Eit forsøk på oppklaring om utanlandskablar og ACER

Knytter sammen Norge og Danmark: Kabelen Skagerrak4 ble tatt i bruk i 2014 (foto: Statnett).
22. mars skal Stortinget ta stilling til om EUs tredje lovpakke på energiområdet skal implementerast i EØS-avtalen. Pakken består av to direktiv (tredje elmarknadsdirektiv og tredje gassmarknadsdirektiv) og tre forordningar (om oppretting av ACER, grensekryssande krafthandel og gasstransmisjon) som har vore EU-lov sidan 2011.
Dersomein lesdei aktuelle rettsaktene,vileinsjå at mykje handlar om tekniske og praktiske forhold knytt til utviklinga av ein felles europeisk energimarknad, prosedyrar for samhandling over landegrensene, forbrukarvern og -rettar, og oppdatering av eksisterande regelverk (som kom med andre energipakke).
Av det som er nytt (og politisk) er dette det viktigaste:
Vil EUs tredje energipakke gi dyrare straum?
Argumentet om dyrare straumbygger på følgjande to premiss: Tredje energipakke vil tvinge Noreg til å bygge fleire straumkablar til utlandet, og fleire straumkablar vil presse prisane opp. Det første er feil, det andre i beste fall halvsant.
Det er ingenting i energipakka som vil tvinge oss til meir kraftutveksling med Europa. Forordninga om grensekryssande krafthandel oppmodar rett nok dei nasjonale systemoperatørane (som Statnett) til å tenke og samarbeide regionalt, men det gjervijo allereie gjennom den nordiske kraftmarknaden. Heller ikkje samarbeidet mellomdeinasjonale systemoperatørane i samarbeidsorganet ENTSO-E er nytt.
Det er riktig at NorthConnect, som er eigd av Agder Energi, E-CO, Lyse og Vattenfall, har søkt om konsesjon til å bygge og drive ein sjøkabel mellom Skottland og Sima i Eidfjord kommune i Hordaland, og at denne søknaden no ligg til behandling i NVE. Men dette kabelprosjektet har absolutt ingenting med tredje energipakke å gjere. Det er to heilt separate spørsmål. Med eller utan tredje energipakke vil det også i framtida vere fullt og heilt opp til norske myndigheiter å bestemme i kva grad vi skal bygge fleire utanlandskablar, og eventuelt kven som skal eige slike prosjekt.
Om Noreg - uavhengig av tredje energipakke - skulle bestemme seg for å bygge fleire kablar mot utlandet, er det likevel ingen grunn til å frykte «prissjokk». Kraftutveksling er berre ein av fleire faktorar som påverkar straumprisen. Langt viktigare er nivået på den europeiske prisen på CO₂, men også råvareprisar (kull og gass), grad av elektrifisering og smartare forbruk spelar inn. Dette kjem også fram i figurane nedanfor som er henta frå NVEs Kraftmarknadsanalyse 2017-2030:



