Kven er eigentleg morgondagens heltar?

Norges Skiforbund kan ikkje vera med å kvitvaska ei verksemd som slett ikkje tryggar framtida for heile kloden, skriv artikkelforfattaren. OL-vinnarane Ragnhild Haga og Johannes Høsflot Klæbo er mentorar i Equinors Morgondagens heltar-program. (Foto: Equinor/Facebook).
Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
Du har sikkert
fått det med deg, eller ikkje klart å unngå reklamen: Equinor
støttar morgondagens heltar. Dei sponsar VM-sendingane til NRK frå
Seefeld, dei har ein norgescup for langrennsjuniorar kalt opp i sitt
namn, dei støttar også unge talent i kultur og i realfaga. Du har
ei stygg aning om kvifor petroleumsverksemda gjer det.
Namneskiftet frå Statoil har ikkje endra på eit faktum: Det er eit olje- og gass-utvinnande selskap som driv på som før. På kapitalmarknadsdagen i London ganske nyleg, der Equinor-leiinga presenterte resultat og satsingar for investorar og analytikarar, var fornybarsatsinga gøymt bort i segmentet «Other». Sanninga, som Anders Bjartnes skriv, er at Equinor så langt har bygd opp ein ganske avgrensa portefølje innan offshore vind, supplert med eit par solparkar.
Reklamen deira
skal ha oss til å tru noko anna.
Politisk sett er
det heller ikkje tvil om kva Equinor ønskjer seg. Nye område å
bora i: Dei såkalla lovande områda utanfor Lofoten, Vesterålen &
Senja, og så langt nord og nær iskanten i Barentshavet som råd.
Slik uttalar sjefen Eldar Sætre seg, og slik har han bransjeorganet
og lobbyisten Karl Eirik Schjøtt-Pedersen til å arbeida for seg inn
mot politikarane.
Og mot opinionen:
lovande og uskuldsreine talent som skiløparen Kristine Stavås
Skistad. Ho skal ta over når heltane Johaug og Caspersen Falla legg
opp. Equinor tryggar og sikrar framtida hennar. Sjå til dømes den
sponsa artikkelen i Aftenposten. Ja, Equinor er sjølv ei framtid å
satsa på for unge realfagstalent.
Endå framtida alt er høgst utrygg, på grunn av klimaendringane våre. Endå all den olja og gassen Equinor vil ha fatt i, må bli liggjande om oppvarminga av kloden skal begrensast til eit vonleg moderat nivå. Equinor er ikkje på lag med framtida til ungdommen – slik som verksemda styrer og siktar no. Equinor er ein fiende av morgondagen meir enn Equinor er ein ven.
Under okkupasjon
1940–1945 valde norsk idrettsungdom å legga aktiviteten sin ned.
Om somrane spelte dei ikkje fotballkampar mot den tyske vernemakta,og dei øydela hoppbakkane sine for vintrane. Skirenn heldt dei langttil skogs, der fanene og soldatane til okkupanten ikkje fann fram.Hitlers Tyskland og Quislings NS tapte den propagandakampen i Norge.Idrettsboikotten er blitt kalla norsk idretts største siger – oger mykje større enn alle Norges gull, både Dæhlies og Svindals ogBjørgens og Johaugs triumfar, i vinteridrettssamanheng.


