Grøn omstilling – har vi råd?
Ja, Carl I. Hagen, lat oss rekne på det grøne skiftet! Men då bør det være eit reknestykke som inkluderer kva vi sparer, helseeffektar og kva moglegheiter grøn omstilling kan opne – på lengre sikt enn neste valperiode.
Mange
vil seie
vi har eit moralsk ansvar for å overlate verda i minst like god
stand til våre born og etterkomarar, som vi fekk den i. Men er det
også smart av andre grunnar? Carl I. Hagen etterlyser eit
reknestykke
på kva det grøne skiftet vil koste oss. Kan det være vel så
viktig med eit reknestykke på kva vi sparer og kva moglegheitsdører
rask omstilling kan opne for Noreg? Spørsmålet burde kanskje heller
være:
Har
vi råd til å la være?
I ein ny rapport
frå International Renewable Energy Agency (IRENA), som inkluderer
breie helse-,
arbeids- og miljøfaktorar, vært det hevda at innsparing ved
overgangen frå fossile til fornybare
løysingar kan være så mykje som 160 billionar dollar på
verdsbasis over 30 år.
Men
ein treng ikkje berre sjå på dei større internasjonale reknestykka
for at økonomien i store delar av det grøne skiftet
skal gje meining. Gryande erfaringstal, mange frå Noreg, er svært
interessante og kan i sum bli store.
Billigare drift av AS Norge?
Det
sit kanskje litt lenger inne å investere i den LED–lyspæra,
når du veit at du kan kjøpe ei langt billigare
ei her og no. Gleda er gjerne kortvarig,
for snart må du på butikken og
kjøpe ei ny billegpære.
Medan LED har lenger levetid, brukar mindre energi og er billigare på
sikt, risikerer du dessutan at sal av billegpæra di avsluttast, slik
du gjerne må skifte både pære og lampe likevel. Billeg på kort
sikt, dyrt og risikofylt på lang sikt.
For mange har
same kjensla kome for elbil.
Når ein er van med å lade for ein slikk og ingenting i pluggen
heime, kan det nesten verke naturstridig å fylle for 600–700
kroner fossilt drivstoff på tanken. Elbilar krev i gjennomsnitt
mindre vedlikehald og er i dei fleste tilfelle billigare
i drift
i Noreg, også når ein ser vekk frå fordelar i bompengeringen eller
parkering. Spådommane om kort levetid for batteri er allereie gjort
til skamme,
og selgarar av brukte elbilar blir fort nedringt av potensielle
kjøparar. Ein nyleg studie
frå International Council for Clean Transportation (ICCT) viser at
det er den elektriske versjonen av VW Golf
som er den billigaste av dette merket i Storbritannia, Tyskland,
Frankrike, Nederland og Noreg etter fire
år
i drift. Bloomberg
spår dessutan
at elbilar vil verte billigare også ved innkjøp verda over innan
2024, utan bruk av subsidier.
Mykje tyder på at det same vil gjelde for elbussar. Sjølv om elbussar og tilhøyrande infrastruktur er noko dyrare i innkjøp, er det mykje potensiale for innsparing i drift på sikt. I ein studie frå Siemens og Volvo hevdar ein at Oslo kan spare 750 millionar over ein tiårsperiode ved å gå over til ladbare elektriske bussar. Slår dette til, vil det også være godt nytt for Bergen, som nett no har ute Nordens største anbod på 80 elbussar. I Rogaland kan ein risikere å gå motsett veg i siste bussanbod og låse fylket til fossile og potensielt unødig dyre løysingar, om ikkje saka snur i slutten av april, når denne skal opp på nytt.
Samstundes har elferjene byrja rapportere svært spennande tall på operativ kost. Ein tur over Sognefjorden med elferja “Ampere” kostar knappe 150 kr, og batteria som er tilgjengelege blir stadig meir effektive. Kostnaden for kryssinga inkluderer ikkje utgifter til omliggande infrastruktur, men seier noko om potensialet for redusert driftskost i maritim sektor på litt sikt. Liknande erfaringar blir gjort av supplybåtar, som opplyser at kosten ved å legge om til og nytte landstraum, er spart inn i løpet av knappe tre veker! Samstundes har offshorebåtar byrja nytte batteri for å ta toppane i dei mest energikrevjande oppgåvene, noko som lar motorane gå med jamnare belastning, gjev innsparing av drivstoff og mindre slitasje.
Verkeleg spanande kan det dessutan bli når omlegging til kommersielle elfly byrjar for fullt. Rett før påske blei det annonsert at den norske gründeren Espen Høiby har bestilt 60 elektriske fly. Widerøe har nyleg oppjustert sine allereie ambisiøse mål endå nokre hakk, til elektrifisering av alle innanlandsfly i flåten innan 2030. Bransjen sjølv trur at elektrifisering kan halvere kostnadar ved flygingar, i tillegg til at flystøy vil reduserast drastisk.
Smartare forbruk
Samstundes har Noreg eit stort potensiale for innsparingar i endra forbruksmønster på andre område. I 2017 kasta vi ca. 385000 tonn spiseleg mat i Noreg. Det representerer eit økonomisk tap på minst 20 milliardar kroner. I sirkulærøkonomiske prinsipp finnast det ikkje avfall, berre ressursar på avvegar. Her er søkjelys på å revitalisere forretningsmodellar, nytte ny teknologi og revolusjonere råvare- og materialbruken. Ifølge ei studie frå Ellen MacArthur Foundation kan EU aleine spare 600 milliardar dollar årleg dersom industribedrifter snus om til sirkulærøkonomi; i tillegg er det venta å skape meir enn to millionar jobbar innan 2030. Ein viktig stad å byrje i Noreg kan være klesindustrien, som representerer enorme utslepp på høgde med fly- og skipsfart.
På same tid er den energien vi ikkje nyttar, den desidert billigaste. Førebels har Noreg bunde seg til EU sin politikk om 45 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2030. Når det gjeld EU sitt mål om energieffektivisering på 32,5 prosent, er det meir uklårt kor Noreg står. I ein ny rapport frå Statnett skisserer ein at det trengs 40 TWh ny fornybar kraft for å erstatte gjenståande 95 TWh fossil energibruk i Noreg. (Konvertering frå fossil til elektrisk energi gjer store reduksjonar i primærenergibruk på grunn av forskjellar i verknadsgrad.) Kor mykje av dette som kunne vore tatt over energieffektivisering er likevel uklårt, og burde truleg vore knytt til eit nasjonalt mål for energieffektivisering.
Eplesunne nordmenn
I tillegg til sparing og kostnadsreduksjon, finns det mange gode vinn-vinn-eksempel som gjev klima-, helse- og miljøgevinstar i ein og same smekk. Redusert kjøttforbruk, til eksempel, gjer både store klimagevinstar og helsefordeler. EAT-Lancet rapporten hevdar at ein ved ein overgang til plantebasert diett kan hindre over 11 millionar tidlege dødsfall årleg. Også Helsedirektoratet har påpeikt at det vil gje store helseeffektar for det norske folk å byte vekk 1–2 kjøttmiddagar i veka og at det norske samfunnet ville spart 11 milliardar kroner i året på å redusere kjøttforbruket ned til det nivået som norske kosthaldsråd anbefaler.
Luftforureining
frå køyretøy kan være skuldig i så mykje som 500000 for tidlege
dødsfall
i EU, i Noreg er anslaget 1600. Luftforureining i fleire av fjordane
våre er også eit kritisk problem. I
2018
gjekk Folkehelseinstituttet
ut og advarte mot luftforureining frå cruiseskip
i turistbygda Geiranger, der forureininga i periodar er så høg at
det er helseskadeleg og kan forverre sjukdom særleg hjå dei som
allereie har lunge-,
hjarte-
eller karsjukdom. Heldigvis er målet å rydde opp og gjere
UNESCO-fjordane
utsleppsfrie innan 2026. Dette burde sjølvsagt gjelde alle hamner og
fjordar.
I ein rapport frå TØI har ein funne at dei
175000 elsyklane som finnast i Noreg bidreg effektivt
til å
erstatte bilreiser.
Samfunnet
kan spare i størrelsen 280–735
millionar kroner i helsegevinst
ved vidare elsykkeltiltak. Reduksjon i transportveksten i byane gjev
mindre støy, mindre kø og trengsel, økt trivsel og reduserer
behovet for vidare utbygging av transportkapasitet. I Oslo utgjer
småleveransar rundt ein
fjerdedel
av vareleveransar og mykje av dette kan dekkast ved elektrisk
lastesykkel.
Ei undersøking frå Oslo og Akershus viste
at 9
prosent
opplever problem med å sove eller vaknar i løpet av natta på
grunn
av trafikkstøy. Særleg i bynære strøk kunne det vore interessant
å sett nærare på kva økonomiske helsegevinstar reduksjon av støy
ved redusert hastigheit og ikkje minst elektrifisering av både
bilpark og fly,
kunne gjeve. Slike grep kan kanskje også opne for at nye soner som
er tungt støybelasta i dag,
kan bli nye attraktive bustadområde i nær framtid.
Lønnsam omstilling
Akkurat som med LED-pærene kan de være freistande å hoppe på billigare og kortvarige alternativ, slik som Rogaland no står overfor i sitt komande bussanbod. Framoverlente politikarar bør likevel makte å ha auga på utsleppsfrie løysingar som står seg fram i tid. Dess enklare bør desse vala være om løysingane både gjer sparing i drift, smartare forbruk og helsegevinstar i tillegg.
Det er no fylka treng støtte til det grøne skiftet, til omlegging av ferjer, bussar og hurtigbåtar og storstilt utbygging av infrastruktur. Det er ikkje tilstrekkeleg og vitnar om manglande alvor når staten no tvinger fylke og kommunar til å lene seg på overbelastande bompengefinansiering og skarve 50 prosent statleg støtte for å få til nødvendig og ønska omlegging av kollektivstrukturen. Noreg treng desperat nye bein å stå på inn i framtida, så kvifor skulle ein ikkje omfamne det grøne moglegheitsrommet som så tydeleg inneheld mange vinn-vinn-situasjonar med løysingar som vi dessutan kan være med å utvikle: batterifabrikkar, nye grøne investeringsmodellar, havvind, sirkulærøkonomi, maritime og marine løysningar, moglegheiter i utviklingsland, berekraftig turisme eller produksjon av produkt med lavt karbonavtrykk.
Så ja, Carl I. Hagen, lat oss rekne på det! Men då bør det være eit reknestykke som inkluderer kva vi sparer, helseeffektar og kva moglegheitsdører det grøne skiftet kan opne på lengre sikt enn neste valperiode!