Ladbare hybridbilar køyrer stort sett fossilt

Mitsubishi Outlander er en av Europas mest solgte ladbare hybridbiler. Foto:
I nyheitene no:
I denne utgåva av #Elektrisktransport har eg vald ut desse sakene:
Ladbare hybridbilar køyrer stort sett fossilt
Nyheita: Forskarar som har analysert den faktiske bruken av ladbare hybridbilar, konkluderer med at utsleppa er to til fire gongar høgare enn dei typegodkjende verdiane.
Bakgrunn:Ein felles rapport frå Fraunhofer Institute for Systems and Innovation Research (Fraunhofter ISI) og International Council on Clean Transportation (ICCT) konkluderer med at hybridbilar er mindre klimavenlege enn det bilprodusentane oppgir. Etter å ha analysert faktisk bruksdata frå omlag 100 000 ladbare hybridar i EU, Kina og Nord-Amerika, dreg forskarane følgjande konklusjonar:
Kvifor er dette viktig? I første halvdel av 2020 stod ladbare hybridbilar for 3,5 prosent av nybilsalet i Europa. Med utgangspunkt i typegodkjende verdiar for drivstofforbruk og elektrisk rekkevidde, har ein kunne argumentere med at utsleppsreduksjonane ved å gå frå fossil til ladbar hybrid er betydelege. Mange land – inkludert Noreg – gir også avgiftslette til ladbare hybridbilar. Men det denne rapporten fortel oss, er at den einaste bilen med garanterte utsleppskutt er den reine elbilen – heilt utan forbrenningsmotor.
Les meir:Die Zeit har ein god artikkel. Les også Fraunhofer ISI sitt policy-notat.
Walmarts transportutslepp skal i null
Nyheita:Amerikanske Walmart lovar nullutslepp innan 2040. Det betyr storstilt utskifting av butikkgigantens fossile køyretøy, deriblant fleire tusen semitrailerar, skriv Forbes.
Bakgrunn:Det var under årets Climate Week i New York at Walmart lanserte sitt nye klimamål: nullutslepp frå alle sine globale aktivitetar innan 2040 (scope 1 og 2). Noko av det som gjer dette interessant, er at dei ikkje har tenkt å kjøpe utsleppsreduksjonar andre stadar («offsets») for å nå målet. Med ein flåte med 6500 semitrailerar, i tillegg til 4000 personbilar, sendar Walmart med det eit viktig signal til marknaden om å kome i gang med å utvikle nullutsleppsalternativ også for den vegbaserte tungtransporten. Sidan 2000 har dei globale CO₂-utsleppa frå bussar og trailerar i snitt auka med 2,6 prosent per år, ifølgje IEA.
Like etter at Walmarts globale nullutsleppsmål blei offentleggjort, følgde Walmarts avdeling i Canada opp med å tredoble bestillinga av Teslas elektriske semitrailer (som er lova i 2021).
Det store biletet:Walmarts klimainitiativ er del av ein global trend der store multinasjonale selskap trappar opp eigen klimainnsats – ofte som respons på stadig meir krevjandeaksjonærkrav. Dei store tek-selskapa sin satsing på 100 prosent fornybar energi er velkjent – med Google i spissen. Utviklinga dei siste åra går også ut på at ein i stadig større grad adresserer utslepp i heile verdikjeda, ikkje berre dei som skjer innomhus.
Elbilindeksen: september 2020
Vi startar med Noreg, der det blei selt 15 552 nye personbilar i september – 4 395 fleire køyretøy enn i same månad i fjor. Elbilar stod for 61,5 prosent av nybilsalet – opp frå 54,5 prosent i september 2019.
I Tyskland blei det i august selt 265 185 bilar – vel 20 000 fleire enn i same månad i fjor. Av desse var 21 188 elbilar (8 prosent). I september 2019 blei det selt 5 880 elbilar (2,4 prosent).
I Frankrike blei det i september selt 168 291 bilar – 5 225 færre bilar enn i same månad i fjor. Av desse var 10 009 elbilar (5,9 prosent). I september 2019 blei det selt 4 201 elbilar (2,4 prosent).
I Storbritannia blei det i september selt 328 041 bilar – 15 214 færre enn i same månad i fjor. Av desse var 21 903 elbilar (6,7 prosent). I september 2019 blei det selt 7 704 elbilar (2,2 prosent).