Fossilfrie regionar innan 2030

Valet 2019 vil være eit ypparleg høve for alle parti å briljere i å svare på kravet frå dei unge om klimahandling, skriv artikkelforfattaren. (Foto: Yuganov Konstantin/Shutterstock)
Hundretusenvis av unge fløymer ut i gatene og krev klimahandling verda over! Berre i Bergen var fleire tusen i skulestreik i førre veke, og komande fredag står Oslo for tur. Det er ingen grunn til å tru at kravet vil stilne, snarare tvert imot!
Under NRK Debatten torsdag 14. mars etterlyste dei unge ein plan for å nå 1,5-gradersmålet. Det gjer dei rett i, og til hausten er det val. Fylkes- og kommunalvalet handlar gjerne lite om nasjonal olje- og gasspolitikk, men kvar region kan likevel ta seg på leiarkappa og ta ansvar for eigne utslepp. Tida er moden for mål om fossilfrie regionar innan 2030. Valet 2019 vil være eit ypparleg høve for alle parti å briljere i å svare på kravet frå dei unge!
Byar med leiarkapper på
Dei
nasjonale ambisjonane om 45 prosent klimagasskutt innan
2030 er ikkje i tråd med 1,5-gradersmålet.
Våre største byar derimot, har tatt på seg grøne leiarkappar for
framtida og har no alle satt mål om mellom 80 prosent
og 100 prosent
reduksjon av direkte utslepp innan 2030.
Fremst
ligg Bergen, med mål om å bli fossilfri innan 2030. Like etter ligg
Oslo, Tromsø, Trondheim og Stavanger. Det
er fullt mogleg for alle kommunar og
fylkeskommunar i landet å følgje byane sitt eksempel og bli
fossilfri i same tempo! Mål om fossilfrie regionar innan 2030 og
systematisk oppfølging vil mobilisere til både utsleppskutt i
næringslivet og utløyse ny grøn næringsutvikling. Dessutan er
ofte mange tiltak både kostnadssparande på litt sikt og
helsefremmande for innbyggarane.

Ambisiøse
målsetningar er likevel lite verdt om det ikkje følger med solid
handlekraft og systematisk oppfølging. Hjå dei som tek dette på
alvor, er imponerande resultat
allereie byrja å tikke inn. Mellom anna kan både Bergen og Oslo kan
vise til høvesvis 9,5 prosent
og 8,8 prosent
nedgang i utsleppa frå 2016 til 2017. Til samanlikning gjekk
nasjonale utslepp ned fattige 1,6 prosent.
Bylufta
er samstundes blitt reinare, kollektivandelen har gått opp og
singelbilisme gått ned. Men dette er berre byrjinga. Mellom anna
vært no elbussar introduserte i arktiske Tromsø og nyleg gjekk
Bergen ut med Nordens største anbod på 80 elbussar.
Etablering av punkt for landstrøm i hamnene skjer parallelt.
Kristiansand er mellom anna fyrst ute med å tilby landstrøm til
cruiseskip, og
Bergen vil snarleg gjere det same.
Fylkespolitikarar med framtidsmusklar
På fylkesnivå legg også modige politikarar
stadig hovudet på blokka, og her har særleg Hordaland utmerka seg.
Nye Vestland fylke treng mest oppjustere sitt overordna klimamål,
slik at dei står i stil med krafttiltaka som no gjennomførast i tur
og orden. Hordaland elektrifiserer 19 ferjer i ferjeflåten, Bybanen
rullast ut til nye bydelar i Bergen,
kollektivtrafikken blir fossilfri innan 2025 og ein har over fleire
år ført ein storstilt utbygging av ladeinfrastruktur for elbil.
Dette har resultert i at Hordaland er heilt i front i verda på
elbil. Rekorden frå september 2018 med heile 73 prosent ladbare bilar i
nybilsalet står truleg for fall allereie denne månaden! Den
viktigaste puslespelbrikka
som står att er at snøggbåtane også må verte utsleppsfrie.
Over
heile landet har også fylkeskommunar vore initiativtakarar til å
opprette Klimapartnere-nettverk.
I dag finn ein Noregs største nettverk for systematisk klimaarbeid i
Agder, Vestland, Troms, Rogaland, Trøndelag, Østfold og Nordland,
og fleire regionar er like om hjørnet,
godt hjelpte av klimasatsmidlar. Klimapartnere er ein viktig
akselerator som legg til rette for at næringslivet og politikarane
spelar tett på lag for grøn næringsutvikling og fossilfrie
regionar innan 2030. Alle partnerverksemder utfordrast dessutan om å
bli fossilfri innan 2030.
Fossilfrie fylker og kommunar innan 2030
Kva
krevst så av lokalpolitikarane for å levere på kravet frå dei
unge om ein plan? Det er kanskje ikkje så komplisert som ein skulle
tru. For dei fleste kommunar og fylkeskommunar betyr dette ein
konkret plan for:
1. Fossilfri energi: Eit nasjonalt forbod mot oljefyr trer i kraft i 2020, men for å oppnå fossilfri fyring innan 2030 trengs ein plan for å fase ut all fossilbasert energi som nyttast i bygg i regionen, også bruk av gass eller oljefyr til spisslast. Det inkluderer fossilbasert energi i bygg- og anleggsprosjekt, som står for ein betydeleg del av utsleppa.
2. Fossilfri transport: Tilstrekkeleg infrastruktur for utsleppsfrie køyretøy er naudsynt for å oppnå fossilfri transport, både for næringsliv og privatpersonar. Her er det svært viktig at distrikta ikkje blir hengande etter og kan tilby det same som bynære strøk. Skal ein oppnå fossilfri transport i alle regionar, trengs ein ambisiøs kombinasjon av nullutsleppstransport og løysingar som reduserer behovet for trafikk, betre arealplanlegging, utsleppsfrie kollektivløysingar, nye samkøyringsløysingar og ikkje minst betre tilrettelegging for gåande og syklande både i by og land.
3. Fossilfri hamner og maritim sektor: EU pålegg alle større hamner landstrøm innan 2025. Her kan kvar region velje å sitte på gjerdet og vente til reglane trer i kraft, eller agere no. Både i kommunar og fylkeskommunar kan ein også ta ei svært viktig rolle i omlegging av nærskipsfart som ferjer, snøggbåtar, turistbåtar og fartøy i oppdrettsnæringa innan 2030.
4. Grøne moglegheiter: Parallelt med at utslepp reduserast bør dei grøne næringsmoglegheitene i eigen region dyrkast systematisk fram. Her bør regionale utviklingsmidlar og den grøne innkjøpsmuskelen nyttast med omhug. I perspektivmeldinga frå Vestlandet har ein freista å gjere nettopp det, og staka ut nokre nye retningar. Vidareføring av denne typen arbeid blir endå viktigare i tida som kjem.
Vilje til leiing
Til
sjuande og sist handlar dette fyrst og fremst om ei vilje til leiing.
Fossilfrie regionar innan 2030 bør være innan rimeleg rekkevidde,
og på mange områder er ein allereie svært godt i gong! For å
lykkast med systematisk arbeid på lik linje som dei største byane,
er det likevel essensielt med tverrpolitisk leiing og eit godt
samarbeid mellom offentlege
og privat næringsliv. Betre helse, rein luft, stillare trafikk, grøn
forretningsutvikling og arbeidsplassar som står seg for framtida,
får ein med på kjøpet.
Kanskje
kan vi saman imøtekomme kravet frå dei unge, legge planar for å
fjerne utslepp, region for region,
og oppnå tilnærma fossilfri drift av Noreg innan 2030? Kjære
politikarar, no
har de sjansen. Dette er ikkje ein test, det er no det gjeld!
