Her er elbilane du kan vente deg fram mot 2020

Elbil-utvalet blir stadig betre – med fleire modellar, lenger rekkevidde, hurtigare lading og meir avansert sjølvstyringsteknologi. Her er oversikta over kva elbilar du har i vente dei neste tre åra.

3 kommentarer
En ny allianse av store aktører i internasjonalt næringsliv satser på elbil - både når det handler om egne innkjøp og utbygging av infrastruktur. Dette kan få fart på utrullingen av elbiler verden over.

Bilprodusentane er svært tilbakehaldne med å gi informasjon om nye produkt. Vi har i denne artikkelen berre tatt med bilar vi har fått bekrefta vil kome før 2020 av produsentane sjølve.

2017: Smart fortwo og Smart forfour
I slutten av juni 2017 kjem nye elektriske utgåver av Smart: Smart fortwo og Smart forfour. I juli kjem også Smart fortwo Cabriolet. Prisen startar på kr 174.000. Batterikapasitet er 17,6 kWh på alle tre modellane og rekkevidda blir omlag 160 km (NEDC-standard).

2017-2018: Nissan Leaf
I september kjem neste generasjon Nissan Leaf. Det svirrar mange rykte om batterikapasitet, rekkevidde, pris og design, men ingenting er stadfesta. Vi veit heller ikkje når bilen er leveringsklar. Det einaste som er bekrefta er at bilen kjem med Nissans autonome kjøreteknologi for bruk på motorvegar med eitt køyrefelt.

2017-2018: Tesla Model 3
Tesla startar produksjonen av Model 3 i juli 2017. Estimert levering for nye bestillingar er medio 2018. Rekkevidda blir 345 kilometer. Prisen vil starte på rundt 300 000 kroner.

2018: Jaguar I-Pace
I-Pace er Jaguars første elbil. Avdukinga skjer seinare i år og bilen blir tilgjengelig i andre halvdel 2018. Batterikapasiteten er på 90 kWh og rekkevidda inntil 500 kilometer (NEDC). Dette er ein SUV med firehjulstrekk.

2018: Audi e-tron quattro
Audi har lansert to konseptbiler som kjem på marknaden i produksjonsklare utgåver i 2018 og 2019. Først i løypa er SUV’en Audi e-tron quattro. Konseptbilen har batterikapasitet på 95 kWh og 500 kilometer i rekkevidde (NEDC). Firehjulstrekk.

2018: Kia Niro Electric
Kia har i dag elbilen Kia Soul Electric som er ein bil i Leaf-klassen – med batterikapasitet på 30 kWh og ein rekkevidde på 250 km. I 2018 kjem crossoveren Kia Niro som rein elbil. Batterikapasitet, rekkevidde og pris er ikkje kjent.

2018: Hyundai Kona
Hyundai planlegger en elektrisk utgave av Kona i 2018. Rekkevidden er for den lille SUV’en er sagt å bli opp mot 390 kilometer per lading. Ytterligere detaljer er ikke kjent.

2019: Mini Electric
Mini, som er eigd av BMW, lanserer sin første elbil i 2019. Detaljar om batterikapasitet, rekkevidde og pris er ikkje kjent.

2019: Peugeot, Citroen eller DS
Franske PSA, som produserer Peugeot, Citroen og DS, har lova fire nye elbiler innan 2021. Den første bilen kjem i 2019 – med rekkevidde på opp mot 450 kilometer og system for «ultrarask lading», ifølge selskapets nettside. Kva merke det er snakk om er ikkje kjent. PSA-gruppa har nyleg kjøpt Opel/Vauxhall frå General Motors.

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

2019: Audi e-tron sportback
Den andre masseproduserte elbilen frå Audi blir e-tron sportback – også det ein SUV. Konseptbilen har same batterikapasitet (95 kWh) og rekkevidde (500 kilometer) som e-tron quattro.

2019: Volvo
I 2019 kjem Volvo med sin første heilelektriske bil. Alt som er bekrefta er at bilen vil bli produsert i Kina. Om det er ein sedan eller SUV er ikkje kjent.

2019: Mazda
Mazda har bekrefta at dei kjem med ein elektrisk bil i 2019. Men selskapet har ikkje offentliggjort informasjon om kva bil det er, rekkevidde, pris o.l.

2019: Mercedes Benz (Concept EQ)
Daimler har et uttalt mål om å ha 10 heilelektriske bilar innan 2022, framskunda tre år frå den tidlegare planen som sa 2025. Dei tre første modellane kjem allereie i sommar med smart fortwo, forfour og fortwo cabriolet (verdas einaste elektriske cabriolet). Desse får følge av ein elektrisk SUV frå Mercedes-Benz i 2019, som vil vere basert på Concept EQ. Rekkevidda blir om lag 500 km (NEDC). Firehjulsdrift blir standard. Pris er ukjent.

2020: Volkswagen I.D.
I.D. er Volkswagens nye elbil-familie. Konseptbilen med namnet I.D. kjem på marknaden i 2020, med ein skalerbar rekkevidde på mellom 400 km og 600 km. Prisen vil ligge på nivå med ein velutstyrt Golf. I.D blir levert med Volkswagens nye heilautomatiske køyrefunksjon (I.D. Pilot)

2020: Volkswagen I.D. Crozz
Eit anna medlem i I.D.-familien er I.D Crozz – ein SUV med firehjulstrekk. Rekkevidda blir inntil 500 kilometer (NEDC) og bilen vil bli utstyrt med 150 kW hurtiglading. Prisnivået er ikkje bekrefta.

2020: BMW X3
BMW kjem også med ein heilelektrisk variant av SUV’en X3 i 2020. Detaljar ikkje offentleggjort.

2020: Skoda Vision E
Skoda har mål om å tilby fem reine elbilar innan 2025. Den første kjem i 2020 og er basert på konseptbilen Vision E. Dette er ein fem-dørs SUV med firehjulstrekk. Rekkevidda blir inntil 500 kilometer (NEDC). Pris ukjent.

2020: Ford SUV
Ford kjem med ein heilt ny elektrisk SUV i 2020. Rekkevidda blir minst 482 kilometer.

Desse venter vi også på…

Tesla Model Y
Teslas neste bil (etter Model 3) går under namnet Model Y. Det blir ein kompakt SUV bygga på ein helt ny plattform, ifølge rykta. Bilen vil truleg kome på marknaden i 2019/2020.

Volkswagen I.D. Buzz
Eit tredje medlem av Volkswagens I.D.-familie er Buzz. Dette er ein fleirbruksbil med 8-setar. Konseptbilen har ein rekkevidde på opptil 600 kilometer og batterikapasitet på 111 kWh.

Porsche Mission E
Drøymer du om elektrisk sportsbil? Porsches Mission E kjem truleg i 2020. Bilen vil ha 600 hestekrefter og ei rekkevidde på 500 kilometer (NEDC). Prisen er ukjent.

Bli abonnent!

3 kommentarer

  1. Øyvind

    Opel Ampera-e er ikke nevnt, hvorfor ikke? Er allererede å se hos forhandlere i Norge, med kundelveranser fra Q2/17

    Svar
    • Lars-Henrik Paarup Michelsen

      Lars-Henrik Paarup Michelsen

      Hei. Grunnen til at den ikkje er med er at eg hadde markert Opel Ampera-e som leveringsklar. Naboen fekk sin for to veker sidan, men kanskje unntakstilfelle?

      Svar
    • Olav Anders Øvrebø

      Olav Anders Øvrebø

      Jeg har også observert en Ampera-e, i Oslo. Virker som den er på vei ut i markedet, tross leveringsproblemer/lang ventetid.

      Svar

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima