Vil erstatte russisk gass med grønt hydrogen frå Australia

Jakta på erstatningar for russisk gass er i full gang: Tyske E.On planlegg storstilt import av grønt hydrogen frå Australia, mens danske Ørsted vil doble havvindkapasiteten til energiøy i Nordsjøen.

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. I dag har eg plukka ut desse.

Tysk-australsk hydrogenavtale

Tyske E.ON og australske Fortescue har blitt samde om ein historisk intensjonsavtale om årleg frakt av opp til fem millionar tonn grønt hydrogen frå Australia til Europa. Fortescue skal produsere og frakte hydrogenet, mens E.ON skal distribuere det til kundar i Tyskland og Nederland.

Avtalen har enorme dimensjonar:

  • Fem millionar tonn hydrogen er nok til å erstatte ein tredel av tysk gassimport frå Russland.
  • For å produsere så mykje grønt hydrogen som det avtalen legg opp til, trengs omtrent like mykje fornybar straum som det eit land av Storbritannias storleik brukar på eit år.

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Det er mange uavklarte spørsmål, som kor store investeringar som trengs, og kor i Australia alle dei nye sol- og vindkraftverka skal etablerast. Det er også berre ein intensjonsavtale.

Men det er store og seriøse aktørar som står bak, det er grunn til å tru at ønsket om å få dette til er reelt: Fortescue har gjennom dotterselskapet Fortescue Future Industries allereie ein ambisjonen om å produsere 15 millionar tonn grønt hydrogen innan 2030. Det første produksjonsanlegget er under bygging og vil vere klart for å levere hydrogen alt i 2024, skriv Bloomberg.

Det store bilete: Putins angrepskrig mot Ukraina har fått Europa til å sette energitryggleik øvst på dagsorden. No handlar alt om å finne erstatningar for russisk gass. At Tysklands økonomi- og klimaminister Robert Habeck er sitert i pressemeldinga til E.ON og Fortescue, viser kor viktig tilgang på hydrogen har blitt for tyske myndigheiter. For ei veke sidan annonserte den same Habeck eit akselerert og utvida hydrogensamarbeid med Dei sameinte arabiske emirata.

Vil doble storleiken på energiøy i Nordsjøen

Konkurransen om å få bygge ut Danmarks planlagde energiøy i Nordsjøen spissar seg til. Denne veka gjekk energigiganten Ørsted og pensjonsselskapet ATP ut med eit forslag om å doble havvindkapasiteten til den planlagde energiøya – frå 10 til 20 GW. Det vil kunne forsyne 20 millionar husstandar i Europa med fornybar straum, skriv Finans.dk. Grunngjevinga er krigen i Ukraina, og det akutte behovet Europa har for å gjere seg uavhengig av russisk gass. Rasmus Errboe, Ørsteds regiondirektør for Kontinental-Europa, formulerer det slik:

«Danmark har ca. tre gange så meget areal, der er egnet til havvind, som Tyskland. Og Tyskland har ca. 15 gange så stor efterspørgsel på grøn strøm som Danmark. Danmark har med andre ord mulighed for at blive storeksportør af grønne elektroner, som kan blive rygraden i Nordeuropas grønne omstilling».

Konkurrenten til Ørsted/ATP, konsortiet VindØ, trur ei større energiøy kan forsinke heile prosjektet. Dei meiner det er viktigare å vinne aksept for bygging av fleire energiøyer enn dei to som er under planlegging (Bornholm og Nordsjøen). Vinnar av anbodskonkurransen om å bygge energiøya i Nordsjøen blir offentleggjort i starten av 2023.

Førebur seg på gasskrise

Gasskonflikten mellom Russland og Vesten, der Putin trugar med å stanse eksporten dersom han ikkje får betalt i russiske rublar, fekk onsdag tyske myndigheiter til å slå alarm. Økonomi- og klimaminister Robert Habeck rykka ut med ei oppmoding til folk og bedrifter i om å redusere forbruket av gass. «Kvar kilowattime tel», uttalte Habeck. Ein krisestab vil framover følgje utviklinga nøye. Eit eventuelt neste trinn i Tysklands nasjonale gasskriseplan vil vere rasjonering. Skulle ein kome til det punktet, vil det kunne få store konsekvensar for tysk økonomi, meldar Deutsche Welle. Tysklands mål er å gjere seg uavhengig av russisk gass, noko dei tidlegare har sagt vil vere mogleg frå midten av 2024.

Les også: Why Putin wants Europeans to pay for gas supplies in roubles?

Sol- og vindrekord i 2021 hindra ikkje utsleppsvekst

Tankesmia Ember har gitt ut ein ny statusrapport om verdas elektrisitetsproduksjon, omtalt av store, internasjonale redaksjonar som BBC og Bloomberg.

La oss starte med det positive: I 2021 blei det produsert 23 prosent meir solenergi og 14 prosent meir vindkraft enn i 2020. For første gong utgjorde vind og sol til saman over 10 prosent av den globale straumproduksjonen. Dette er rekord! Samla fornybarandel i straummiksen i fjor var på 38 prosent. Sol og vind er i rute til å nå klimamåla, er Reuters si vinkling.

Dessverre var ikkje fornybarveksten stor nok til å unngå at kraftsektorens samla CO₂-utslepp spratt opp heile 7 prosent i 2021. Dei viktigaste forklaringa er desse:   

  • Vekst i straumforbruk: Det blei i 2021 brukt 1414 TWh meir straum enn i koronaåret 2020. Det er som å legge eit nytt India til det globale straumforbruket, ifølgje Ember.
  • Meir kolkraft: Det blei i 2021 produsert 9 prosent meir kolkraft enn i 2020. Særleg sterk var veksten i Asia med Kina og India i spissen. Gassforbruket gjekk til samanlikning berre opp 1 prosent.

Maersk med storbestilling av elektriske lastebilar

Danske Maersk har vi vore innom fleire gongar før i Fem på fredag, men som regel har det då handla om maritime aktivitetar. I dag skal vi derimot halde oss på land: Dei siste to vekene har det danske container- og logistikkonsernet gått til storinnkjøp av elektriske lastebilar til bruk i Nord-Amerika. I førre veke kunne vi lese at Maersk hadde bestilt 300 el-lastebilar frå svenske Einride. Levering i perioden 2023–25. Denne veka annonserte Volvo at Maersk også har gått til bestilling av 110 elektriske lastebilar av typen Volvo VNR Electric. Rekkevidda skal vere 440 kilometer. Levering i 2023.

Tidlegare i år offentleggjorde Maersk eit vegkart mot netto null i 2040.