EU endrar norsk klimapolitikk

Europaparlamentet og Rådet har no blitt einige om fordelinga av utsleppskutt i transport, bygg, avfall og landbruk. Les også: Kina lettar på sløret om verdas største kvotesystem og Donald Trump får ikkje røre elbil-rabatten.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Det er i Brussel det skjer: Dei som vil vite kva rammer norsk klima- og energipolitikk skal operere innafor fram mot 2030, må henge med på kva som no og skjer i EU. Også denne veka har det kome viktige vedtak frå Brussel. Her er tre av dei:

  1. På tredje forsøk blei Europaparlamentet og Rådet torsdag einige om klimapolitikkens rammer i ikkje-kvotepliktig sektor. Målet er at unionens samla utslepp frå transport, jordbruk, bygg og avfall skal reduserast med 30 prosent innan 2030 samanlikna med 2005. Partane blei også samd om den interne byrdefordelinga (sjå lista her) og reglar for fleksibilitet. Ifølge Euractiv opnar dei fleksible mekanismane for at medlemslanda lett kan sno seg unna dei årlege utsleppsmåla.
  2. Kommisjonen presenterte for eit år sidan eit forslag til ny energipolitikk i EU («Clean Energy for All Europeans»). Forslaget inneheldt i alt åtte omfattande politikkpakkar. Denne veka blei Parlamentet og Rådet einige om den første av dei åtte pakkane – energistandard i bygg. Det overordna målet er at bygningssektoren i unionen skal vere tilnærma utsleppsfri i 2050. Kvart medlemsland blir i den nye avtalen pålagt å utarbeide vegkart for å klare dette – med konkrete delmål for 2030 og 2040. Avtalen inneheld også krav om tilrettelegging for elbil-lading og bruk av smart energistyring. «EU-systemet tager stort skridt mod energivenlige bygninger, meldar det danske nyheitsbyrået Ritzau. EUs bygningar står i dag for 40 prosent av unionens samla energiforbruk.
  3. Rådet klargjorde måndag posisjonane sine på fire andre område – deriblant fornybar energi mot 2030. Mens Europaparlamentet no viser vilje til å heve fornybarambisjonane i 2030, står Rådet fast ved målet om 27 prosent. Forhandlingane mellom Rådet og Europaparlamentet om fornybar energi og dei andre uløyste delane av energipakken er venta å skje i 2018.

Kinas kvotesystem tek form: Alt er stort i Kina. Det gjeld også det planlagde kvotesystemet som vi omsider har fått litt meir detaljar om. Tysdag kunngjorde myndigheitene at første fase vil rette seg mot elektrisitetssektoren, skriv Reuters. Det involverer om lag 1700 kraftselskap og tre milliardar tonn CO₂. Til samanlikning dekker EUs kvotesystem 1,4 milliardar tonn CO₂. Elektrisitetsproduksjon står for om lag ein tredel av Kinas samla karbonutslepp. Det er ikkje kjent når kvotehandelen vil starte opp eller korleis kvotene vil bli tildelt. New York Times siterer kjelder som trur Kina vil vere rause i tildelinga av utsleppskvoter i starten, for så å stramme til etter kvart.

Fornybarrekord i Tyskland: Tyskland går mot fornybarrekord i 2017. Det skriv Clean Energy Wire denne veka. Den Berlin-baserte journalistikktenesta viser til energibransjeforeininga BDEW som har rekna ut at fornybar energi vil stå for 33 prosent av tyskaranes elektrisitetsforbruk i 2017 – opp frå 29 prosent i 2016 (sjå originalsak på tysk). Ser ein på produksjonen av elektrisitet utgjer fornybar energi nesten 36 prosent, men sidan ein del av dette vert eksportert er talet for forbruk litt lågare. BDEWs estimat viser også at kolkraften tapar marknadsdelar. Kol vil gå frå 40,3 prosent av elektrisitetsproduksjonen i 2016 til 37 prosent i år. Bloomberg har ein interessant sak om tyske strømprisar i lys av fornybarveksten. Sjølv om det vert produsert stadig meir strøm frå billege solceller og vindturbinar, er det historisk dyr kolkraft som set prisane.

Kongressen vernar elbil-rabatten: Donald Trumps skattereform blei formelt godkjent av Senatet og Representantanes hus denne veka. For interesserte har Washington Post ein informativ oppsummering – med reaksjonar frå ulike aktørar. Ifølge avisa vil den foreslåtte reduksjonen i selskapsskatten spare olje- og gasselskapa for cirka ein milliard dollar i året. Skattereforma gir også lette til selskap innan fornybar energi, minner PV Magazine oss om. Fornybarbransjen kan også glede seg over at Kongressen ikkje svekker skattefordelane ved investeringar i sol- og vindkraft, slik det opphavlege forslaget la opp til. Heller ikkje skatterabatten ved kjøp av elbil på 7500 dollar, som Obama innførte, blei fjerna.

Eit av dei mest kontroversielle punkta i skattereforma har ingenting med skatt å gjere. Det gjeld vedtaket om å fjerne eit fleire tiår gamalt forbod mot å bore etter olje i nasjonalparken Arctic National Wildlife Refuge i Alaska. New York Times diskuterer i denne artikkelen kva det betyr.

Fornybaråret 2017 – eit samandrag: Tradisjonen tru avsluttar Michael Liebreich i Bloomberg New Energy Finance året med ein årskavalkade. Liebreich konkluderer med at 2017 stort sett har vore eit bra år, med nokre viktige reservasjonar. Elbil-salet har gjort det skarpt, det same kan seiast om investeringar i, og utbygging av, fornybar energi. Men sjølv om skipet har riktig kurs, er vi på ingen måte i Eldorado ennå. Det er skjer i sjøen, som Trump-administrasjonen, og vi har problem med å halde farten i omstillinga oppe. I tilbakeblikket gjer Liebreich og medforfattar Angus McCrone også opp status over spådommane dei gjorde for 2017 i januar i år. Dei gir seg sjølve full score for mellom anna å spå at elbilsalet ville bikke ein million og at installert vindkapasitet ville stagnere i 2017. Derimot tok dei feil då dei spådde at kol- og oljeprisane ville gå ned.