Ny rekord: Sol og vind stod for 14 prosent av verdas el-produksjon i første halvdel av 2023

Det er berre eit tidsspørsmål før vi vil sjå eit strukturelt fall i utsleppa frå verdas straumproduksjon. Les også: FN med kontroversielle klimaforslag før COP28 og ikoniske bussar blir elektriske.

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Vekst for vind og sol – men tørke skapte problem for vasskrafta

Utsleppa frå verdas kraftproduksjon i første halvdel av 2023 var omtrent på nivå med same periode i 2022 (+0,2 prosent). Det skriv tankesmia Ember i analysen Global Electricity Mid-Year Insights 2023. Det er rett nok store regionale skilnader – med store kutt både i EU (-17 prosent), Japan (-12 prosent) og USA (-8,4 prosent). Når utsleppa samla likevel ikkje gjekk ned, skuldast det at vasskraftproduksjonen i årets seks første månader – og då særleg i Kina – fell kraftig (-8,5 prosent) som følge av tørke. Med «normal» vasskraftproduksjon ville dei globale utsleppa gått ned.

I Embers analyse kan ein også lese dette:

  • Sol og vind stod for 14,3 prosent av kraftproduksjonen globalt – mot 12,8 prosent i første halvår 2022.
  • Veksten i kraftforbruket var på «kun» 0,4 prosent – langt under den gjennomsnittlege årlege vekstraten på 2,6 prosent for perioden 2012-2022. Ein viktig drivar var redusert kraftforbruk i store økonomiar som Japan (-5,6 prosent), EU (-4,6 prosent) og USA (-3,4 prosent).
  • Kraftproduksjonen frå olje, kol og gass var tilnærma lik nivået i 2022 (+0,1 prosent). Igjen er det særleg positiv utvikling i USA og EU. Her fall kolkraftproduksjonen med høvesvis 27 og 23 prosent. I EU er den fossile kraftproduksjonen historisk låg.

Les også: Carbon Brief har laga ein solid gjennomgang av tala frå Ember.

FN presenterer «politisk meny» før COP28

Onsdag publiserte FN ein rapport som viser kva partane til Paris-avtalen meiner om viktige spørsmål, og som også inneheld konkrete forslag til ein skjerpa internasjonal klimapolitikk. Forslaga, som skal bidra til å minske avstanden til 1,5-gradarsmålet, er eit formelt innspel til årets klimatoppmøte (COP28) som finn stad i Dubai frå slutten av november. Blant forslaga finn ein mellom anna ulike variantar av utfasing av fossil energi og meir pengar til klimafinansiering.

At FN kom med denne rapporten no, er ikkje tilfeldig. Det er eit resultat av den såkalla ambisjonsmekanismen i Paris-avtalen (den globale gjennomgangen, «global stocktake»). Mekanismen går ut på at partana kvart femte år skal møtast for å gjere opp status og stake ut kursen vidare. COP28 er det første klimatoppmøtet etter Paris der ein «stocktake» finn stad.

Les også: COP28 kjem til å bli eit av dei mest intense og omstridde klimatoppmøta så langt, skriv Financial Times. Mens The Guardian etterlyser tydelegare politisk leiarskap.

Pavens klimabrøl

Vekas mest omtalte publisering stod Vatikanet for då dei onsdag la ut Laudate Deum – Pave Francis andre apostoliske formaning (pavelege skriv) om klimakrisa. Den første – Laudato Si – kom i 2015. Eg anbefaler alle samfunnsengasjerte å lese pavens 7 000 ord lange skriv – der han er innom om alt frå klimafornekting og klimakrisas alvor til teknologi, vestleg livsstil og internasjonale klimaforhandlingar. Sjekk gjerne også omtalen til nokre av dei store redaksjonane, som The Guardian og The Washington Post .

Ikoniske bussar blir elektriske

Har du vore i London, har du garantert sett dei: Big Bus Tours sine raude dobbeldekkarar med opne tak, som går i fast rute mellom Londons mest kjende turistattraksjonar. Denne veka har ein del mindre nisjemedium fanga opp nyheita om at turoperatøren med dei ikoniske hopp-på-hopp-av-bussane har inngått ein avtale med britiske Equipmake om å bytte ut dieselmotoren med elektrisk drivline på ti av bussane.

Som regel når temaet er elektrifisering av bussflåtar, handlar det om innkjøp av nye køyretøy. Men i dette tilfelle er det snakk om å bygge om eksisterande bussar, som ifølgje Equipmake vil koste betydeleg mindre. Kvar av dei ti bussane får ein batteripakke på 327kWh – nok til ein rekkevidde på cirka 190 kilometer. Dei første bussane kjem i drift i 2024.

IMF foreslår «grøne korridorar» for kritiske råvarer

Det er lenge sidan 90-talets mange demonstrasjonar mot globalisering og frihandel. Pendelen har for lengst snudd, og i 2022 var talet på handelsrestriksjonar seks gongar høgare enn gjennomsnittet for perioden 2016-19. Spenninga mellom USA og Kina, COVID-19 og Russlands krigføring i Ukraina er dei viktigaste forklaringane.

Dette er noko av det ein kan lese i IMFs siste World Economic Outlook, der delar av innhaldet blei publisert denne veka. IMF åtvarar mot konsekvensane av ein fragmentert råvaremarknad, som dei seier kan gjere energiomstillinga langt dyrare. Særleg kritisk kan det bli for nøkkelråvarer som koppar, nikkel, kobolt og litium – som er heilt avgjerande for elbilar, solceller og vindturbinar. Simuleringar som IMF har gjort, viser at fragmentering kan ta ned globale investeringar i desse teknologiane med så mykje som 30 prosent fram mot 2030.

IMF trur ikkje at frihandelsagendaen frå 1990-talet er på retur med det første, og lanserer derfor det dei omtalar som den «nest beste» løysinga: etablering av «grøne korridorar» for råvarer som er kritiske for det grøne skiftet. IMF oppmodar også politiske myndigheiter til å ta eigne grep som gjer dei mindre sårbare, slik som å investere meir i nasjonal råvareproduksjon og -infrastruktur.