Viktig milepæl for CCS nådd – no byrjar den verkelege jobben
Verdas første kommersielle transport- og lagringsteneste for CO₂ har opna i Øygarden. Northern Lights er resultatet av brei politisk støtte gjennom mange år.
Torsdag markerte partnarane i Northern Lights-prosjektet, inkludert energiminister Terje Aasland og Equinor-sjef Anders Opedal, at CCS-anlegget i Øygarden utanfor Bergen no er ferdigstilt og klart til å ta imot CO₂.
#Klimavalg – et nyhetsbrev om norsk klima- og energipolitikk
I nyhetsbrevet #Klimavalg kommenterer Energi og Klima-redaktør Anders Bjartnes og medarbeidere tilknyttet redaksjonen klima- og energispørsmål som er viktige i norsk politikk. Energi og Klima er Norsk klimastiftelses nettavis.
Forretningsmodellen til Northern Lights er å frakte CO₂ i flytande form med spesialbygde skip frå kundar i Europa til kaien i Øygarden, før han vert sendt i røyr til eit reservoar i Nordsjøen for permanent lagring. Etter planen skal Heidelbergs sementproduksjon i Brevik levere den første skipslasten med CO₂ våren 2025.
Ambisjonen om å fange og lagre CO₂ har vore eit fast talepunkt til alle norske regjeringar på 2000-talet. I starten var det ingen grenser for kvar ein meinte CCS kunne brukast, og euforien nådde ein slags topp med Jens Stoltenberg si «månelanding» i 2006. Stoltenberg lova fangst og lagring av CO₂-utsleppa frå oljeraffineriet på Mongstad, men hadde ikkje gjort godt nok grunnarbeid for å sikre at løftet var teknisk og økonomisk mogleg å gjennomføre. Det var det ikkje. Atten år seinare er Mongstad framleis Noregs største utsleppspunkt.
For dei fleste utslepp finst det rimelegare klimaløysingar enn det å gå den tunge vegen via fangst, transport og lagring av CO₂ under bakken. CCS er først og fremst ei løysing for industriverksemder som ikkje kan elektrifisere produksjonen (slik som sement) og for avfallsforbrenning.
Realiseringa av Northern Lights er eit resultat av ein langsiktig og breitt forankra politikk. Terje Aasland (Ap) fekk æra av å opna anlegget, mens Tina Bru (H) var energiminister då staten tok si investeringsavgjersle tilbake i 2020. Og før det: årevis med undersøkingar og utgreiingar som politikarar frå ulike parti var med på å støtte opp om.
Historia er også ei påminning om kor krevjande – og kostbart – det er å bygge opp nye verdikjeder, som det grøne skiftet er heilt avhengig av. Staten har så langt betalt 80 prosent av kostnadene til Northern Lights.
Selskapa må ta ansvar for neste fase
Northern Lights har i dag kapasitet til å lagre 1,5 millionar tonn CO₂ per år – 0,004 prosent av dei globale CO₂-utsleppa. Dersom partnarane går vidare med fase to av prosjektet, vil kapasiteten aukast til 5 millionar tonn per år. Dette vil krevje nye investeringar, men ikkje på langt nær så store som i første fase. Røyret som fraktar CO₂ ut til sokkelen, er allereie dimensjonert for 5 millionar tonn per år.
Men skal CCS bli ei reell klimaløysing, er heller ikkje 5 millionar tonn CO₂ noko å snakke om. Då bør Noreg kome relativt raskt opp i tigongen i lagringskapasitet. Det betyr fleire lagringsprosjekt.
Vidare vekst må derimot skje på forretningsmessige vilkår, ikkje ved hjelp av statlege subsidiar. Her har partnarane i Northern Lights – Equinor, Shell og TotalEnergies – eit særleg ansvar.
Kan få hjelp av EUs klimapolitikk
Prising av CO₂ har vore en føresetnad for karbonfangst heilt sidan starten. Når utsleppskostnadane går opp, vil lønsemda i CCS følgje etter.
Ifølge Clairy Curry, Global Head of Technology, Industry & Innovation i BloombergNEF, er det grunn til å tru at interessa for CCS i Europa vil vekse i takt med aukande kvoteprisar. I deira analyse vil produsentar av sement og stål måtte betale høvesvis 140 og 130 euro per tonn CO₂ i 2035.
Kombinert med kundar som er opptekne av å gjere eigne verdikjeder grønare, slik bilindustrien er eit døme på, kan forretningsmodellen for CCS i industrien sjå relativt lovande ut utover 2030-talet.