Grøn omstilling: Vi bør lære av vår industrihistorie

På 80-talet var Noreg tidleg ute med miljøreguleringar, og vi fekk ei teknologiutvikling som styrka konkurransekrafta i tillegg til å redusere belastninga på miljøet, skriv artikkelforfattaren. Bilde frå Hydro sitt anlegg for produksjon av ren aluminium i Vennesla.
Heile 80 prosent av norske bedrifter trur ikkje at dei kan gjere
forretning på berekraft. Det viser ei undersøking
som Nordea gjennomførte nyleg. Dette er skuffande tal – ikkje
berre for klima og miljø, men for framtida til norsk industri og
næringsliv. Vi står i fare for å komme bakpå i den omfattande
omstillinga vi står overfor når oljealderen går mot slutten.
Skal vi komme styrka
gjennom denne dramatiske omstillinga, så må vi ligge i forkant med
teknologiutvikling og posisjonering i nye marknader. Det har vår
nære industrihistorie lært oss.
Miljøkrav med på å
redde norsk industri
Satt litt på
spissen så kan vi seie at miljøkrava på 1980-talet var med på å
redde norsk industri, ikkje minst prosessindustrien. Noreg var tidleg
ute med miljøreguleringar, og vi fekk ei teknologiutvikling som
styrka konkurransekrafta i tillegg til å redusere belastninga på
miljøet.
No er det brei semje
om at vi står overfor ei større omstilling for norsk industri.
Spørsmål er om vi også denne gangen klarer å vere tidleg ute og
ta ein leiande posisjon som sikrar konkurranseevna.
Då miljøkrava kom
på 70- og 80-talet, møtte dei sterk motstand. Mange politikarar,
bedriftsleiarar og tillitsvalde åtvara mot krava som dei meinte
kunne rasere mange arbeidsplassar. Det var uheldig å ligge i front
med strenge miljøkrav, blei det hevda. Konsekvensen ville bli auka
kostnader, industridød og utflagging.
Men miljøkrava kom
– gradvis og i kombinasjon med støtteordningar. Industrien tok
utfordringa, og det utløyste ei storstilt teknologiutvikling og eit
omfattande kvalitetsarbeid.
Teknologiløft
styrka konkurransekrafta
I prosessindustrien
som var min arbeidsplass på den tida, fekk vi eit teknologiløft som
styrka konkurransekrafta i tillegg til å løyse miljøutfordringane.
Den offensive teknologisatsinga førte til redusert energiforbruk og
betre produktkvalitet.
Som ein kollega av
meg sa: Då vi leita etter årsakene til skadelege utslepp, så fant
vi ofte mange andre manglar i prosessen. Utan dei offensive
miljøkrava og ei satsing som låg i forkant av andre industriland,
så hadde vi knapt hatt ein konkurransedyktig prosessindustri i Noreg
i dag.
Kan misse det grøne
industritoget
Dette er erfaringar
som vi må ta med oss inn i diskusjonen om den krevjande omstillinga
vi no står overfor. Korleis skal vi møte reduksjonen i
oljeaktiviteten på ein slik måte at vi kjem styrka ut som
industrinasjon? Noko mindre ambisjon kan vi ikkje ha i ein situasjon
der industrien sin del av sysselsettinga her i landet er under 10
prosent for første gang på over 100 år.
Feiler vi her, så
kan vi misse det grøne industritoget og ende opp utan ein
konkurransedyktig industri.
Det er ulike syn på
når vi bør trappe ned og stanse norsk oljeaktivitet av omsyn til
klimaet. Effekten av tiltak på tilbodssida er omstridt. Men
uavhengig av klimaargumentet så vil industrien tene på å fronte
den internasjonale omstillinga som alle veit vil komme. Vi bør ha
lært av vår nære industrihistorie at det er dårleg
industripolitikk å vente for lenge. Som på 80-talet må vi sikre
oss at vi er tidleg ute og får eit teknologisk forsparang og ein god
posisjon i dei nye marknadene.
Viktig signal frå
fagrørsla
Nyleg deltok eg på
LO sin regionskonferanse i Agder. Der opplevde eg at ein sentral
tillitsvald i LO løfta fram dei same argumenta. Are Tomasgard som er
LO-sekretær og skal sitte i Arbeidarpartiet sin programkomite, heldt
eit inspirerande innlegg om at vi må sjå dei nye trendane i
teknologi og marknad før det er for seint. Det tar eg som eit
positivt og viktig signal om at vi kan få ein diskusjon der
fagrørsla arbeider aktivt for omstilling mens det enno er tid til å
posisjonere seg i dei nye marknadene og sikre framtida for
industrien.
Den gryande
forståinga av at norsk industri vil tene på å ligge i front i den
grøne omstillinga, kan skape ny dynamikk. Når desse tankane no også
blir framført med entusiasme frå sentralt hald i LO, så er det von
om at vi kan gå frå ord til handling. Det legger grunnlaget for at
grøn omstilling kan bli ein sentral berebjelke i ei ny raudgrøn
regjering – ein berebjelke som er er løfta fram både av fagrørsla
og miljørørsla.
Som miljøkampen på
80-talet kan det grøne skiftet i dag bli eit sårt tiltrengt løft
for norsk industri.

