Samstundes har elferjene byrja rapportere svært spennande tall på operativ kost. Ein tur over Sognefjorden med elferja "Ampere" kostar knappe 150 kr, og batteria som er tilgjengelege blir stadig meir effektive. Kostnaden for kryssinga inkluderer ikkje utgifter til omliggande infrastruktur, men seier noko om potensialet for redusert driftskost i maritim sektor på litt sikt. Liknande erfaringar blir gjort av supplybåtar, som opplyser at kosten ved å legge om til og nytte landstraum, er spart inn i løpet av knappe tre veker! Samstundes har offshorebåtar byrja nytte batteri for å ta toppane i dei mest energikrevjande oppgåvene, noko som lar motorane gå med jamnare belastning, gjev innsparing av drivstoff og mindre slitasje. Verkeleg spanande kan det dessutan bli når omlegging til kommersielle elfly byrjar for fullt. Rett før påske blei det annonsert at den norske gründeren Espen Høiby har bestilt 60 elektriske fly. Widerøe har nyleg oppjustert sine allereie ambisiøse mål endå nokre hakk, til elektrifisering av alle innanlandsfly i flåten innan 2030. Bransjen sjølv trur at elektrifisering kan halverekostnadar ved flygingar, i tillegg til at flystøy vil reduserast drastisk.
Smartare forbruk
Samstundes har Noreg eit stort potensiale for innsparingar i endra forbruksmønster på andre område. I 2017 kasta vi ca. 385000 tonn spiseleg mat i Noreg. Det representerer eit økonomisk tap på minst 20 milliardar kroner. I sirkulærøkonomiske prinsipp finnast det ikkje avfall, berre ressursar på avvegar. Her er søkjelys på å revitalisere forretningsmodellar, nytte ny teknologi og revolusjonere råvare- og materialbruken. Ifølge ei studie frå Ellen MacArthur Foundation kan EU aleine spare 600 milliardar dollar årleg dersom industribedrifter snus om til sirkulærøkonomi; i tillegg er det venta å skape meir enn to millionar jobbar innan 2030. Ein viktig stad å byrje i Noreg kan være klesindustrien, som representerer enorme utslepp på høgde med fly- og skipsfart.
På same tid er den energien vi ikkje nyttar, den desidert billigaste. Førebels har Noreg bunde seg til EU sin politikk om 45 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2030. Når det gjeld EU sitt mål om energieffektivisering på 32,5 prosent, er det meir uklårt kor Noreg står. I ein ny rapport frå Statnett skisserer ein at det trengs 40 TWh ny fornybar kraft for å erstatte gjenståande 95 TWh fossil energibruk i Noreg. (Konvertering frå fossil til elektrisk energi gjer store reduksjonar i primærenergibruk på grunn av forskjellar i verknadsgrad.) Kor mykje av dette som kunne vore tatt over energieffektivisering er likevel uklårt, og burde truleg vore knytt til eit nasjonalt mål for energieffektivisering.
Eplesunnenordmenn
I tillegg til sparing og kostnadsreduksjon, finns det mange gode vinn-vinn-eksempel som gjev klima-, helse- og miljøgevinstar i ein og same smekk. Redusert kjøttforbruk, til eksempel, gjer både store klimagevinstar og helsefordeler. EAT-Lancet rapporten hevdar at ein ved ein overgang til plantebasert diett kan hindre over 11 millionar tidlege dødsfall årleg. Også Helsedirektoratet har påpeikt at det vil gje store helseeffektar for det norske folk å byte vekk 1–2 kjøttmiddagar i veka og at det norske samfunnet ville spart 11 milliardar kroner i året på å redusere kjøttforbruket ned til det nivået som norske kosthaldsråd anbefaler.
Luftforureining frå køyretøy kan være skuldig i så mykje som 500000 for tidlege dødsfall i EU, i Noreg er anslaget 1600. Luftforureining i fleire av fjordane våre er også eit kritisk problem. I2018 gjekk Folkehelseinstituttet ut og advarte mot luftforureining frå cruiseskip i turistbygda Geiranger, der forureininga i periodar er så høg at det er helseskadeleg og kan forverre sjukdom særleg hjå dei som allereie har lunge-, hjarte- eller karsjukdom. Heldigvis er målet å rydde opp og gjere UNESCO-fjordane utsleppsfrie innan 2026. Dette burde sjølvsagt gjelde alle hamner og fjordar. I ein rapport frå TØI har ein funne at dei 175000 elsyklane som finnast i Noreg bidreg effektivt til å erstatte bilreiser. Samfunnet kan spare i størrelsen 280–735 millionar kroner i helsegevinst ved vidare elsykkeltiltak. Reduksjon i transportveksten i byane gjev mindre støy, mindre kø og trengsel, økt trivsel og reduserer behovet for vidare utbygging av transportkapasitet. I Oslo utgjer småleveransar rundt ein fjerdedel av vareleveransar og mykje av dette kan dekkast ved elektrisk lastesykkel. Ei undersøking frå Oslo og Akershus viste at 9 prosent opplever problem med å sove eller vaknar i løpet av natta på grunn av trafikkstøy. Særleg i bynære strøk kunne det vore interessant å sett nærare på kva økonomiske helsegevinstar reduksjon av støy ved redusert hastigheit og ikkje minst elektrifisering av både bilpark og fly, kunne gjeve. Slike grep kan kanskje også opne for at nye soner som er tungt støybelasta i dag, kan bli nye attraktive bustadområde i nær framtid.
Lønnsam omstilling
Akkurat som med LED-pærene kan de være freistande å hoppe på billigare og kortvarige alternativ, slik som Rogaland no står overfor i sitt komande bussanbod. Framoverlente politikarar bør likevel makte å ha auga på utsleppsfrie løysingar som står seg fram i tid. Dess enklare bør desse vala være om løysingane både gjer sparing i drift, smartare forbruk og helsegevinstar i tillegg.
Det er no fylka treng støtte til det grøne skiftet, til omlegging av ferjer, bussar og hurtigbåtar og storstilt utbygging av infrastruktur. Det er ikkje tilstrekkeleg og vitnar om manglande alvor når staten no tvinger fylke og kommunar til å lene seg på overbelastande bompengefinansiering og skarve 50 prosent statleg støtte for å få til nødvendig og ønska omlegging av kollektivstrukturen. Noreg treng desperat nye bein å stå på inn i framtida, så kvifor skulle ein ikkje omfamne det grøne moglegheitsrommet som så tydeleg inneheld mange vinn-vinn-situasjonar med løysingar som vi dessutan kan være med å utvikle: batterifabrikkar, nye grøne investeringsmodellar, havvind, sirkulærøkonomi, maritime og marine løysningar, moglegheiter i utviklingsland, berekraftig turisme eller produksjon av produkt med lavt karbonavtrykk.
Så ja, Carl I. Hagen, lat oss rekne på det! Men då bør det være eit reknestykke som inkluderer kva vi sparer, helseeffektar og kva moglegheitsdører det grøne skiftet kan opne på lengre sikt enn neste valperiode!