Hurdalsplattforma: Klart mål – uklar gjennomføring
Hurdalsplattforma skjerpar Noregs klimamål for 2030, men varslar ingen nye tiltak som kuttar norske utslepp. Staten skal bli meir aktiv i utviklinga av grøne industriar, mens oljepolitikken forblir uendra.
Ei regjeringsplattform peikar ut den overordna retninga for politikken, kvitterer ut valløfte og avklarar politisk usemje regjeringsdeltakarane imellom. Plattforma er sjølve regjeringsprosjektet – det statsrådane skal styre etter og det vi rundt skal måle dei på når perioden er over.
Nedanfor går eg gjennom det eg meiner er det viktigaste Hurdalsplattforma seier om klima- og energipolitikken.
1. Forsterka klimamål og karbonbudsjett
I Hurdalsplattforma foreslår Ap og Sp å skjerpe det norske utsleppsmålet. Innan 2030 skal Noreg kutte 55 prosent av dei samla utsleppa målt mot 1990, mens gjeldande klimamål seier 50-55 prosent.
«Innen 2030 skal 55 prosent av de norske klimagassutslippene kuttes, målt mot 1990. Denne forpliktelsen gjelder hele økonomien, inklusive kvotepliktig sektor.»
Den viktigaste endringa med det nye målet er at utsleppa i sin heilskap skal takast heime. Ap og Sp vil halde fram klimasamarbeidet med EU, men det nasjonale 2030-målet skal ikkje ta omsyn til at nokon utslepp høyrer til kvotepliktig sektor, mens andre ikkje gjer det. Skog er heller ikkje rekna inn. Som konsekvens vil vi fram mot 2030 vite nøyaktig kor mange tonn CO₂e vi faktisk må kutte for å nå målet. Slik er det ikkje i dag. På Twitter presiserer klima- og miljøminister Espen Barth Eide at det er slik det nye målet skal bli forstått.
Hurdalsplattforma lovar også sektorvise klimamål mot 2030.
Eit punkt som kan bli svært viktig om det blir følgt skikkelig opp, er det som står om systematisk karbonbudsjettering:
«Det skal innføres et årlig forpliktende budsjett for utslipp av klimagasser som del av det ordinære statsbudsjettet. Norges gjenværende karbonbudsjett skal legge føringer for vurderinger av politiske tiltak og satsinger. Utvikling av og rapportering etter klimautslippsbudsjettet skal gjennomføres samtidig med prosessen for statsbudsjettet.»
2. Få nye klimatiltak
Ein burde kunne forvente at eit forsterka klimamål blei følgd opp med ny, konkret klimapolitikk. Det gjer dei ikkje. Derimot lovar dei å «raskt utarbeide en ny klimaplan for hele økonomien, som kutter utslipp i tråd med Norges klimamål, for både kvotepliktig og ikke-kvotepliktig sektor».
Det mest konkrete tiltaket er lovnaden om å støtte Solberg-regjeringas forslag om gradvis opptrapping av CO₂-avgifta til 2000 kroner fram mot 2030.
Eller gjer dei det? Vi veit at enkeltord og -formuleringar er viktige i ei regjeringsplattform – dei er valt av ein grunn. I Hurdalsplattforma står det at CO₂-avgifta gradvis skal aukast til om lag 2000 kroner. Det kan vere tilfeldig, men det kan også bety at det ikkje er så nøye om avgifta vert auka til 1700 eller 2000 kroner. Kombinert med formuleringar om at det skal «utarbeides kompensasjonsordninger eller avgiftsreduksjoner for særskilt berørte grupper og næringer», og at klimaavgifter skal «differensieres geografisk der det er mulig og hensiktsmessig», gjer at det ikkje godt å vite korleis denne politikken vil slå ut i praksis.
Ei tilnærming som går igjen både i klimapolitikken og i industripolitikken er «partnerskap med næringslivet». Her blir det spanande å sjå kva det endar med.
For landbruket vil regjeringa etablere Bionova – ein ny finansieringsmekanisme til støtte for klimatiltak i landbruket. Mens for næringstransporten vil dei vurdere å etablere eit CO₂-fond.
På lista over nye planer finn ein også «en ny og forbedret handlingsplan for sirkulærøkonomi med konkrete og målrettede tiltak for å redusere avfall – og for å sikre økt gjenvinningsindustri og handel basert på resirkulerte ressurser i Norge.».
3. Moms på dyre elbilar og meir biodrivstoff
Som venta varslar regjeringa at dei vil fjerne momsfritaket for elbilar som kostar meir enn 600 000 kronar. I eit klimaperspektiv er derfor formuleringa om at regjeringa skal bidra til at «nullutslippskøyretøy opprettholder sin konkurransefordel mot bensin- og dieselkjøretøy» viktig. Det må jo bety at prisen for tilsvarande fossile bilar skal aukast tilsvarande?
Fram til no har det vore eit tverrpolitisk mål at nybilsalet i 2025 skal vere 100% utsleppsfritt. Fleire har peika på at ein i Hurdalsplattforma nyttar omgrepet «fossilfrie personbilar» – ikkje utsleppsfrie. Er dette tilfeldig – eller betyr det at regjeringa justerer ned ambisjonen ved å inkludere bilar som går på biodrivstoff?
Det som kan tale for det siste er at Ap og Sp er veldig tydeleg på at dei vil ha meir biodrivstoff. I plattforma heiter det at dei vil «stimulere til økt bruk av biodrivstoff og skjerpe kravene til innblanding av andregenerasjons biodrivstoff for alle relevante transportformer, blant annet gjennom lavere avgifter.»
Til denne politikken kan det vere behov for eit aldri så lite varsko: Å auke etterspurnaden utover dagens nivå kan sikkert slå positivt ut i den norske klimarekneskapen, men det globale fotavtrykket er tvilsamt. Vi importerer allereie det meste av biodrivstoffet som blir brukt i Noreg. Ytterlegare vekst vil i fort føre til gjensyn med palmeolje på norske bensintankar.
4. Oljefondet som klimaverktøy
Støre-regjeringa vil gjere oljefondet «til det ledende pensjonsfondet i verden innen ansvarlig forvaltning, og håndtering av klima- og naturrisiko.». Innanfor gjeldane risikoprofil går dei inn for at oljefondet skal legge til grunn eit langsiktig mål om nullutslepp frå selskap ein har investert i. Dei vil også opne for at fondet kan investere meir i infrastruktur for fornybar energi og klimateknologi.
Dette er god og riktig politikk. Begge forslaga må ein kunne forvente blir inkludert i den første oljefondmeldinga som finansminister Tryge Slagsvold Vedum skal legge fram til våren. Forslaget om å stille krav om nullutslepp i selskap ein investerer i var dessutan noko Sanner jobba med.
5. Grøn vekst med ein meir aktiv stat
I næringspolitikken varslar Ap og Sp ein langt meir aktiv stat. Her går dei i retning av ein «mission»-retta politikk som vi ser i mange andre europeiske land. Det er ein retning som bør stå godt til profilen til den nye næringsministeren Jan Christian Vestre.
Eit ambisiøst mål er at norsk eksport utanom olje og gass skal aukast med minst 50 prosent av samla eksport innan 2030. Regjeringa nemner ikkje korleis, eller kva som er referanseåret, men eit utval med partane i arbeidslivet skal danne grunnlag for ein ny eksportstrategi.
Også det statlege eigarskapet skal bidra til å få fart på eksporten. Mellom anna vil regjeringa bidra til at Statkraft blir «en industriell utvikler innen grønn hydrogen- og batterivirksomhet og trekker med seg norsk leverandørindustri til utlandet».
Ei innvending her kan vere at regjeringa ikkje prioriterer. Av næringane dei skal satse på nemner dei «karbonfangst, -bruk og -lagring, havvind, hydrogen, batteriteknologi, grønn skipsfart, landtransport, samt skog, treforedling og andre fornybare næringer».
CO₂-kompensasjonsordninga, som det har vore mykje debatt om i det siste fordi kostnadene vil auke kraftig dei neste åra, vil Ap og Sp «videreføre og styrke».
Dette kan fort bli dyrt.
6. Meir fornybar energi – også vind på land
Hurdalsplattforma er veldig tydeleg på at elektrifisering og etablering av ny industri vil krevje meir fornybar kraft. Nøyaktig kor mykje ny kraft som må byggast ut, vil dei be ein kommisjon om å kartlegge. Målet er overskot på kraft også i det grøne skiftet.
Plattforma varslar at regjeringa vil setje konkrete mål for auka vasskraftproduksjon, meir vindkraft på land (gitt lokal aksept), meir solenergi og storstilt satsing på havvind. Det skal også setjast mål for produksjon av hydrogen (både blått og grønt) innan 2030.
Ei viktig avklaring er at kraftsamarbeidet med Europa ligg fast. Det står til dømes ingenting om utmelding av ACER, slik Sp gjekk til val på.
Regjeringa seier nei til nye mellomlandskablar dei neste fire åra, men dette skal visstnok ikkje gjelde nye kablar i samband med utbygging av vindkraft til havs. Ein føresetnad for mange av havvind-prosjekta på norsk sokkel er nettopp tilknyting til Europa.
Regjeringa har også lytta til industrien når dei foreslår å fjerne ordninga med opprinningsgarantiar (som gir kraftprodusentar ekstra betalt for fornybar straum). Om dette er ei ordning som er beint fram å fjerne, vil vise seg.
7. Oljepolitikken ligg fast
Etter at SV trakk seg frå regjeringssamtalane i Hurdal, er det ikkje overraskande at oljepolitikken forblir uendra. Men det framstår stadig meir uansvarleg. Same dag som Hurdalsplattforma blei offentleggjort gjentok IEA at vi har funne nok olje og gass, mens EU kunngjorde at dei vil arbeide for stans i petroleumsaktivitet i Arktis.
Regjeringa lover å «legge til rette for fortsatt høyt aktivitetsnivå på norsk sokkel». Det skal framleis leitast etter olje og gass i nye område og konsesjons- og tildelingssystemet ligg fast.
Om skatteendringane som Solberg-regjeringa la fram rett før valet skriv Ap og Sp at dei legg til grunn hovudlinjene i dette forslaget.
I oljedelen av plattforma finn ein også formuleringar om at ein skal ta omsyn til klimarisiko og at klima og miljø skal vurderast meir heilskapleg ved arealtildelingar. Det er ingen grunn til å forvente at dette inneber endringar i høve til status quo.
I samband med oljekrisepakka i fjor blei næringa samd med Stortinget om at utsleppa frå produksjonen av olje og gass skal reduserast med 50 prosent innan 2030 (opp frå 40 prosent). Dette målet er heilt umogleg å nå utan storstilt elektrifisering av oljeinstallasjonane. Dette erkjenner også regjeringa, som i plattforma skriv at dei vil «sørge for videre elektrifisering av olje- og gassfelt».
Stor usikkerheit
Ein ting er kva som står i regjeringsplattforma, noko anna er det som ikkje står. For sjølv etter 86 sider er det mange uavklarte spørsmål som blir viktige for politikken framover:
- Korleis vil regjeringa faktisk prioritere når det ikkje er rom til å innfri alle løfta?
- Kva blir utfallet av alt som skal greiast ut – endar det med ny politikk eller status quo?
- Kva blir utfallet av interne politiske avklaringar som i plattforma er skyvd på?
I tillegg er Ap og Sp avhengig av å samarbeide med Stortinget for å få fleirtal. Korleis vil Hurdalsplattforma stå seg i møte med SV?
Svaret på dette siste spørsmålet får vi alt om nokre veker – når finansminister Vedum skal legge fram Ap og Sp sitt alternative statsbudsjett for 2022.