Bømlo kommune søkjer etter ein engasjert medarbeidar som kan bidra til at me tenkjer klima i alt me gjer, og som kan syta for at ressursane i kommunen vert forvalta på ein berekraftig måte.

Seksjon samfunnsutvikling rapporterer til kommunedirektør og inneheld m.a. fagområda samfunnsplanleggjing, arealbruk, landbruk og miljø. Kommunen har eit godt arbeidsmiljø med kjekke og hjelpsame kollegaer, og er i dag totalt 15 tilsette. Dei held til i Bømlo Rådhus sentralt på øya.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for klimahandlingsplanar og miljøfyrtårnarbeid.
  • Søkja om prosjekttilskot innanfor fagområda, og oppfølging av tiltaka.
  • Rådgje dei ulike einingane i kommunen i klima- og energitiltak.
  • Handsama saker knytt til miljø, t.d. forureiningslova og vanndirektivet.
  • Saksførebuing/utarbeiding av saksframlegg til politisk handsaming.
  • Arbeidsoppgåvene vil elles vera avhengig av dei behov som avdelinga har til ei kvar tid og av kvalifikasjonane til den som blir tilsett.

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå innan miljø og/eller klimaleiing, berekraftsarbeid, energi eller anna relevant fagområde for stillinga. 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Erfaring frå prosjektleiing vil verta vektlagt.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel, men me oppmodar også nyutdanna til å søkja.
  • God IT-kompetanse og interesse for digitalisering. 

Personlege eigenskapar:

Arbeidsgjevar ser etter deg som er: 

  • Lett å samarbeide med.
  • Serviceinnstilt, initiativrik og innovativ.
  • Strukturert og god til rett prioritering av arbeidsoppgåver.
  • Positiv og interessert i å bidra til kommunen si utvikling.
  • Rask til å setje deg inn i nye problemstillingar og leverer sjølv under tidspress. 

Arbeidsgjevar tilbyr:

  • Spanande stilling med gode utviklingsmoglegheiter i ein flott kommune.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Gode ordningar for pensjon og forsikring.

Pensjon:
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid. 

Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Dei har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er deira viktigaste ressurs og dei ynskjer seg rausemodige og engasjerte medarbeidarar.

Raus – hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs 
Modig – me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert – driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.