Trump stansa IMO – no må Noreg og Europa vakne
Me var for naive. Det er kjensla eg står igjen med etter å ha vitna med eigne auge at USA og Donald Trump klarte å utsetje klimasatsinga i skipsfarten, skriv Reber Iversen frå Maritime CleanTech.

Trump og utanriksminister Marco Rubio (bildet) flytta klimadiplomatiet heilt opp til utanriks- og statsleiar-nivå under IMO-møtet i London – Europa var handlingslamma, skriv artikkelforfattaren. (Foto: Alex Brandon/AP/NTB)
IMO Net Zero Framework (NZF) er ein historisk sjanse til å prise utslepp frå skipsfarten globalt.
Om artikkelforfattaren
Reber Iversen frå Maritime CleanTech var del av den norske delegasjonen ved IMO-møtet i London som rådgivande observatør. Maritime CleanTech blei invitert inn i delegasjonen av Sjøfartsdirektoratet.
Under møta i London i oktober løfta Trump-administrasjonen saka frå eit teknisk fagspor til eit geopolitisk spel der dei europeiske landa rett og slett ikkje var førebudde. Resultatet blei ei utsetjing – ikkje fordi fleirtalet mangla, men fordi USA klarte å trenere møtet kor det heile skulle avgjerast og leggje maktpolitisk press på fleire land.
Diplomatiet som våpen
Gjennom forhandlingsveka fram til voteringa ringde utanriksminister Marco Rubio og hans folk rundt til hovudstader i heile verda. Land blei truga med økonomiske sanksjonar, at dei ville miste tryggleiksgarantiar – og til og med enkeltpersonar i byråkratiet blei varsla om visumnekt og frosne bankkontoar.
Samtidig førte USA og allierte som Saudi-Arabia og Russland ei tydeleg treneringslinje inne i plenumssalen. Dei kravde nye konsekvensutgreiingar, ville endra implementerings-prosedyren og spreidde uro om EUs forplikting til å endre sine egne regelverk for å unngå overlappande reguleringar.
Alt dette svekka framdrifta, og gav fleirtalet ein «enkel utveg» då Saudi-Arabia foreslo å sette møtet på pause i eitt år.
Pause – ikkje nederlag
Men dette er ikkje slutten for NZF. Allereie veka etter heldt arbeidet fram i den tekniske gruppa leia av nordmannen Sveinung Oftedal frå Klima- og miljødepartementet.
Gruppa har teke nye steg i spørsmålet om korleis livsløpsutslepp frå ulike drivstoff skal reknast – ein nøkkel for framtidige investeringar. Samtidig blei det arbeida vidare med IMO Net Zero Fund, som skal forvalte inntektene frå rammeverket og er særleg viktig for utviklingsland og sårbare øystatar.
Når IMO møtest att neste haust, vil forslaget vere både meir modent, konkret og klargjort. Det er positivt og viser tydeleg at det framleis er stor oppslutning i IMO om NZF – men det store spørsmålet er: Klarer tilhengarane å spela det geopolitiske spelet?
Ein forsmak på trumpiansk klimadiplomati?
Kanskje dette seier noko om kva type strategi USA og andre oljeeksporterande land vil ha i klimadiplomatiet framover, med COP30 i Brasil rett rundt hjørnet.
Følgjer dei same oppskrift, har dei truleg allereie brukt det siste året på å kartlegge kva land dei kan påverke gjennom økonomiske, tryggleikspolitiske og diplomatiske maktmiddel.
Samtidig har dei gjort heimeleksa si på korleis COP-protokollen fungerer – og kan møte forhandlingane med ein verktøykasse av prosedyrar og treneringsteknikkar som kan setje møta ut av spel.
IMO-saka kan difor vise seg å vere ein generalprøve på eit nytt og meir aggressivt amerikansk diplomati i internasjonalt klimaarbeid.
Europa sov då Trump handla
Me får håpa at Europa er betre forberedt på COP enn IMO. Mens Trump flytta klimadiplomatiet heilt opp til utanriks- og statsleiar-nivå, satt EU-landa fast i sine sjøfartsbyråkratiske grøfter.
Det var iallfall slik det såg ut. Me som var til stades under forhandlingane i London i oktober, skjønte ganske fort at dei utsendte delegatane ikkje bestemte – dei venta på signal heimefrå på eit høgare politisk nivå. Det heile blei ei synleg handlingslamming.
Her burde norske og europeiske statsleiarar ha vore endå meir på banen. IMO var ikkje lengre ein teknisk arena – det blei ein geopolitisk hovudarena i praksis. Det burde dei landa som jobbar for å vedta NZF, ha skjønt lenge før London.
Kva gjorde dei europeiske leiarane når Trump trossa nedstenginga av føderalstaten og mobiliserte heile fire statsrådar til ei pressemelding og la ut fleire postar på Truth Social? Det kan virka som at Trump prioriterte mostand mot NZF høgare enn det Europa prioriterte støtte til NZF.
No må Europa lage ein ny strategi, der støtte til dei aller mest sårbare landa som blei utsette for press, må prioriterast. Europa må vise fram vilje og ein truverdig plan for korleis desse landa sine interesser kan møtast, slik at ein sikrar støtte for NZF.
I tillegg må EU gi tydelegare garantiar om kva som skjer viss IMO-reglane blir vedtatt. Kva skjer med skipsfarten i EUs kvotesystem (ETS) og reglane for bærekraftig drivstoff (FuelEU Maritime)? Det var eit av hovudkrava frå fleire land – og ein nøkkel til å sikre støtte og legitimitet.
Noreg sitt ansvar – og moglegheit
For Noreg opnar pausen eit vindauge. Me har i tiår vore eit laboratorium for grøn skipsfart – med ein maritim leverandørindustri i verdstoppen. Men no må løysingane skalerast globalt og modnast fram for å visa verda at dei fungerer til en akseptabel kostnad.
Regjeringa og Stortinget har no ein unik sjanse til å styrke Noreg som leiande grøn skipsfartsnasjon. Det krev politisk vilje, tydelege signal og målretta insentiv som utløyser investeringar i ny teknologi og grøn omstilling i nærskipsfarten.
Tida til å handle er no
Trump har vist korleis klimadiplomatiet kan brukast som våpen. Det bør vere eit varsku – men òg eit kall til handling. IMO-møtet neste haust kan bli ein lakmustest for om verdssamfunnet framleis er i stand til å samarbeide om globale løysingar.
