Danmark inviterer Noreg til å setje sluttdato

Når verdas statsleiarar dregt til klimatoppmøte i Glasgow i november, vil Danmarks statsminister Mette Frederiksen invitere land som Norge til å sette sluttdato for eigen oljeproduksjon. Foto: RITZAU SCANPIX/REUTERS/NTB
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
Olje og gass blir tema i Glasgow
Under klimatoppmøtet i Glasgow i november vil Danmark og Costa Rica lansere ein allianse for stans i olje- og gassproduksjon – the Beyond Oil and Gas Alliance (BOGA).
Det er ikkje første gang BOGA har blitt nemnt for offentlegheita, men saka som Reuters publiserte onsdag denne veka gir den mest utfyllande presentasjonen av initiativet til no. Land som New Zealand, Portugal og Spania har alle medlemskap til vurdering og vil truleg slutte seg til det nye initiativet. Noreg blir også nemnt i artikkelen som eit potensielt land som initiativet vil rette seg mot. Utkastet til statuttar, som Reuters har fått innsyn i, viser at fullt medlemskap krev to klare forpliktingar:
Sjølv har Danmark satt 2050 som sluttdato for eigen produksjon.
Initiativtakarane vurderer også å opne opp for eit B-medlemskap for dei som ikkje vil setje sluttdato, men «berre» er villig til å gjere noko med den offentlege finansieringa av olje og gass.
Formålet med BOGA skal vere å setje ein ny standard for klimaleiarskap, ifølgje initiativtakarane. Klimaminister Dan Jørgensen frå Danmark seier til Reuters at det er eit paradoks at mange land set mål om karbonnøytralitet, men likevel planlegg å produsere olje og gass lenge etter at målet skal vere nådd.
Sjølv om det ikkje kostar veldig mykje for små oljeland som Danmark og Costa Rica å setje ein sluttdato, vil initiativet tvinge fram ei ny sak på agendaen i det internasjonale klimaarbeidet. Det blir ikkje lett for siviliserte oljeproduserande land – som Noreg og Storbritannia – å blankt avvise det dansk-leia initiativet. Sistnemnte er til og med vert for haustens viktige klimatoppmøte.
Mærsk opnar for bruk av grøn metanol
Danske Mærsk har bestilt åtte nye containerskip som alle skal kunne gå på grøn metanol – i tillegg til tradisjonelt fossilt drivstoff. Skipa skal byggast i Sør-Korea og vere på sjøen i 2024. Ekstrakostnaden ved å klargjere skipa for metanol er 10-15 prosent.
Frå før er det kjent at Mærsk har bestilt eit nytt feeder-skip (eit mindre containerskip som går i fast rute) som skal gå på grøn metanol i 2023. Mærsk inngjekk også nyleg partnarskap med danske om leveranse av grøn metanol til dette skipet.


