Sverige har femdobla elbilsalet på 12 månader

I januar stod elbilar for over 25 prosent av alle nyregistrerte personbilar i Sverige. I same månad i fjor var andelen rett over 5 prosent. Les meir i E&Ks oppdaterte elbilstatistikk for januar 2022.

2021 markerte eit taktskifte for elbilsalet i Sverige. Den viktigaste forklaringa var at myndigheitene frå 1. april auka den økonomiske støtta til elbilkjøparar med 10 000 kroner. Støtta til ladbare hybridar blei redusert tilsvarande.

Politikk verkar: Mens elbilandelen i Sveriga vaka mellom 5 og 6 prosent i dei første tre månadene av 2021, har marknadsandelen frå og med april i fjor – med berre to unnatak – lege over 20 prosent. I januar 2022 enda han på 25,9 prosent. Dette er, som oversikten under viser, framleis langt unna “norske tilstander”, men det er nok til å sikre Sverige andreplassen i det europeiske elbilracet.

Om ein rangerer elbilsalet etter volum, er det andre land som hamnar på toppen. Grafane under viser antal selde personbilar fordelt på drivstoff/energitype. Bensin og diesel inkluderer ikkje-ladbare hybridbilar. Bilar med andre drivstofftypar er ikkje dekka i denne statistikken.

Norden

Noreg tronar øvst på elbiltoppen i Europa. Andelen elbilar av samla norsk nybilsal passerte 1 prosent i 2011, 10 prosent i 2014, 20 prosent i 2017, 30 prosent i 2018, 40 prosent i 2019, 50 prosent i 2020 og 60 prosent i 2021. Tilsvarande har andelen bilar med forbrenningsmotor falle år for år. I 2010 gjekk nesten 100 prosent av alle nyregisterte bilar på bensin eller diesel – i 2021 var andelen redusert til 14 prosent.

Den viktigaste drivaren for sal av elbilar i Noreg er reduserte avgifter ved kjøp. Elbilar har også fritak eller reduserte satsar ved passering av bomstasjonar og ved parkering.

I våre nordiske naboland har elbilsalet først teke seg opp dei siste åra.

Sverige sel klart flest personbilar i Norden med 300 000 nyregistrerte køyretøy i 2021.

Europa

I 2020 vart det seld over 500 000 nyregistrerte elbilar i EU. I 2021 gjekk elbilsalet ytterlegare opp. Berre i Tyskland blei det i 2021 selt over 350 000 elbilar – om lag 160 000 fleire enn året før.

Nedanfor har vi også inkludert statistikk for Italia og Spania – to andre land som sel mange personbilar i laupet av eit år, men der elektrifiseringa ikkje har kome like langt som i Nord-Europa.

Det er ikkje berre i dei norske landa at politikk hjelper elbilsalet. Nye og betre fordelar ved kjøp av nullutsleppsbilar frå sommaren 2020 forklarar veksten vi har sett i Tyskland.