Kven skal få kraft?
Vi bør prioritere etablerte konkurransedyktige bedrifter som satsar på klimatiltak, og nye klimavennlege bedrifter som bygger på norsk industritradisjon, skriv Alf Holmelid.
For ein del år sidan var det populært å lansere krav om fleire grøne arbeidsplassar. Men kva er ein grøn arbeidsplass? Å telle grøne arbeidsplassar er ei avsporing. All industri må legge om og tilpasse seg eit nullutsleppssamfunn.
Produksjon, distribusjon og lagring av fornybar energi er sjølve grunnlaget for omstilling til eit klimavennleg samfunn. Men grøn industri er meir enn energiproduksjon. Det er også foredling av energien.
Tydelege kriterium
Elektrifisering er heilt sentralt i arbeidet for å redusere utslepp av klimagassar, både i transportsektoren og i industrien. Men enn så lenge er fornybar kraft ein knapp ressurs, og vi ser no ein gryande debatt om korleis vi skal prioritere denne knappe ressursen.
Førebels er debatten avgrensa til protestar mot kraft til upopulære enkeltformål som bitcoin og TikTok. Men det blir for lettvint og populistisk.
Dersom vi no går inn i ein periode der vi må prioritere kven som skal få kraft, så bør vi vere tydelege på kva kriterium som skal leggast til grunn. Klimaeffekten må stå sentralt. Men vi bør også ta omsyn til sysselsetting som kan kompensere for nedtrapping i petroleumssektoren.
Vi bør legge vekt på å utvikle norsk industrikompetanse ved å prioritere etablerte konkurransedyktige bedrifter som satsar på klimatiltak, og nye klimavennlege bedrifter som bygger på norsk industritradisjon.
Prosessindustri, batteri, ammoniakk
Norsk prosessindustri ligg langt framme når det gjeld klima og miljø, og ytterlegare elektrifisering kan redusere klimautsleppa. Bransjen er konkurransedyktig og teknologisk leiande. Når det gjeld sysselsetting, så har deler av bransjen stort energiforbruk per arbeidsplass. Den bør derfor utfordrast til å gå lenger nedstrøms og etablere fleire arbeidsplassar.
Batteriproduksjon bygger til dels på kompetanse i prosessindustrien og kan vere ei naturleg vidareutvikling av den. Utfordringa er at mange tunge aktørar i andre land satsar på batteri. Derfor er det viktig å finne si nisje i dette kappløpet og ikkje berre satse på volum.
Ammoniakk kan bli viktig for utvikling av grøn skipsfart, og hydrogen er blant anna eit aktuelt reduksjonsmiddel for metallindustrien. Men volumproduksjon av hydrogen for eksport skaper få arbeidsplassar per MW.
Ein strategi for bruk av krafta
Det er ikkje snakk om at politikarar skal plukke vinnarbedrifter, og det er vanskeleg å lage formelle prioriteringskriterium som Statnett kan bruke for å sortere søknader om meir kraft. Men når vi skal omstille industrien basert på ein knapp ressurs, så bør vi ha ein brei diskusjon om kva industriutvikling vi ønskjer og korleis vi skal komme dit.
Det er viktig å planlegge for å auke produksjonen av fornybar energi. Nesten halvparten av energiforbruket i Noreg er framleis fossilt. Men vi må også diskutere korleis vi skal bruke den fornybare krafta til beste for klima og samfunn.
Vi treng ein strategi for bruk av krafta i tillegg til strategiar for å produsere den.