Søkjer fire berekraftspilotarEr du student ved UiB, som ønsker å jobbe med berekraft samtidig som du får verdifull arbeidserfaring i studietida? Som berekraftspilot vil du kunne bidra med studentperspektiv inn i UiB sitt arbeid med berekraft og Klimanøytralt UiB 2030. FOTO: UiB. Søknadsfrist: 23. mai 2022Stillingstittel: BærekraftspilotAnsettelsesform: Deltid/vikariatArbeidssted: BergenKontaktperson: Miljøkoordinator, Helene Wiken | 415 58 025Søk her Universitetet i Bergen har satt seg som mål å bli klimanøytralt innen 2030. For å nå målet er det svært viktig at studentmassen involverast, og dei lyser derfor ut fire 20 %-stillingar som berekraftspilotar. Som berekraftspilot vil du vere tett knytt opp mot leiinga ved universitetet og kan motivere og engasjere både studentar og tilsette til ein felles klima- og berekraftsdugnad. Det vil også vere moglegheiter for samarbeid med næringsliv, organisasjonsliv og relevante aktørar. UiB søkjer fire studentar til å fylle stillingar innanfor følgande arbeidsområde: Studie og fag – Formidle studie og emne som er tilgjengelege på UiB innanfor berekraft, klima og miljø. – Styre Berekraftspilotane sine sosiale medie-kanalar. – Vedlikehalde delar av nettsida UiB Berekraft. Berekraftig studentliv -Jobbe med Byttebua Bergen. – Organisere berekraftige aktivitetar for studentane, til dømes ryddeaksjonar og nettverksarrangement. – Vere eit bindeledd for studentorganisasjonar i Bergen som jobbar med berekraft, klima og miljø. – Vedlikehalde delar av nettsida UiB Berekraft. Klimanøytralt UiB -Delta på prosjekter relatert til Klimanøytralt UiB. – Inngå i styringsgruppa for Klimanøytralt UiB. – Drive formidling knytt til klimarekneskap, prosjekter og anna aktivitet knytt til Klimanøytralt UiB. SDG-konferansen (SDG Conference Bergen) – Delta i sekretariatet for SDG-konferansen. – Hjelpe sekretariatet med planlegging. – Hjelpe med involvering av studentorganisasjonar for Day Zero. Som berekraftspilot ved UiB vil du Få oppfølging av ein mentor knytt til arbeidsområdetPlanlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar som kan bidra til å sette berekraft og klimanøytralt UiB på dagsorden ved UiB, innafor ramma for budsjett tildelt berekraftspilotane sitt arbeidVere eit bindeledd mellom studentane og universitetsleiinga, og følge opp studentinitiativ knytt til berekraft og Klimanøytralt UiBProdusere og synleggjere innhald knytt til arbeidsområdet på sosiale medium og UiB sine nettsiderHa fast kontortid ein dag i veka saman med dei andre berekraftspilotaneHa dialoglunsjer med rektoratet to ganger i semesteret (berekraftig lunsj)Utarbeide årsrapport som skal vere klargjort før avslutning av oppdragsperioden UiB søkjer etter deg som: Er student ved Universitet i BergenHar eit stort engasjement for berekraft og eit ynskje om å legge til rette for studentane si rolle i arbeidetHar interesse for prosjektarbeid og styring av prosjektLikar å arbeide i team samtidig som du evner å arbeide sjølvstendigEr initiativrik og arbeider målretta UiB tilbyr: Som berekraftpilot får du høve til å arbeide med prosjekt og aktivitetar som vil kunne bidra til å auke studentane sin kompetanse på berekraftErfaring med arbeid i ein stor statleg organisasjonDu vil få utvida og etablert nettverket ditt ved UiB og samstundes arbeide med nybrottsarbeidArbeidstidene vil vere fleksible slik at du kan kombinere stillinga med studiar.Løn som konsulent etter lønstrinn 35-39 (kode 1065/LR17/alt. 5) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 364 400 – 382 900 i 100 % stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønMedlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningar Generell informasjon om stillinga Stillinga varer formelt frå 15. august 2022- 15. juni 2023, men det blir timelønna opplæring i samarbeid med nåverande berekraftspiloter i juni 2022. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Søkjarane bes spesifisere kva for eit område dei ynskjer å jobbe med. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga. Nærare om tilsettingsprosessen her. Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen består av rundt 20 000 studentar og 4000 tilsette. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.