Om reisevanar, cocktailar og klimaeffektar - Energi og Klima

Om reisevanar, cocktailar og klimaeffektar

Nordmenns reisevanar, spesielt fly- og bilreisene våre, påverkar klimaet. Men kor stor klimaeffekten eigentleg er, avheng av mange ulike forhold.

1 kommentar
Antall flyreiser og lengden på reisene påvirker klimaeffekten av reisevanene våre. Her fra Bodø lufthavn.Foto: Jan Erik Paulsencb

Reisene våre er viktige bidrag til det totale klimafotavtrykket. Men dette er heller ikkje til å unngå. Menneske har alltid reist, og målt i minutt reiser vi ikkje så veldig annleis enn i steinalderen. Forskjellen er at vi har bytta ut muskelkraft med motorkraft, noko som fører til ein cocktail av ulike utslepp.

Kva er så eigentleg klimapåverknaden av reisene våre? Dette tilsynelatande enkle spørsmålet er ganske vanskeleg å svare på. Ettersom det er mange typar utslepp og mange måtar å sjå ting på, er det fleire svar.

Rapport: Luftfart og klima

Artikkelen er hentet fra Norsk klimastiftelses rapport Luftfart og klima. Les flere artikler fra rapporten. Se også videoopptak fra #Klimafrokost.

Cocktail for klimaforskarar

For ein klimaforskar er transportsektoren spanande ettersom ei blanding av ulike utslepp fører til svært forskjellige kjemiske og fysiske prosessar. Ein del utslepp er oppvarmande, som CO2; andre er nedkjølande, som lyse partiklar. Dessutan varierer effektane med tid, slik at utslepp av CO2 vil påverke klimaet i hundrevis av år, mens utslepp av partiklar har langt kortare påverknad. Nitrogenoksider (NOx) vil påverke både ozon og metan og dermed vere både oppvarmande og nedkjølande, alt etter tidsperspektivet.

Figur 1: Klimagassutslepp frå transportsektoren i Noreg i millionar tonn CO2-ekvivalentar. Dei største delsektorane er namngitt. Dei totale norske utsleppa er ca. 53 millionar tonn CO2-ekvivalentar. Takk til Robbie Andrew som har laga figuren basert på utsleppsdata frå Statistisk sentralbyrå.

Eit fly høgt i atmosfæren gir andre påverknader enn ein bil på landjorda eller eit cruiseskip i Arktis. I tillegg til drivhusgassar, ozonforløparar og partiklar, har luftfart ein ekstra joker, der fly fører til danning av kondensstriper og fjørskyer. For ein del av desse kortlevde effektane er det usikkert kor stor klimaeffekten er.

Alt avhengig av perspektiv

Å halde styr på utsleppa frå transport er ikkje rett fram. Transportsektoren står for ca. 30 prosent av dei norske klimagassutsleppa, med litt slingringsmonn – avhengig om motorsager og liknande blir definert som transport. Figur 1 viser at dei største utsleppa kjem frå personbilar, tunge køyretøy, sjøfart og anleggsmaskiner. Ein del av desse utsleppa, bl.a. bruk av personbilar, skuldast reisevanane våre. Denne statistikken, som er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB), tar ikkje med alt. Vi nordmenn reiser til, frå og i utlandet, noko som ikkje er med. Klimaeffekten av kondensstriper og partiklar er heller ikkje inkludert.

Kva som ikkje er med i SSB-statistikken betyr aller mest for luftfarten. Flyreiser kan stå for ein liten del eller ein stor del av oppvarminga, heilt avhengig av kva for perspektiv vi tar. Den offisielle norske utsleppsstatistikken viser at luftfart er ansvarleg for 2,5 prosent. Men flysektoren er spesiell ettersom vi nordmenn flyr mykje til utlandet og tilleggseffektane er nesten like store som oppvarminga frå CO2. Det er vanskeleg å kvantifisere nøyaktig kor stor auke vi får av å ta med desse andre utsleppa og effektane, men grovt sett påverkar nordmenns flyvaner omtrent like mykje som personbilane innanlands.

Kor skal vi reise hen?

Globalt sett er flysektoren ei lita utsleppskjelde. Ca. 2 prosent av klimagassutsleppa kjem frå luftfart. Ei årsak til dette låge talet er at dei aller fleste menneska i verda aldri har flydd. I figur 2 finn vi luftfart heilt nedst, mens vegtrafikk har langt større utslepp globalt.

Figur 2: Dei globale CO2-utsleppa frå ulike typar transport og enkelte andre sektorar. Luftfart er den minste sektoren av dei som er gitt her. Utsleppa er gitt i tusen millionar tonn CO2-ekvivalentar. Takk til Robbie Andrew som har laga figuren basert på utsleppsdata frå EDGAR.

Men luftfart er ein sektor i kraftig vekst, slik som vegtrafikk. Sjølv om flyselskapa blir stadig betre til å fly meir drivstoffgjerrig, har veksten i passasjertrafikken vore langt større. Veksten er aller størst for reiser mellom land (sjå figur 3), ein trend som òg gjeld for nordmenn. Ei stund var det nordmenns feriereiser til utlandet som drog opp veksten i flyreiser mellom Noreg og utlandet, dei siste åra er det utlendingar på ferie i Noreg.

Figur 3: Dei globale CO2-utsleppa frå luftfart delt etter om utsleppa skjer på innanlandsreiser eller på flygingar mellom land. Utsleppa er gitt i millionar tonn CO2-ekvivalentar. Takk til Robbie Andrew som har laga figuren basert på utsleppsdata frå EDGAR.

Klimaeffekten er…

Men la oss gå tilbake til nordmenns reisevanar og spørsmålet om kor stor klimaeffekt dei har. Basert på reisevanedata frå Transportøkonomisk Institutt i 2009 fann eg at vi reiser aller mest med bil, både talet på reiser totalt og kilometer totalt (sjå figur 4). Vi flyr sjeldan, i 2009 ca. to tur-retur reiser per nordmann. Desse flyreisene er lange og bidrar dermed med at den totale klimaeffekten av flyginga er omtrent like stor eller noko større enn for alle bilreisene. Figur 5 viser tydeleg at dei fleste reisene våre er korte med bil eller til fots, men at nesten 70 prosent av den totale klimaeffekten kjem frå dei lange reisene (lengre enn 100 km).

Ad
Ad
Ad

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Figur 4: Korleis ein gjennomsnittsnordmann reiste i 2009 fordelt på ulike transportmiddel (Aamaas og Peters, 2017). Kakestykka viser fordelinga for talet på reiser (venstre), total reiselengd (midten) og klimaeffekt (høgre).

Studien vart gjort for data i 2009 og dermed vil konklusjonane vere litt annleis med dagens reisevanar. Vi flyr langt meir i dag, spesielt til utlandet. Samstundes går utsleppa ned, per personkilometer. Altså er det truleg mindre utslepp for ein flytur til London i dag enn for ni år sidan. Vidare har elbilen slått gjennom i Noreg og dei fleste bilreiser kan no bli gjennomført med elbilar. Likevel trur eg at hovudkonklusjonane vil vere dei same om vi studerer nordmenns reisevanar i 2018.

Figur 5: Reiser med ulike transportmiddel fordelt etter kor lange reisene er, dei korte reisene til venstre og dei lange til høgre (Aamaas og Peters, 2017). Øvre figur viser fordelinga for talet på reiser, midtre figur total reiselengd og nedre figur klimaeffekt. Dei korte reisene er til venstre og dei lange til høgre.

Utsleppa frå reiser kan reduserast på tre ulike måtar:

  • Vi kan slutte å reise eller reise kortare.
  • Ny teknologi, slik som elbilar, kan ta over for eldre teknologi for å få ned utsleppa per kilometer.
  • Det siste alternativet er å bytte ut til eit grønare transportmiddel, altså frå fly og bil til tog, buss og sykkel.

Men det siste er ikkje så enkelt, slik som figur 6 viser. Å reise med eit fullstappa fly kan konkurrere med å køyre ein stor bil åleine. Om vi derimot fyller bilen med fem personar, er klimaeffekten per person ganske lik med det å ta kollektivtransport.

Figur 6: Ei samanlikning av ulike transportmiddel på reiser mellom 500 og 1000 km basert på europeiske forhold (Borken-Kleefeld med fleire, 2013). Klimafotavtrykket avheng ikkje berre av type transportmiddel, men òg kor mange passasjerar er med, altså belegg. Klimaeffekt gitt i CO2-ekvivalentar på y-aksen og belegg på x-aksen. Det typiske belegget er gitt med tjukk linje for dei ulike transportmidla. Øvst med størst klimaeffekt finn vi ulike fly, deretter ulike bensin- og dieselbilar, og nedst ulike bussar og tog.

Ver kritisk

Altså er det mange måtar å sjå på transport og reisevanar. Fly kan vere alt frå ein liten sektor i utsleppsrekneskapet til det aller største bidraget til klimaavtrykket ditt om du er blant dei som flyr ofte. Perspektivet er avgjerande. Difor bør vi alltid vere kritiske når vi kjem over påstandar om at utsleppa eller klimaeffekten av ein aktivitet er så stor eller så liten. Då er det lurt å undersøke kva for premiss som er lagt til grunn for utrekningane.

Uansett er dei globale utsleppa frå transport veksande, og skal vi klare dei ambisiøse klimamåla, så må òg desse utsleppa ned.

Se artikkelforfattarens presentasjon under #Klimafrokost om luftfart og klima:

Bli abonnent!

Én kommentar

  1. Karl Johan Grimstad

    Det første man bør finne ut er hvor mye oppvarming CO2 bidrar til,det stor tvil om, før man har sensiviteten klar er det umulig å lage slike utregninger det blir vel bare en mer eller mindre kvalifiser gjettning. Det vi vet er hva flytrafikken for øvrig slipper ut, svovel er fjernet fra flybensin Nox og CO er kortlivede gasser som raskt blir nedbrutt og ender opp som plantenæring, vanndamp blir spaltet til HO som er den viktigste faktoren til nedbrytningen av de andre klimagassene. så det allermeste som slippes ut inngår i det naturlige kretsløpet.

Kommentarfeltet er stengt.