Maritime CleanTech er i vekst og treng fleire nye medarbeidarar, både nyutdanna og erfarne. Bedrifta brenn for berekraftig innovasjon realisert gjennom norsk maritim industri. Saman med medlemsbedriftene utviklar dei grønare løysingar for fartøy og infrastruktur. 

Du vil få erfaring med forretningsutvikling, strategi og teknologi, og vil raskt bli involvert i teamarbeid, prosjektutvikling og innovasjon. Bedrifta ser etter ein som har kapasitet til å drive fram spanande løysingar, dette vil kunne medføra raskt ansvar for å leie ulike prosjekt. Gjennom tett samarbeid med dei mange medlemsbedriftene deira vil du få tilgang til eit unikt nettverk av dyktige partnarar frå heile den maritime næringa. 

Arbeidsdagen hos Maritime CleanTech er variert og dynamisk. Dei har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og mange spanande utfordringar i ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar.

Arbeidsoppgåver:  

  • Identifisere og utvikle innovasjonsprosjekt i samarbeid med bedrifter i klynga, offentlege aktørar og forskings- og utviklingsmiljø 
  • Utarbeide søknader til ulike verkemiddelordningar
  • Opptre som Maritime CleanTech sin representant utad, både i prosjekt, møte med medlemsbedrifter og dialog med eksterne partnarar
  • Samarbeide med ulike kompetansemiljø 
  • Utføre analysearbeid som underbygger og synleggjer arbeidet med grøn skipsfart 
  • Delansvar for oppfølging av medlemsbedriftene

Kvalifikasjonar: 

  • Teknisk, økonomisk eller annan relevant utdanning på masternivå
  • Kunnskap og interesse for utvikling av grøne, maritime løysingar til kyst- og havrelaterte næringar som passasjertransport, skipsfart, havbruk, fornybar energi og oljesektoren 
  • Gode munnlege og skriftlege formuleringsevner på norsk og engelsk 
  • Evne til strategisk og analytisk tenking 
  • Fleksibilitet, høg arbeidskapasitet, og er nytenkande, positiv og motivert 
  • Sosiale eigenskapar med evne til å jobbe i team, skape relasjonar og bygge nettverk 

I tillegg er det ein fordel om du har relevant jobberfaring, gjerne frå maritime bedrifter eller prosjektutvikling. 

Maritime CleanTech er ei nasjonal klynge med hovudkontor på Stord og tilsette i Bergen og Stavanger. Fleksible ordningar for arbeidsstad kan diskuterast. Noko reising må påreknast.  

Bedrifta tilbyr konkurransedyktige vilkår i eit av dei mest innovative og framoverlente næringsmiljøa i verda.  

NCE Maritime CleanTech har i over ti år vore ei leiande næringsklynge for samarbeid om utvikling av grønare skipsfart. Dei nær 150 klyngepartnarane kjem frå heile landet, og inkluderer alt frå små oppstartsbedrifter til store konsern knytte til maritim næring. Også forskingsmiljø, akademia, finansaktørar og offentlege aktørar deltar aktivt i klynga.

Administrasjonen består i dag av 11 medarbeidarar som bidrar til utvikling, demonstrasjon og lansering av energieffektive og miljøvenlege løysingar saman med klyngepartnarar og internasjonale nettverk.

I tillegg til norske innovasjonsprosjekt er NCE MCT også involvert i fleire internasjonale konsortium, og fungerer som ein pådrivar for å hente europeisk støtte til norske partnarar.