Noreg må dele superprofitten

Stortinget må setje den ekstraordinære superprofitten frå dei skyhøge gassprisane i arbeid for Ukraina og eit forsert grønt energiskifte. Ein høgprisregel for omfordeling av statens petroleumsinntekter utover «normalen» kan vere nøkkelen.

I 2022 og 2023 er statens inntekter frå olje og gass venta å auke til høvesvis 1 300 og 1400 milliardar kroner – opp frå under 300 milliardar kroner i 2021. Ekstrainntektene manglar sidestykke i norsk historie: Inntektene frå norsk olje- og gassaktivitet har alltid gått opp og ned – men berre to gongar tidlegare har den norske stat tent over 500 milliardar kroner på eit år. Ikkje ein einaste gong i perioden 2015-2020 bikka petroleumsinntektene 300 milliardar kroner.

Figuren viser historiske petroleumsinntekter frå 2020-21 og statens forventa inntekter i 2022 og 2023. Figuren er henta frå notatet «Høyprisregel for statens petroleumsinntekter» (Norsk klimastiftelse, 2022).

I tråd med dagens regler vil statens netto kontantstraum frå olje- og gassaktivitet i sin heilskap tilførast oljefondet. Å halde petroleumsinntektene unna statsbudsjettet har vist seg å vere eit klokt val for Noreg. Sidan Finansdepartementets første innskot i 1996 og fram til og med 2021, har staten tilført fondet nesten 3000 milliardar kroner. Dette har vore avgjerande for oppbygginga av det fondet vi har i dag – med ein marknadsverdi på over 12 000 milliardar kroner.

At Noreg i år og til neste år samla kan kome til å tene rundt 2 000 milliardar kroner «ekstra» på olje- og gassal som følgje av Russlands krig mot Ukraina, bør likevel tvinge fram ein diskusjon om kva vi skal gjere med dei enorme ekstrainntektene. Skal vi halde fast på regelen om at alle inntekter frå sal av olje og gass skal tilførast oljefondet, for så å bli investert i internasjonale aksjar, rentepapir og eigedommar? Eller bør vi skilje mellom «normale» petroleumsinntekter og krigsrelaterte inntekter – og finne måtar å omfordele denne ekstraordinære superprofitten på?

Høgprisregel for statens petroleumsinntekter

I eit innlegg i DN peikar fem norske næringslivstoppar heilt riktig på at den situasjonen vi no står i, er historisk – og at det same bør responsen frå norske myndigheiter vere. Dei foreslår at regjeringa, som no førebur ei sak for Stortinget om korleis vi kan bruke av våre ekstraordinære petroleumsinntekter til å styrke innsatsen i Ukraina og andre land, om å tenke stort. Skikkeleg stort:

«Norges ekstraordinære inntekter fra olje og gass i år og neste år er estimert til rundt 2000 milliarder kroner. Ekstrainntektene kommer i stor grad fra venner og allierte, som betaler dyrt for energi som følge av Ukraina-krigen. Vi mener at Norge bør sette av en betydelig del av disse midlene som et norsk bidrag til et globalt initiativ, med formål å utløse de enorme investeringene som kreves for gjenoppbygging av Ukraina og energiomstilling i Europa og globalt.»

Dette er etter mitt syn heilt riktig tenkt, og noko eg sjølv skriv meir om i eit notat som Norsk klimastiftelse nettopp har gitt ut.

Ein konkret ide er at Stortinget innfører ein høgprisregel for statens petroleumsinntekter – inspirert av måten ein har innført ekstra skattlegging av energiprodusentar med krigsrelatert forteneste på. Regelen vert utforma slik at statens petroleumsinntekter som overstig eit visst beløp, vert overført til eit nytt fond som har som mål å finansiere ei grøn gjenoppbygging av Ukraina, samt andre internasjonale tiltak/prosjekt som kan forsere energiskiftet. Kvar denne beløpsgrensa skal gå, kan diskuterast, men mitt framlegg er at ein bruker same metodikk som EU har utvikla for å rekne ut storleiken på den nye solidaritetsavgiften som dei ønsker å pålegge produsentar av olje, kol og gass. Det vil seie at ein definerer statens ekstraordinære petroleumsinntekter som alt som overstig gjennomsnittleg netto kontantstraum dei siste fire åra (2018-21) + eit påslag på 20 prosent. Snittet dei siste fire årene er 250 milliardar kroner per år. Legg ein til 20 prosent, endar ein på 300 milliardar kroner (2022-kroner).

Med anslaga som ligg i nysaldert statsbudsjett for 2022 og i Nasjonalregnskapet for 2023, vil ein høgprisregel som skissert her kunne gi eit innskot til eit nytt fond på over 1 000 milliardar kroner både i 2022 og i 2023.

Opp til Stortinget

Ifølgje NATO-sjef Jens Stoltenberg må vi stålsette oss for høge energiprisar i lang tid framover, også om krigen snart skulle ta slutt. Får han rett, kan pengane renne inn over Noreg også etter 2023. Å innføre ein høgprisregel er difor meir enn eit utspel, det vil vere ei prinsipiell tilnærming til den ekstraordinære tida vi lever i. Vi vil vite kva vi skal gjere om den superprofitten held fram, men utan å kutte «normal-tilførselen» av midlar til oljefondet. Men viktigare: det vil vere eit viktig signal å sende internasjonalt: Noreg erkjenner, og tek konsekvensane av, at store deler av petroleuimsinntektene skuldast Russlands krig mot Ukraina og manipulering av energimarknadene.

Korleis Noreg i i lys av krigen skal handtere sine enorme petroleumsinntekter, blir eit av dei viktigaste spørsmåla i norsk politikk det neste halvåret. Tenker vi stort nok, kan vi, som næringslivsleiarane skriv i DN, verkeleg utrette noko stort i verda. Både med tanke på gjenoppbygging av Ukraina og for å få fart på den grøne energiomstillinga i Europa og resten av verda.

Om Stortinget i staden kjem fram til at vi nøyes oss med å dele «smular» av overskotet, vil også det bli lagt merke til. Men neppe med eit positivt forteikn.