Klimaspinn frå Statoil

Statoil er for skikkelige til å opponere offentleg mot etablert klimavitskap og politiske klimamål. Men selskapets aggressive forsøk på å grønvaske norsk olje og gass er eit hån mot det kunnskapsbaserte ordskiftet.

Eldar Sætre har gjort mye bra i Statoil, men selskapet har fortsatt en lang vei å gå. Bildet viser Sætre holde tale på årskonferansen til Norsk olje og gass 2015. Foto:Norsk olje og gasscba

To ferske døme:

4. januar arrangerte fylkesordføraren i Hordaland sitt årlege nyttårsmøte, i år med «Vestlandet i endring» som tema. Blant innleiarane var Margareth Øvrum, konserndirektør i Statoil. Bodskapen hennar var at vi i omstillingas tid for all del ikkje må rikke petroleumspolitikken. Statoil må få tilgang til nye leiteareal, Lofoten inkludert. Ho argumenterte med at dette var god klimapolitikk. Statoil-direktøren gjentok fleire gongar at Paris-avtalens mål var avhengig av at verda forbruker meir norsk olje og gass.

5. januar var det NHOs årskonferanse – også den om omstilling. Som oppspel til konferansen rykka Statoil-sjef Eldar Sætre ut og sa at Noreg har ansvar for å produsere alt vi kan av gass og olje. Ikkje av omsyn til økonomi og arbeidsplassar, men av omsyn til klimaet. «Det grønne skiftet må skje med olje- og gassindustrien og innenfor olje- og gassindustrien», er han sitert på av NRK. Utspelet fekk støtte av NHO-sjef Kristin Skogen Lund.

Det mest alvorlige med Statoils klimakommunikasjon er at dei bevisst underkommuniserer klimaproblemets alvor. Sanninga er at dersom målet om å halde temperaturstiginga «godt under to gradar celsius» skal nås, må vi få til store og raske utsleppskutt. 50 prosent kutt innan 2030 må til, ifølgje professor Eystein Jansen ved UIB/Bjerknessenteret. Då er det ikkje nok å flikke på det fossile energisystemet, slik Statoil ønsker ved å tilby verda «clean oil». 97 prosent av klimagassutsleppa frå olje er knytt til sluttbruken. Det som betyr noko i klimasamanheng er om bilen eller båten går på fossilt drivstoff eller ikkje, ikkje om olja blei pumpa opp frå ein miljøsertifisert rigg i Nordsjøen.

I tillegg stemmer det ikkje at norsk olje- og gassproduksjon er så mykje reinare enn andre lands produksjon. Påstanden har mellom anna blitt tilbakevist av økonomiprofessor Knut Einar Rosendal ved NMBU. Han har analysert utsleppa frå norsk sokkel og har kome fram til at det er svært stor skilnad frå felt til felt. Nokon felt har svært låge utslepp, andre svært høge. Slik er det også i andre land.

Om det så hadde vore slik at norsk olje og gass var mykje «reinare» enn annan olje og gass, hadde det ikkje spelt nokon rolle. Det finst ikkje eit system i dag som skil olje eller gass etter produksjonsmetode, slik Statoils logikk fordrar. Men det som er heilt sikkert er at dersom ein hadde fått eit slik system på plass, så ville «alle» produsentar forsøkt å gjere produksjonen meir effektiv og reinare. Konkurransefortrinnet ville forsvunne.

Statoil lever i ein bransje som har dei beste åra bak seg. Det finst ingen enkle svar på korleis dei skal operere i det fossile, kva nye områdar dei skal satse på eller kor raskt dei bør rykke fram på nye forretningsområdar. Men i staden for å presentere kompleksiteten og usikkerheita, vel Statoil å forenkle og villeie. Dei har valt ein kommunikasjonsstrategi som går ut på å få offentlegheita – altså eigarane – til å tru at norsk olje- og gassindustri kan på heilt upåverka av internasjonale klimamål.

Omstilling er krevjande og Statoil har ingen enkel jobb. Men svaret på utfordringane er ikkje å spinne i hop ei klimaforteljing som kanskje passar ein sjølv, men som ikkje har rot i verkelegheita.

Bli abonnent!

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima