Høgre og Arbeidarpartiet må samarbeide i Bergen

Christine B. Meyers (H) politiske vegval handlar om langt meir enn framtida til bybanen om protestpartia får ei hand på rattet i Bergenspolitikken.

«Man skal være forsiktig med å sammenligne med Bergen. Så kaotisk er det tross alt ikke i Oslo». Sitatet er frå politisk redaktør Eirik Mosveen i Avisa Oslo i Politisk kvarter (27.09) der tema var byrådsforhandlingane i hovudstaden. Også der var det lenge uavklart kva parti som til slutt ville danne byråd, men altså: ikkje så kaotisk som i Bergen.

At Høgre ønsker å styre Bergen etter årets val, er ikkje det spor rart. Med ein oppslutnad på 26,5 prosent er dei byens klart største parti. Men Høgres byrådsleiarkandidat Christine B. Meyer må stille seg spørsmål om vegen partiet no har lagt ut på – der protestpartia kan få ei sentral rolle – vil gi Bergen den utviklinga byen treng. Eller om det først og fremst vil gjere kaoset, som folk i Oslo, Stavanger og Trondheim no morer seg over, til ein permanent tilstand?

Problemet med protestparti som Bergenslista og INP er at dei ikkje har nokon heilskapleg politikk. Ein veit ikkje kva ein får – iallfall ikkje om eit år eller to når dei innvalde representantane skal ta stilling til alle dei andre sakene som ikkje handlar om bybane over Bryggen.  Tenk for eit sirkus det hadde blitt om Arbeidarpartiet i 2019 hadde bestemt seg for å inngå ein allianse med bompengepartiet?

Bybane til Åsane er ei opplagt sak som står på spel, slik både folk og næringsliv har peika på. Skulle Bergen Høgre veksle makt mot ei ny bybaneutgreiing, er det ingen som kan forvente at regjeringa vil prioritere bybanen i Bergen når dei skal legge fram Nasjonal transportplan til våren. Til det er det for mange gryteklare prosjekt rundt om i landet som treng pengar. Ny utgreiing er lik ny utsetjing. Slik er det.   

Ei av dei mest omfattande oppgåvene til eit nytt byråd i Bergen (som i andre byar) blir å skjerpe innsatsen på klimafeltet og få fart på den grøne omstillinga. Bergen Høgre skriv i valprogrammet at «klimaendringene er vår tids største utfordring». Det er ei formulering som forpliktar, men som står milevis frå perspektiva som driv protestpartia.

VIL OVERTA FRÅ AP I BERGEN: Christine B. Meyer (H) ønsker å danne fleirtal med med Senterpartiet, Framstegspartiet, Bergenslisten, Industri- og Næringspartiet og Pensjonsistpartiet. Her er Meyer under Høgres landsmøte i 2023 på Gardermoen. Foto: Alf Simensen / NTB

Tidlegare i år støtte Høgres bystyregruppe målet i Bergens nye klimastrategi om å kutte byens direkte klimagassutslepp med 85 prosent av 2009-nivå innan 2030. Eit slikt ambisiøst mål fordrar at ein dei neste fire åra gjer raske og store utsleppskutt til eit politisk hovudprosjekt som famnar alle politikkområde. Fordi ein har utsett jobben med å kutte utslepp for lenge, er ein ikkje lenger i ein posisjon der vi kan velje og vrake blant klimatiltak.

Klimapolitikken kan også bli skadelidande om fleirtalet bak det nye byrådet blir så skjørt og krevjande at ein ikkje har energi til å vende blikket utover. I fleire store klimasaker går ikkje konflikten internt i bystyret, men mellom lokale og nasjonale myndigheiter. Enten jobben er å hindre at Bergensbana sakkar akterut som eit klimavenleg transportmiddel, eller å sikre karbonfangst og -lagring (CCS) ved BIRs forbrenningsanlegg i Rådalen, vil Bergen vere avhengig av hjelp frå staten. Då er minstekravet at byens politiske leiarskap evner å stå saman som eit lag.

Det Bergen treng, er at ansvarlege politikarar no trer fram og viser veg ut av kaoset som har oppstått etter valet. Det beste for byen ville vore om det var Høgres Christine B. Meyer og Arbeidarpartiets Rune Bakervik som gjorde det. Gjerne ved å etablere eit styringsdyktig byråd saman, men i det minste ved å bli einige om eit «program» for dei neste fire åra som sikrar fleirtal for dei store og strategisk viktige sakene for Bergen, slik som bybane og klimaomstilling.

Det er ikkje vanskeleg å forstå motstand internt i Høgre og Arbeidarpartiet mot ein slik tanke. Partia lever tross alt av å framstille  kvarandre som politiske hovudmotstandarar. Men akkurat no er det politisk krise i Bergen, og kortsiktige partibehov bør vike for byens beste.