I Landbruksdirektoratets seksjon for miljø og klima er vi i dag 14 engasjerte og dyktige medarbeidarar, og no ser vi etter ein ny kollega!

Seksjonen har ansvar for tiltak for å redusere utslepp til luft og vatn, ta vare på kulturlandskapet, jordhelse, naturmangfald og utvikling av økologisk landbruk. Vi har nasjonalt ansvar for drift og vedlikehald av ulike miljøtilskot i jordbruket, og greier ut forbetringar og nye tiltak for at bruken av jordbruksareala både skal vere produktiv og miljøvenleg. Vi samarbeider med fleire direktorat, forskings- og rådgivingsmiljø og med forvaltninga.

Den ledige stillinga som seniorrådgjevar vil ha hovudvekt på kunnskapsutvikling og tiltak på fleire av seksjonen sine ansvarsområde innan miljø- og klimatiltak i jordbruket, avhengig av kompetansen til den nytilsette og seksjonen sine behov.

Arbeidsoppgåver og ansvar

  • Utgreiings- og utviklingsarbeid.
  • Søknader om prosjekttilskot.
  • Andre oppgåver.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • Mastergrad – gjerne med spesialisering innan plante- eller husdyrvitskap. Kandidatar med annan naturvitskapelag mastergrad kan også vere aktuelle søkarar.
  • God kunnskap om norsk jordbruk og erfaring frå utgreiingsarbeid innan klima- og miljøspørsmål i jordbruket.
  • Erfaring med å innhente, analysere og jobbe med data.
  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Interesse for å arbeide med utgreiing av spørsmål som gjeld jordbruk, miljø og klima.
  • God forståing for forvaltninga si rolle.

Det er en fordel om du har:

  • Relevant erfaring frå utgreiing og/eller sakshandsaming i offentleg forvalting.
  • Relevant erfaring frå arbeid med tiltak for å redusere utslepp til luft og vatn frå jordbruket.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som:

  • Er strukturert og analytisk.
  • Tek initiativ, ser mogelegheiter og arbeider for å finne gode løysningar.
  • Har høg gjennomføringsevne og evne til å tenke heilskapleg.
  • Samarbeider godt, vidareutviklar faglege nettverk, og kan kommunisere klart og tydeleg.

Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Landbruksdirektoratet ser på mangfald som ein styrke. Vi har behov for medarbeidarar med ulike kompetansar, erfaringar og perspektiv for å kunna løysa samfunnsoppdraget vårt på ein god måte, og oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Vi oppmodar vidare kandidatar til å kryssa av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkarar innanfor desse gruppene, kallar vi inn min éin søkar i kvar av gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor dei gruppene som vi nemner over, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen. Avkryssingane i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder inkluderer i årsrapportane sine.

Vi tilbyr

  • Fast stilling som seniorrådgjevar i lønsspenn frå kr. 584 500 til kr. 745 000 (ltr. 60-74), eller som rådgjevar i lønnspenn frå kr. 524 700 til kr. 635 400 (ltr. 53-65). For spesielt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn. Frå løna blir det trekt pensjonsinnskot etter gjeldande reglar.
  • Godt sosialt og fagleg arbeidsmiljø.
  • Fagleg utvikling gjennom teamarbeid i eit miljø prega av høg kompetanse.
  • Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommartid, betalt overtid), og inntil to dagar heimekontor i veka.
  • Bedriftsidrettslag og refusjon av treningsutgifter.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar.

Generelle opplysningar

  • Søknad sendar ein inn elektronisk. Dersom du har problem med utfylling av elektronisk CV, kan du kontakta kundeservice hos Jobbnorge på e-post kundeservice@jobbnorge.no eller på telefon 75 54 22 27.
  • Attestar, vitnemål og annan relevant dokumentasjon skal registrerast i rekrutteringsportalen saman med elektronisk søknad.
  • Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må ein grunngi kvifor. Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom ønskt reservasjon ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir utforma.


Om arbeidsgiveren:

Landbruksdirektoratet gir faglege råd, set i verk landbrukspolitikken og legg til rette for landbruket og matindustrien. Vi skal bidra til å sikra eit godt kunnskapsgrunnlag og på bakgrunn av dette gi råd for politikkutviklinga. Landbruksdirektoratet er eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet (LMD).
Vi er om lag 200 tilsette med kontor i Oslo, Steinkjer og Alta. Du kan lesa meir om vårt samfunnsoppdrag på www.landbruksdirektoratet.no.