Karbonlekkasje og klima-rekneskap: Utsleppa frå forbruk må òg telle med – Energi og Klima

Karbonlekkasje og klima-
rekneskap: Utsleppa frå forbruk må òg telle med

Eit klimarekneskap som fortel om utsleppa både ved produksjon og forbruk gjer eit betre bilete enn eit rekneskap som berre viser produksjonsutsleppa.

Med vannkraft på "tanken" kan en Audi e-tron kjøres utslippsfritt i Norge, mens utslippene ved produksjonen blir bokført i Tyskland og i de andre landene delene kommer fra. (Foto: Audi)

Regjeringas klimaplan fokuserar på dei produksjonsbaserte utsleppa, men likevel er risikoen for karbonlekkasje nemnd som eit potensielt problem. Tradisjonelle metodar for å rekna på land sine klimagassutslepp er avgrensa til totale utslepp frå produksjonsprosessane som skjer innanfor landegrensene.

Utslepp frå produksjonen av varer som vert produserte i andre land er ikkje teke med i denne rekneskapen, trass i at varene vert konsumert innanfor landet sine grenser. Dette har den uheldige effekten at eit land teoretisk sett kan betra sitt eige klimarekneskap ved å flytta den forureinande produksjonen sin til utlandet og deretter importera varene igjen.

Ved i tillegg å rekna ut utslepp basert på eit land sitt forbruk, vil ein kunna løysa dette problemet. Eit slik rekneskap – basert på forbruk – kan koma i tillegg til eit rekneskap basert på produksjonen. Kombinasjonen vil gje eit godt bilete av dei samla utsleppa.

SINTEF jobbar for tida både med forsking og oppdrag knytt til miljøutvida kryssløpsanalyse, inklusiv utvikling av databasar, og metodar for å inkludere arbeidskraft, materialbruk og investeringar. Dette skjer i tett samarbeid med mellom anna World Bank, United Nations Development Programme, og Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO). Modellane vert nytta til å analysera effektar av klimapolitikk på ‘Just Transition’, slik som karbonskattar og investeringar i nullutsleppsteknologiar. I Noreg har modellane vorte nytta mellom anna til å analysera effekt av sirkulærøkonomiske tiltak.

Ambisiøse mål for reduksjon av klimagassar

Den nye klimaplanen til Regjeringa – lagt fram som stortingsmelding nå i januar – inneheld ei rekke tiltak retta mot reduksjon av klimagassar. I tillegg til tiltak for industrien og jordbruks- og skogbrukssektorane, er det stort fokus på reduksjon av utslepp frå transportsektoren, der viktige tiltak er auka karbonskatt, subsidier for nullutsleppsbilar, og utviding av ladeinfrastrukturen.

Sidan tiltaka i all hovudsak har som mål å redusera klimagassutslepp, er det verd å ta opp diskusjonen om korleis desse vert rekna ut. Tal frå klimaplanen viser at Noreg har meir eller mindre uendra klimagassutslepp i perioden 1990-2019. Denne utviklinga står i skarp kontrast til Noreg sine løfter i Parisavtalen med reduksjon på 50-55% innan 2030.

Ei global utfordring

Stortingsmeldinga vektlegg eit faktum som er allment kjend; Global oppvarming er nettopp, som namnet tilseier, eit globalt problem. Med andre ord vil det ikkje hjelpa om Noreg reduserer sine nasjonale klimagassutslepp til null dersom me i staden importerer varer og tenester og tilsvarande utslepp heller skjer i andre land. I meldinga er det særskilt vektlagd at strenge lokale reguleringar kan føra til karbonlekkasje.

Aker Offshore Wind-sjef Astrid Skarheim Onsum om selskapets første leveår, konsesjon på norsk sokkel og fremtiden for havvind

Karbonlekkasje skjer når det er ei auke i klimagassutslepp utanfor eit land, som konsekvens av tiltak for å redusera utslepp i dette landet, til dømes Noreg. For eksempel kan ei auke i pris på fossile brennstoff føra til at produksjon av det fossile brennstoffet vert flytta til eit land som har ein mindre streng klimapolitikk, som igjen fører til høgare utslepp i dette landet og difor karbonlekkasje. I klimaplanen er karbonlekkasje, altså påverknaden norsk forbruk har i utlandet, nemnd som eit potensielt problem på fleire konsumområder:

  • Bruk av biodrivstoff krev regulering for å forsikra om at produksjon av biodrivstoff ikkje fører til meir avskoging i dei produserande landa (side 75)
  • Dersom tiltak fører til redusert produksjon av karbonintensive produktinnsatsar i jordbrukssektoren, kan bønder heller velje importerte produktinnsatsar. Denne auka importen skapar auka utslepp i utlandet og difor karbonlekkasje (side 124). Det same gjeld for torv (side 151)
  • Redusert matsvinn vil ikkje berre føra til reduserte utslepp i Noreg, men også i landa som produserer maten (side 118)
  • Importerte varer i bygg- og anleggssektoren har større klimagassutslepp enn heile den norske bygg- og anleggssektoren, noko som resulterer i eit tillegg på 5,8 millionar tonn CO2-ekvivalentar (12% av dei totale norske klimagassutsleppa) (side 194)

I klimaplanen star det svart på kvitt at ambisiøs klimapolitikk må adressera risikoen for karbonlekkasje (side 171) og at regjeringa tek sikte på å minska denne risikoen for eksempel med CO2-kompensasjon for karbonintensive industriar (side 172 og 206). Likevel viser klimaplanen til metoden brukt av FN sitt Klimapanel for utsleppsrekneskap, der klimagassar vert tileigna landa som slepp dei ut. Denne metoden kallast den produksjonsbaserte rekneskapen. Det vil sei at reduksjonsløftet til Noreg i Parisavtalen på 50-55% samanlikna med nivået i 1990 ignorerer karbonlekkasje, stikk i strid med det som står i klimaplanen. Våre gode naboar i aust har derimot teke til seg dette, og Sverige rapporterer no både produksjonsbaserte utslepp og konsumbaserte utslepp, som tek omsyn til karbonlekkasje ved å inkludera utslepp frå produksjon av importerte varer. (1) I Noreg er me derimot meir tilbakehaldne, og Miljødirektoratet har sagt at dei vil «sjå nærare» på metodar for konsumbasert rekneskap og klimagassutslepp, trass i at dette langt frå er ein ny metode og faktisk er veletablert i forskingslitteraturen og har vore det i 10-15 år.  

Konsumbasert rekneskap

I det produksjonsbaserte rekneskap vert utslepp som skjer innan landegrensene allokert til dei respektive landa, uavhengig av om utsleppa kjem frå produksjon av varer som skal eksporterast eller ikkje. I konsumbasert rekneskap vert utsleppa som skjer i produksjonen av varer som vert konsumert innanfor landegrensene allokert til landet, uavhengig av kvar produksjonen skjer.

Eit eksempel innanfor transportsektoren kan klargjera skilnaden. Elektrifisering av denne sektoren er i Noreg ein nøkkelfaktor for å oppnå minst 50% reduksjon i norske utslepp innan 2030. Noreg er verdsleiande i denne utviklinga, og nyheita om at sal av elektriske bilar i Noreg i 2020 for første gong var høgare enn sal av fossile bilar blei omtalt i internasjonal presse. Her er det liten tvil om at regjeringa sin politikk har spelt ein nøkkelrolle i form av subsidier, reduserte skattar og avgifter og utvikling av infrastruktur som ladestasjonar. Sidan elektrisitetsproduksjon i Noreg nærast berre er vasskraftbasert, er eit skifte til elektriske køyretøy ein effektiv måte å redusera nasjonale klimagassutslepp. Dersom alle køyretøy vert elektriske, vil Noreg ha ein transportsektor med tilnærma null utslepp, ved bruk av produksjonsbasert rekneskap.

Ta no eit eksempel med ein familie som skal på hyttetur og køyrer 200 km med sin nye Audi e-tron SUV med firehjulstrekk. Bagasjerommet er fylt med forsyningar nok til å klara seg i månadsvis i korona-lockdown, så familien kan i alle fall ha god samvit for miljøet, fordi bilen er drive av rein vasskraft. Er det verkeleg so enkelt? Med produksjonsbasert rekneskap vil utsleppa assosiert med bilen berre vera dei som skjer i Noreg – elektrisitetsproduksjon for å lada batteriet, oppvarming av varehuset til bilforhandlaren som selde bilen og energien brukt annakvart år når bilen er til EU-kontroll osv.

Sjølv om Audi’en vart kjøpt i Trondheim, vart den truleg montert i Tyskland med bruk av delar frå heile verda. Stålet, for eksempel, vart truleg produsert i Kina, kanskje frå jern vunne ut i Sverige. Kvart av desse produksjonsstega medfører utslepp. Med produksjonsbasert rekneskap, vert utsleppa tileigna landa dei skjer i, trass i at dei er eit resultat av forbruk i eit heilt anna land. Med bruk av konsumbasert rekneskap derimot, vil den som kjøper det ferdige produktet stå ansvarleg for desse utsleppa (den norske familien som skal på hyttetur i eksempelet ovanfor). Utslepp lengre bak i produksjonskjeda kan ofte utgjera ein stor del av dei totale utsleppa. Produksjon av stål er for eksempel ein karbonintensiv prosess. Kina produserer halvparten av stålet i verda og denne produksjonen medførte i 2015 1,5 gigatonn CO2 (2) noko som utgjorde 4,3% av dei totale globale CO2-utsleppa det året. Trass i at 14 % av stål produsert i Kina vart direkte eksportert og mykje av det resterande stålet gjekk med i produksjon av andre varer, skal ein etter det produksjonsbaserte rekneskapsprinsippet allokera klimagassutsleppa til Kina.

For å rekna på dei konsumbaserte utsleppa er det miljøutvida kryssløpsanalyse (environmentally extended multiregional input-output analysis eller EE-MRIO) som er den nytta metoden i forskingslitteraturen. Skilnaden mellom dei to prinsippa for utrekning av klimagassutslepp som me har skissert i denne teksten kan vera stor. Grafen i Figur 1 viser dei produksjonsbaserte (production-based) og konsumbaserte (consumption-based) CO2-utsleppa for Noreg i perioden 2005-2015, rekna ut ved bruk av OECD sine EE-MRIO database. Konsumbaserte utslepp er konsekvent høgare enn produksjonsbaserte i perioden, frå 10% høgare in 2005 til nesten 25% i 2011.

Figur 1: Dei norske produksjonsbaserte (production-based)  og konsumbaserte (consumption-based) CO2-utsleppa (megatonn). Data frå OECD.

Med denne metoden kan ein difor rekna ut innverknaden norsk konsum har globalt, noko som ikkje berre hjelper til med å vurdera karbonlekkasje, men også med å avgjera i kva grad miljøtiltak i Noreg faktisk fører til reduserte globale klimagassutslepp i tillegg til lokale utsleppsreduksjonar. Dersom klimaplanen har som mål å adressera global oppvarming, vil innføring av eit forbrukesbasert rekneskap – i tillegg til det produksjonsbaserte – vera eit viktig steg i rett retning.

(1) Schmidt, S., et al., Understanding GHG emissions from Swedish consumption-Current challenges in reaching the generational goal. Journal of cleaner production, 2019. 212: p. 428-437.

(2) Zhang, Q., et al., Comprehensive assessment of energy conservation and CO2 emissions mitigation in China’s iron and steel industry based on dynamic material flows. Applied Energy, 2018. 209: p. 251-265.

Kommentarfeltet er stengt.