#Elektrisktransport: Elbilrevolusjon på gang i USA? – Energi og Klima

#Elektrisktransport: Elbilrevolusjon på gang i USA?

General Motors Superbowl-filmar er god reklame for Noreg som elbilland, men viktigare: Dei viser at elektrifisering for alvor har begynt å oppta den tradisjonelle amerikanske bilindustrien.

General Motors er USAs største bilprodusent. Her er CEO Mary Barra som nyleg annonserte ambisjonen om at GM ikkje skal selje bensin- og dieselbilar i 2035. (Foto: Steve Fecht / General Motors)

Denne månadens #Elektrisktransport er i sin heilskap via til USA – der senatet no har godkjent Pete Buttigieg (39) som ny transportminister. Transport er den sektoren med dei største klimagassutsleppa i USA, så Buttigieg blir ein viktig person for gjennomføringa av Bidens klimaambisjonar.

Bidens signal til bilindustrien

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

Biden-administrasjonen har allereie rokke å lansere fleire viktige initiativ for ein grønare transportsektor:

  • Utskifting av 650 000 føderale bilar med (amerikanske) elbilar.
  • Utrulling av 500 000 offentlege ladestasjonar innan 2030.
  • I tillegg har Biden gitt Buttigiegs departement, og det amerikanske miljødirektoratet (EPA), i oppdrag å legge fram før sommaren forslag til nye energieffektiviseringskrav for bilindustrien. Under Obama måtte bilprodusentane forbetre energieffektiviteten til eigen flåte med 5 prosent per år. Dette blei redusert til 1,5 prosent under Trump.  

Det er få detaljar av det som har blitt annonsert som er kjent, så vi veit eigentleg ikkje kor ambisiøse dei nye initiativa er. Det vil til dømes vere stor skilnad på om utskiftinga av statens bilar skal skje over fire eller fjorten år.

Men det som er klart er at bilindustrien har fått kraftige styringssignal frå den nye administrasjonen om at framtida er elektrisk. Eit umiddelbart resultat er at dei store bilprodusentane har trekt seg frå klimasøksmålet mot California – der formålet var å stoppe delstatens særeigne utsleppskrav.

Nye toner frå General Motors og Ford

Ein viktig aktør å følge med på er General Motors (GM) – USAs største bilprodusent og til no ein sinke når det kjem til elektrifisering. I 2020 selde GM kun 20 000 elbilar på verdsbasis – mot Volkswagens 230 000 og Teslas 500 000.

Med Mary Barra som CEO har General Motors i fleire år jobba med å endre kurs, men etter at Biden vann haustens presidentval har kommunikasjonen om «nye GM» verkeleg blitt spissa til: Ikkje berre har dei trekt seg frå søksmålet mot California. Fram mot 2025 skal dei lansere 30 elbilar globalt (i dag er Chrevrolet Bolt GMs einaste elbil) og i 2035 er ambisjonen at personbilsalet skal vere 100% elektrisk.

Marknaden ser ut til å like retninga GM har staka ut. Aksjekursen har den siste tida gått kraftig opp og Morgan Stanley-analytikar Adam Jonas sa nyleg i eit intervju med CNBC at han trur GM blir «the autos story of the year», og vidare:

«What they are doing may end up being one of the most profound strategic turnarounds, not just in the auto industry, but in business».

Selskapet har plassert seg i ein posisjon der dei no tiltrekker seg ESG- og teknologi-investorar, ifølge Jonas.

Også Ford – den andre store amerikanske bilprodusenten – signaliserer kraftig satsing på elbilar. Fredag annonserte CEO Jim Farley at Ford vil investere 22 milliardar dollar i elbilar fram mot 2025 – nesten ei dobling samanlikna med det dei har lova før. Til CNBC sa Farley: «Our electric strategy is very specific. We’re going to invest in segments where we’re the dominant player and we have scale, like the F-150, the Transit van, our Mustang.»

Til no har Tesla dominert den amerikanske elbilmarknaden fullstendig. Dei tradisjonelle bilprodusentane har vore ekstremt tilbakehaldne – også samanlikna med sine europeiske og asiatiske konkurrentar. Marknaden har også hatt større tru på nyoppstarta elbilprodusentar, slik som Rivian, enn til dei etablerte. Ikkje utan grunn: Ein elbilprodusent er først og fremst eit batteri- og software-selskap, slik Washington Post-journalist Steven Mufson formulerer det i denne kommentaren.

Når GMs Superbowl-filmar rullar over TV-skjermane, er det god reklame for elbillandet Noreg. Det skal vi glede oss over. Men først og fremst handlar dette om at det grøne skiftet omsider ser ut til å ha nådd den tradisjonelle amerikanske bilindustrien. Det er godt nytt!

Vil du lese meir?

Elbilindeksen

Nedanfor finn du oppdatert statistikk for bilsalet i Noreg, Sverige, Danmark og Tyskland.

Grafane viser selde personbilar fordelt på drivstoff/energitype. Bensin og diesel inkluderer ikkje-ladbare hybridbilar. Bilar med andre drivstofftypar er ikkje dekka i denne statistikken.

Du finn fleire land i artikkelen Elbilsalet i Noreg og Europa. Her blir data oppdatert månad for månad.

Elbilandel i januar 2020: 53 prosent
Elbilandel januar 2020: 5,4 prosent
Elbilandel januar 2020: 5,6 prosent
Elbilandel januar 2020: 9,6 prosent
Kommentarfeltet er stengt.