Vil fleire investorar følgje dansk Equinor-exit? - Energi og Klima

Vil fleire investorar følgje dansk Equinor-exit?

Som første internasjonale pensjonsfond har MP Pension ekskludert Equinor frå porteføljen sin. Det danske pensjonsselskapet meiner Equinors vedtekne strategi er i konflikt med internasjonale klimamål.

Pensjonsfondet til danske lærarar og psykologar sel Equinor-aksjene sine. Eldar Sætre sitt klimaengasjement gjer ikke inntrykk på danskane. Her er han saman med statsminister Erna Solberg og FNs klimasjef Patricia Espinosa. (Foto: Ole Jørgen Bratland, Equinor)

Med målretta reklame og aktivitet i sosiale medier har Equinor langt på veg lukkast med å skape eit bilete av seg sjølv som eit breitt energiselskap med minst ein fot godt planta i det fornybare. Det siste halvåret har vi i Noreg kunne lese at Eldar Sætre ber oljeindustrien ta klimaansvar, at Equinor har signert klimainitiativ og at selskapets sjeføkonom meiner dagens klimapolitikk er langt frå nok. På selskapets Twitter-konto går det stort sett i havvind. Det er lett å la seg blende av all «klimaprat» som Equinors kommunikasjonsapparat doserer ut i offentlegheita kvar einaste dag. Sanninga er likevel denne: mens Equinors kommunikasjonsbudsjett er fornybart, er investeringsbudsjettet like fossilt som før.

Samanlikna med andre store oljeselskap er Equinor likevel blant dei beste i klassen. Spørsmålet til eigarar og investorar er om dette – i klimasamanheng – er ei relevant samanlikning.

MP Pension, som er pensjonskassen til lærarar og psykologar i Danmark, har kome fram til at oljeselskap må vurderast ut frå korleis dei investerer, ikkje kommuniserer. Frå og med 31. desember 2020 vil fondet ikkje lenger eige aksjar i selskap der 50 prosent eller meir av bruttoomsetjinga kjem frå olje – med mindre selskapet har innretta forretningsmodellen etter Paris-avtalens mål om maksimalt to gradars global oppvarming (og så tett på 1,5 gradar som mogleg).

Konsekvensen av dette vedtaket, som Naturpress har omtalt, er at den danske pensjonskassen har kome til at dei må ta ut ti oljeskap frå investeringsporteføljen. Equinor er blant desse.

I grunngjevinga heiter det (mine uthevingar):

«MP vurderer, at Equinor har foretaget en række nye tiltag, som skal sikre øget fokus på klimaforandringerne og transitionen mod en lavudledende økonomi. Selskabet har rykket sig blandt andet som følge af aktionærforslag og dialog med investorer.

På baggrund af Equinors scenarieanalyser og offentliggjorte materialer, vurderer MP dog, at selskabet ikke har implementeret en strategi, der sigter mod at imødekomme Paris-aftalens målsætninger.

MP vurderer, at selskabet stadig planlægger at udnytte for mange af sine fossile reserver til at være kompatibel med Paris-aftalen.

Analysen betrygger desuden ikke MP, at selskabet vil omstille sig hurtigt nok til at beskytte MP’s medlemmer mod tab forbundet medeffektiv håndhævelse af Paris-aftalen.

Den manglende information om selskabets mulige lobbyaktiviteter skaber ikke større sikkerhed omkring selskabets kompatibilitet med Paris-aftalens målsætninger.

På baggrund af den overnævnte undersøgelsevurderes det, at Equinor ikke på nuværende tidspunkt lever op til MP Pensions ”Politik for Ansvarlige investeringer”.

Selskabet optages på MP’s eksklusionsliste. Optagelse af selskabet på eksklusionslisten har den konsekvens, at Equinor ikke må indgå i pensionskassens investeringsunivers for børsnoterede aktier.

Selskabets eksklusion kan ophæves, hvis MP vurderer, at selskabet på et senere tidspunkt har indrettet sin forretningsstrategi efter Paris-aftalens målsætninger.»

MP Pension er ingen gigant, men det som likevel gjer saka interessant er at dette er – så langt eg kjenner til – første gang Equinor vert ekskludert på grunn av klimaansvar og klimarisiko. Den brutale beskjeden til Equinor er at MP Pension ikkje kjøper selskapets mykje profilerte klimavegkart. Det er også interessant å registrere at MP Pension i grunngjevinga viser til at Equinor-styret på siste to generalforsamlingar har kjempa mot aksjonærforslag på klimafeltet – forslag også KLP har røysta for.

Erfaringar frå kol er at når det første fondet bestemmer seg å trekke seg ut, blir vegen kortare for andre å følgje etter. Vil vi få den same dominoeffekten overfor oljeselskap? Logikken til MP Pension er også den same som Oljefondet, KLP m.fl. har brukt overfor kolselskap – dei utelukkar selskap dei meiner har ein for stor del av inntektene frå olje.

På lista over dei ti største eigarane i Equinor finn ein mellom anna Folketrygdfondet, KLP og Storebrand – i tillegg til Olje- og energidepartementet. Kva tenker dei om MP Pensions grunngjeving for å trekke seg ut av Equinor?

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.