Forsking betalt av oljeindustrien: Eit etisk problem?
På tilsvarande måte som tobakksindustrien i fleire tiår har arbeidd for at produksjon og bruk av tobakk ikkje må gå ned, er Statoil og andre oljeselskap i dag aktørar i ein marknad for å hindra at produksjon og bruk av fossile brennstoff blir redusert.
Forum for vitskap og demokrati ved Universitetet i Bergen (UiB) inviterte 13. september til debatt med tema miljøkrise og energiforsking. Her vart det stilt spørsmål om den omfattande petroleumsrelaterte forskinga ved UiB er i tråd med gjeldande forskingsetiske retningsliner.
Eit viktig spørsmål blir i kva grad Universitetet skal stilla opp, når til dømes Statoil tilbyr finansiell støtte. Det er liten grunn til å tvila på at Statoil har eigeninteresse i å støtta Universitetet. Burde då Universitetet i større grad seia nei til slik støtte, spesielt når det kan reisast spørsmål om dette går på tvers av eigne etisk-politiske vurderingar?
I retningslinene vedtatt av Den nasjonale etiske komité for naturvitskap og miljø i 2007 står det:
«Forskningen skal være i overensstemmelse med bærekraftig utvikling og respekt for miljøet. Dette innebærer at forskningen bl.a. skal bidra til å bevare biologisk mangfold og være i overensstemmelse med føre-var-prinsippet. Man skal vise forsiktighet med forskningsvirksomhet som kan ha store negative konsekvenser for miljøet eller mennesker, selv om det ikke er etablert full sikkerhet om forekomsten av disse konsekvensene».
På seminaret 13. september innleia Peter M. Haugan, professor ved Geofysisk institutt, og Jan Petter Hansen, professor ved Institutt for fysikk og teknologi, til debatt om desse problemstillingane. Den konkrete bakgrunnen for diskusjonen var Akademia-avtalen om forskingsstøtte frå Statoil til Det matematisk-naturvitskapelege fakultet på totalt 40 millionar kroner (åtte millionar årleg i fem år frå 2009). Ein ny avtale mellom UiB og Statoil for perioden 2014-2018 skal etter planen snart signerast. I fjor vart det dessutan underteikna ein tilleggsavtale på 11,4 millionar. Forvaltinga skjer gjennom regelmessige strategiseminar saman med Statoil, og prosjekt som får støtte skal ha relevans for Statoil si verksemd på norsk sokkel.
Innleiarane til debatten har tidlegare diskutert saka i nettavisa «På Høyden». Den 26. mars skreiv Haugan at forskingsstøtte til UiB frå Statoil ikkje synes å vera forskingsetisk forsvarleg om formålet er å finna meir fossilt brensel. Vi veit at for å ha håp om å unngå svært alvorlege klimaskader må over to tredelar av dei fossile reservane bli verande i grunnen. Haugan har reist fleire spørsmål omkring dette til dei ansvarlege for avtalen ved UiB.
I tilsvar i På Høyden viste Hansen til at global kunnskap om fossile ressursar og bruken av dei sannsynlegvis (diverre) vil spela ein stadig større rolle heile dette hundreåret. Han hevda at det er vanskeleg å problematisera forsking med formål å utvinna fossil energi så lenge me er storforbrukarar av det.
Denne diskusjonen minner om diskusjonen omkring etikken bak tobakksindustrien si støtte til medisinsk forsking nokre tiår attende. Likskapen når det gjeld etiske vurderingar i høve dagens støtte frå oljeindustriens til energiforsking er verdt å merka seg.
Det er no meir enn 50 år sidan at det i seriøse forskingsmiljø var semje om at røyking gir helseskade. I tiåra som fylgde var tobakksindustrien ein sterk pådrivar for å støtta forsking omkring tobakksbruk og helse. Industrien prøvde å så tvil om årsakssamanhengen som ein del av si merkevarebygging og for å motarbeida nedgang i røyking og annan tobakksbruk.
Det etisk problematiske ved forsking finansiert av tobakksindustrien vart tidleg debattert. Den aukande kritikken førde til at «International Society for the Prevention of Tobacco Induced Diseases» (ISPTID) i 2004 gjekk ut med fylgjande fråsegn:
«ISPTID will take all possible steps to distance itself from tobacco sponsorship in any form. It is a clearly stated rule of the Society that all conflicts of interest must be declared and tobacco funded projects will not be accepted for presentation or publication in any form.”
Den kjende gruppa av Open access-tidsskrift Plos Medicine, Plos Biology og Plos One vedtok også for nokre år sidan ein politikk som gjer at dei ikkje vil publisera artiklar som blir støtta av tobakksindustrien. Redaktørane for Plos Medicine skriv:
«While we continue to be interested in analyses of ways of reducing tobacco use, we will no longer be considering papers where support, in whole or in part, for the study or the researchers comes from a tobacco company. ….Publication is part of tobacco company marketing, and we believe it would be irresponsible to act as part of the machinery that enhances the reputation of an industry producing health-harming products”.
Det er klart at fossile brennstoff, i motsetning til tobakk, har vore og er til stor nytte både for fattige og rike. Problemet er at vi no veit at bruken av fossilt brennstoff fører til klimaendringar som vil få atskilleg meir alvorlege fylgjer for liv og helse enn tobakksrøyking dersom vi ikkje greier å redusera produksjon og bruk kraftig dei komande åra. For å ha rimeleg sjanse til å nå togradersmålet må utsleppa reduserast med minst 5 prosent årleg frå no av.
Det kjende tidsskriftet The Lancet omtala i 2009 klimaendringane som den største trusselen mot global helse i vårt hundreår. Dei samla utsleppa frå bruk av fossile brennstoff er alt no til skade for liv og helse, og me veit at skadane vil bli svært mykje verre i åra som kjem. Skadane vil først og kraftigast råka fattige folkegrupper. Argumentet om at Noreg må auka sin produksjon av omsyn til verdas fattige, er difor på ingen måte haldbart. Det meste av oljeverksemda i dag går til auka rikdom og forbruk for den del av jordas befolkning som treng det minst.
På tilsvarande måte som tobakksindustrien i fleire tiår har arbeidd for at produksjon og bruk av tobakk ikkje må gå ned, er Statoil og andre oljeselskap i dag aktørar i ein marknad for å hindra at produksjon og bruk av fossile brennstoff blir redusert. Difor må ein rekna med at fossilindustrien vil vera interessert primært i å støtta forsking for auka utvinning, forsking som vil kunna visa at global oppvarming ikkje er så alvorleg og forsking på andre løysingar enn reduksjon i oljeproduksjonen for å hindra ei klimakrise. Det kan nemnast at den konservative tenkesmia «The Heartland Institute» i USA, som har hatt finansiering både frå tobakksindustrien og frå oljeselskap, no mellom anna støttar internasjonale konferansar der i fyrste rekkje kjende klimaskeptikarar blir invitert som foredragshaldarar.
Oljeindustrien er dessutan truleg oppteken av å støtta forsking som del av si merkevarebygging. Slik kan Statoil og andre kjøpa seg tillit og større aksept for helseskadeleg verksemd, som til dømes for oljesandutvinninga i Canada. George Monbiot, forfattar og journalist og kjend britisk kommentator, omtala dette nyleg på fylgjande måte i The Guardian: “…universities help provide fossil fuel corporations not only with expertise but also with a “social licence to operate”. Climate change is one of the great moral issues of our age, but the scholars in the strongest position to challenge the industry responsible are, instead, lending it … their moral prestige”.
Protestane mot oljeindustrien si støtte til energiforsking har enno ikkje nådd same nivå som protestane mot tobakksindustrien si støtte til medisinsk forsking. Men protestane er aukande. I samband med opning av eit samarbeid mellom Universitetet i Oxford og Shell i mai i år, mellom anna gjennom eit «Shell Geoscience Laboratory», har det kome sterke protestar frå tilsette og studentar. I eit ope brev publisert i the Guardian skriv dei mellom anna:
“As Oxford alumni, staff and students, we are united in our opposition to this new partnership and the growing trend of oil companies funding, and thus influencing, the research agenda of our universities. Shell is a particularly inappropriate choice of funder for an Earth sciences laboratory. Shell’s core business activities and political lobbying are pushing us towards a future with a global temperature increase well in excess of 2C. Oxford’s own climate scientists are warning us that we need to leave the majority of known fossil fuels in the ground, and yet this new partnership will undertake research that will help Shell to find and extract even more hydrocarbons.”
Noko tilsvarande kan kanskje seiast om Statoil si finansiering av petroleumforsking ved Universitetet i Bergen. George Monbiot kommenterte tidlegare i år parallellen med tobakksindustrien si støtte til helseforsking slik:
“In 1998, the vice-chancellors of the UK’s universities decided that they would no longer take money for cancer research from tobacco firms. Over the past few days I have asked the Shell professor of earth sciences at Oxford, the university itself and the umbrella body Universities UK to explain the ethical difference between taking tobacco money for cancer research and taking fossil fuel money for energy research. None of these great heads, despite my repeated attempts to engage them, were prepared even to attempt an answer”.
Det er underleg at dette samarbeidet mellom Statoil og norske forskingsinstitusjonar som har pågått i mange år, ikkje har ført til meir diskusjon eller større protestar. Det er fortenestefullt at nokon vågar å reisa denne diskusjonen, slik det no er gjort av Peter Haugan gjennom «På Høyden» og i seminaret 13. september.
Diskusjonen om etikken i energi- og petroleumforskinga, spesielt omkring forsking finansiert av oljeselskap, bør halda fram. Her bør både klimaforskarar, geologar, fysikarar, andre forskargrupper og studentar delta. Også moralfilosofar og etikarar bør koma sterkare på banen i denne saka. Eit spørsmål i diskusjonen er om tidsskrift for naturvitskapeleg forsking burde bli meir kritiske til resultat frå energiforsking støtta av oljeindustrien og i større grad stilla spørsmål om formålet med forskinga og «conflict of interest» før publisering, slik redaktørar for medisinske tidsskrift gjorde i perioden før konklusjonen vart at all publisering av helseforsking støtta av tobakksindustrien skulle avvisast.