– I 2030 vil 84 prosent av bussalet vere elektrisk – Energi og Klima

– I 2030 vil 84 prosent av bussalet vere elektrisk

Ny rapport spår lynrask elektrifisering av verdas bussflåte – fordi det er lønsamt. Britiske Drax vil forsøke å bygge verdas første karbonnegative kraftverk.

BYDcba

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Elbussar vil dominere om ti år: Kor raskt vil elektrifiseringa av vegtransporten skje? Bloomberg New Energy Finance (BNEF) har denne veka lansert EV Outlook 2018 – ein årleg analyse der dei forsøker å gi svar på nettopp dette spørsmålet. Rapporten oppjusterer prognosane frå i fjor og peikar på tre viktige drivarar: 1) Kostnadene for litium-ionbatteri rasar vidare nedover, samtidig som batteria blir meir effektive. 2) Politiske myndigheter over heile verda – lokalt og nasjonalt – støtter aktivt opp om elektrisk transport. 3) Bilprodusentane har for alvor starta arbeidet med å utvikle nye elektriske køyrety. Frå 2017 til 2022 vil talet på elbil-modellar stige frå 155 til 289. Det mest interessante med årets EV-rapport er kapitlet om elbussar. Mens BNEF trur elbilar vil stå for 28 prosent av nybilsalet i 2030, er dei langt meir «bullish» på elbussens vegne. 84 prosent av alle bussar som vert selt i 2030 vil vere elektriske. Ser ein fram mot 2040 trur BNEF at heile 80 prosent av den globale bussflåten vil bestå av elbussar. Elbussar er langt billegare i drift enn dieselbussar, men har høgare investeringskostnader knytt til seg. Det er det største hinderet for mange i dag. BNEF skriv vidare at veksten i elbilar og elbussar vil ta ned transportsektorens behov for olje med 7,3 millionar fat per dag i 2040, mens det globale straumforbruket i same periode vil auke med 2000 TWh.

Karbonnegativt kraftverk i Storbritannia? Onsdag annonserte energiminister Claire Perry at Storbritannia skal leie ei internasjonal satsing på karbonfangstteknologi saman med Saudi-Arabia og Mexico. Dette er ei oppfølging av løfter gitt under COP21 i Paris (som også Noreg har ein aksje i). Perry lyste samtidig ut ein pott på 230 millionar kronar som skal gå til «banebrytande» CO2-fangstprosjekt. Timinga var god. To dagar før Perrys kunngjering offentleggjorde Drax Group at dei skal teste ut CO2-fangst frå eit biomassefyrte kraftverk i Nord-Yorkshire (tidlegare kolkraftverk som no fyrar med pellets). Målet er at CO2’en som vert fanga skal seljast til industriformål og ikkje lagrast under bakken. Lukkast prosjektet, blir dette det første karbonnegative kraftverket i verda, skriv Drax på sine heimesider. Les meir i The Guardian.

Kun 4 av 38 teknologiar i rute: Det internasjonale energibyrået (IEA) har igjen vurdert korleis sentrale klimateknologiar presterer i lys av Paris-avtalens mål om å halde temperaturauka godt under to gradar celsius. Av 38 teknologiar er det berre 4 som er «on track». 23 teknologiar er vurdert som «in need of improvement», mens 11 har fått merkelappen «not on track». Solceller (PV) og elbilar er blant teknologiane som er i rute, mens karbonfangst og -lagring og fornybar varme i bygg er det ikkje. IEAs Tracking Clean Energy Progress Report inneheld i år også eit innovasjonsbarometer. Ein positiv nyheit frå 2017 er at offentlege investeringar i forsking og utvikling gjorde eit byks på 13 prosent. Den private FoU-innsatsen gjekk derimot noko ned i fjor – med bilindustrien som heiderleg unnatak.

Gasskraft i trøbbel: Naturgass blir sagt å vere ein nødvendig overgangsløysing mellom det fossile og fornybare, men på begge sider av Atlanteren har gassindustrien vanskar med å finne sin plass i energiomstillinga. Når driftstida ofte er redusert til dei tidene av døgeret når forbruket er høgast, blir det å investere i nye store gasskraftverk for risikabelt, skriv Reuters. Dei publiserte torsdag ein lengre artikkel om dette med utgangspunkt i amerikanske General Electric. Det siste året har aksjekursen til GE falle med 50 prosent – og det på grunn av selskapets kraftbusiness (GE Power). Ikkje berre stuper salet av nye gasskraftturbinar, også behovet for vedlikehald og service av eksisterande kraftverk har gått dramatisk ned. GE-sjef John Flannery åtvara denne veka investorar mot å tru at det finst nokon raske løysingar på konsernets problem, skriv Financial Times.

CO2-utslepp kan gjere ris mindre næringsrik: Ein ny studie publisert i Science Advances denne veka konkluderer med at ris blir mindre næringsrik jo høgare konsentrasjon av CO2 det er i atmosfæren. Studien bygger på eksperiment utført på 18 ulike avlingstypar i ulike område av Kina og Japan mellom 2010 og 2014. Funna viser at ris som blei eksponert for høgare CO2-nivå enn normalt var i gjennomsnitt mindre næringsrik. Uavhengig av lokasjon gjekk innhaldet av både protein, jern og vitaminar ned. Om ein ikkje klarar å utvikle nye ristypar som er tilpassa eit høgare CO2-innhald i atmosfæren, kan dette få store helsemessige konsekvensar for svært mange. Ifølgje The Guardian har to milliardar menneske i dag ris som sin viktigaste matkjelde.

Bli abonnent!

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima