Nyleg kom dei offisielle tala frå dei store vêrsentra i England, Japan og USA som alle stadfesta det vi har visst i lang tid – fjoråret blei det suverent varmaste året som er målt på jorda, og markerte slutten på alle spekulasjonar om den globale oppvarminga var stoppa opp.
Det herskar ikkje lengre rom for tvil. Våre utslepp av drivhusgassar til atmosfæren fører til rask oppvarming, og vi ser stadig tydelegare konsekvensar i form av flom, tørke, hetebølgjer, havstigning og utfordringar knytt til tilgang på vatn og mat. I tillegg lærer vi stadig meir om samspelet mellom menneskeskapte og naturlege klimavariasjonar, som enkelte år vil svekke, og andre år vil forsterke, den globale oppvarminga.
I det første tiåret etter tusenårsskiftet førte uvanleg sterke passatvindar i Stillehavet til ei avkjøling som delvis heldt den globale oppvarminga i sjakk, men i 2014 endra situasjonen seg. Då begynte modellane å varsle om svake vindar og varmare overflatevatn i Stillehavet. Dette slo berre delvis til, men den sterke avkjølingseffekten forsvann og med atterhald om statistisk uvisse vart året det varmaste som hadde vore målt så langt.
Animasjon av professor Helge Drange, UiB/Bjerknes Centre for Climate Research, 2016. Animasjonen viser treårlig midlet overflatetemperatur relativt til 1951-1980, som er hva GISS bruker som standard middelperiode. Endeårene 1880 og 2015 er ikke midlet.
I 2015 var det derimot ingen tvil. Allereie dei fyrste månadane tangerte målingane tidlegare varmerekordar, samstundes som at modellane varsla oppbygginga av ein kraftig El Niño. Dette er kjenneteikna av usedvanleg svake passatvindar og veldig varmt overflatevatn i den tropiske Stillehavet, altså det motsette av situasjonen som hadde prega åra etter tusenårsskiftet.
Frå mai og utetter gjekk det berre ein veg. Temperaturane steig og steig, og mot slutten av året vart dei gamle månadsrekordane knust med nesten ein tredjedels grad. Akkurat det var det ikkje så mange som hadde sett for seg i byrjinga av året. På grunn av meir drivhusgassar i atmosfæren er temperaturen blitt langt høgare enn sist det var ein El Niño av omlag same storleik, og berekningar syner at 2015 ville satt ny varmerekord sjølv utan El Niño mot slutten av året.






