Spør ein klimaforskar i heimekontor

Professor Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret, svarte på spørsmål om klimaendringane frå heimekontoret på Sotra.

Lurar du på korleis det kan ha seg at klimaet på jorda heile tida endrar seg? Eller kvifor forskarane er heilt sikre på at det denne gong er oss menneske som har skulda? Kva kan vi eigentleg gjere for å få den globale oppvarminga til å stoppe opp? Og kva blir konsekvensane om vi likevel ikkje klarer det?

Tore Furevik svarte på spørsmål direkte frå heimekontoret fredag 27. mars.