Klimaproblemet Equinor

Dette er et debattinnlegg. Teksten er kvalitetssikret i tråd med redaksjonelle prinsipper for publisering. Innholdet reflekterer skribentens egne meninger.
I fleire av landets nettaviser køyrer Equinor i desse dagar ein kampanje der dei forsøker å teikne eit bilete av seg sjølv som eit selskap på lag med Paris-avtalen og klimastreikande ungdom. Bodskapet er at Equinor ikkje er som andre oljeselskap:
«For hvert fat olje som produseres i verden, slippes det i gjennomsnitt ut rundt 18 kilo CO₂. Gjennomsnittet på norsk sokkel er mye lavere med 8 kilo CO₂.»
Men ikkje nok med det:
«På Johan Sverdrup vil den være på rekordlave 0,67 kilo fordi plattformen drives med strøm fra land, som stort sett er vannkraft.»
Det er med andre ord for klimaets skuld at Equinor investerer i ny oljeaktivitet:
«Overgangen til et lavkarbonsamfunn kommer til å ta tid, og da er det viktig at den oljen som produseres er så ren som mulig. Alle oljefat er ikke like.»
Grafane som ikkje vert vist i reklamen
Problemet med reklamen er at han kan få folk til å tru at Equinor har alt på stell i møte med ein skjerpa klimapolitikk, men slik er det jo ikkje. Verifiserte utsleppsdata frå EUs kvotesystem (EU ETS) viser at Equinor er eit stort klimaproblem for Noreg. Faktisk er det slik at når vi i Noreg snakkar om utslepp frå petroleumssektoren, så er det Equinors utslepp det handlar om. Norsk petroleumsnæring slapp ut 14 millionar tonn CO₂-ekvivalentari 2018. Av dette hadde Equinor ansvar for 11,4 millionar tonn.
Equinor er det selskapet i Noreg med desidert høgast klimagassutslepp. I 2018 slapp dei ut 9,8 millionar tonn CO2-ekv. meir enn Hydro, som er nummer to på lista.
Det er positivt at gigantfeltet Johan Sverdrup skal drivast med fornybar straum frå land, slik det blir sagt i reklamen, men dette bidreg ikkje til utsleppsreduksjonar åleine. Landstraum til nye installasjonar hindrar berre kraftig utsleppsauke. På eksisterande felt er det framleis gasskraftverk som driv pumpene til Equinor. I tillegg har selskapet eit kjempestort utsleppsproblem i raffineriet på Mongstad. I perioden 2010-2018 auka utsleppa frå Mongstad med heile 44 prosent.



