Torsdag annonserte energiselskapet Origin Energy at dei planlegg å stenge ned kolkraftverket Eraring i 2025. Med ein kapasitet på 2,88 GW er Eraring Australias største kolkraftverk. Adm. direktør Frank Calabria forklarar vedtaket i selskapets pressemelding med at kolkraftverkets økonomi blir pressa stadig hardare frå «reinare og billegare produksjon, inkludert sol, vind og batteri».

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Eraring leverer i dag 20 prosent av elektrisitetsproduksjonen i New South Wales. Delstatens energiminister Matt Kean måtte derfor rykke ut etter Origins offentleggjering med forsikringar om at ein framskunda nedstenging ikkje vil gå ut over forsyningstryggleiken. Delstatsmyndigheitene vil som respons støtte bygging av ein batteripark på 700 MW, The Waratah Super Battery. I tillegg: På området der Eraring-kraftverket står i dag ønsker også Origin å etablere ein batteripark på 700 MW.

Det store biletet: Kolkraft står i dag for 60 prosent av Australias straumforsyning. Meldinga frå Origin Energy tyder på at marknadskreftene no er i ferd med å gjere den jobben australske politikarar burde gjort for lengst: erstatte klimaverstingen kol med fornybar energi. I førre veke var det energigiganten AGL som varsla at dei framskundar nedstenging av sine to største kolkraftverk med fleire år. Grunngjevinga er den same som for Origin: økonomi.

Biden lanserer «task force» for grøne innkjøp

President Joe Biden lanserte tysdag Buy Clean Task Force – eit nytt statleg organ som skal sørge for at staten etterspør lavkarbon bygningsmaterialar, som sement, stål og aluminium. Den amerikanske stat kjøper kvart år varer og tenester for 650 milliardar dollar, noko som gjer han til verdas største innkjøpar. Administrasjonens faktaskriv har fleire detaljar.  

Initiativet er ein del av ein større politisk pakke som skal få fart på utvikling av grøn industri i USA, ikkje minst kommersialisering av «clean hydrogen». Biden-administrasjonen skal mellom anna bruke 9,5 milliardar dollar dei neste åra på å få fart på hydrogenproduksjon i USA. Målet er at kostnadene for grønt hydrogen skal kuttast med 80 prosent på ti år.

Kommentarane til Lisa Friedman i New York Times og Robinson Meyer i The Atlantic set Bidens siste klimainitiativ inn i ein større politisk kontekst.

Ønsker massiv havvindsatsing i EU

Eit overveldande fleirtal i Europaparlamentet vedtok denne veka ein havenergistrategi, som går inn for minst ein femdobling av EUs havvindkapasitet fram mot 2030 til minst 60 GW. Målet for 2050 er minst 300 GW. Vedtaket understreker også at tida det tek å bygge ut havvind må kortast ned, og at ein må få fart på bygginga av nødvendig infrastruktur. Med norske auge er det verdt å merke seg at parlamentet konkret nemner viktigheita av hybridkablar.

Parlamentets havvindstrategi er ein respons på Europakommisjonens havenergiforslag frå november 2020 og går rett inn i den politiske behandlinga av den store klimapakken «Fit for 55» som skal bidra til eit klimanøytralt EU før 2050.

Det er danske Morten Helveg Petersen (Radikale Venstre) som har leia forhandlingane i Europaparlamentet. Resultatet han kom fram til står ikkje minst svært godt til Danmarks ambisiøse havvindplanar – med etablering av energiøyer som sentralt element. Ikkje rart Ørsted er begeistra. Også i Sverige – som onsdag annonserte opning av nye havområde som kan gi ein samla svensk havvindproduksjon på 120 TWh –  bør Europaparlamentets strategi falle i god jord.

Vil du lese meir? Energi og Klima publiserte i januar ein gjennomgang av andre lands havvindplanar i Nordsjøen.

Usikker framtid for LNG

Europa tørstar etter gass og februar ligg an til å bli den tredje månaden på rad der Europa er den viktigaste markanden for amerikansk LNG, skriv Reuters. Konflikten med Russland og slunkne gasslagre har sendt gassprisane i Europa til eit nivå som er seks gongar høgare enn prisane ved det amerikanske gassknutepunktet Henry Hub. I ein artikkel her på Energi og Klima skriv Brussel-korrespondent Alf Ole Ask at aktørane i marknaden forventar skyhøge gassprisar iallfall ut 2023.

Nettopp dei høge prisane – saman med stadig billegare fornybar energi – gjer at framtidsutsiktene til LNG likevel er svært usikre. Det skriv Energy Monitor-journalist Nick Ferries i artikkelen Why the LNG ‘gold rush’ could soon turn to dust. Han siterer fleire ekspertar som åtvarar mot å feste lit til prognosane som viser langsiktig vekst for LNG. Det er ikkje snakk om eit brått fall i etterspurnaden, skriv Ferries, men LNG har i eit lenger perspektiv eit forklaringsproblem når stadig fleire statar no søker seg mot netto null. LNG+CCS blir rett og slett for dyrt i møte med stadig billegare sol og vind. I artikkelen blir Japan blir trekt fram som døme på dette: I 2019 sette Japan som mål at 37 prosent av elektrisiteten i 2030 skulle kome frå gasskraft. To år seinare, sommaren 2021, justerte dei ned gasskraftens andel til 20 prosent, samtidig som ambisjonane for fornybar energi blei dobla.

Bla-bla frå BIG OIL

I perioden 2010-2018 brukte oljegigantane Chevron, ExxonMobil, BP og Shell mindre enn 1 prosent av sin samla investeringskapital på lavkarbon-teknologiar, konkluderer ein ny studie publisert i tidsskriftet PLOS One. Lågast andel hadde Chevron og ExxonMobil med 0,2 prosent, mens Shells og BPs andel var høvesvis 1,3 og 2,3 prosent. Forfattarane skriv at så lenge selskapa ikkje følgjer snakket om klimakutt og fornybar energi opp med handling, er det hald i påstanden om at oljeselskapa driv grønvasking. Carbon Brief har ein oversiktleg og god omtale av studien, inkludert gode grafiske framstillingar.