Fossilfrie regionar innan 2030 - Energi og Klima

Fossilfrie regionar innan 2030

Kanskje kan vi saman imøtekomme kravet frå dei unge, legge planar for å fjerne utslepp, region for region, og oppnå tilnærma fossilfri drift av Noreg innan 2030? Kjære politikarar, no har de sjansen. Dette er ikkje ein test, det er no det gjeld!

Valet 2019 vil være eit ypparleg høve for alle parti å briljere i å svare på kravet frå dei unge om klimahandling, skriv artikkelforfattaren. (Foto: Yuganov Konstantin/Shutterstock)

Hundretusenvis av unge fløymer ut i gatene og krev klimahandling verda over! Berre i Bergen var fleire tusen i skulestreik i førre veke, og komande fredag står Oslo for tur. Det er ingen grunn til å tru at kravet vil stilne, snarare tvert imot!

Under NRK Debatten torsdag 14. mars etterlyste dei unge ein plan for å nå 1,5-gradersmålet. Det gjer dei rett i, og til hausten er det val. Fylkes- og kommunalvalet handlar gjerne lite om nasjonal olje- og gasspolitikk, men kvar region kan likevel ta seg på leiarkappa og ta ansvar for eigne utslepp. Tida er moden for mål om fossilfrie regionar innan 2030. Valet 2019 vil være eit ypparleg høve for alle parti å briljere i å svare på kravet frå dei unge!

Byar med leiarkapper på

Dei nasjonale ambisjonane om 45 prosent klimagasskutt innan 2030 er ikkje i tråd med 1,5-gradersmålet. Våre største byar derimot, har tatt på seg grøne leiarkappar for framtida og har no alle satt mål om mellom 80 prosent og 100 prosent reduksjon av direkte utslepp innan 2030.

Fremst ligg Bergen, med mål om å bli fossilfri innan 2030. Like etter ligg Oslo, Tromsø, Trondheim og Stavanger. Det er fullt mogleg for alle kommunar og fylkeskommunar i landet å følgje byane sitt eksempel og bli fossilfri i same tempo! Mål om fossilfrie regionar innan 2030 og systematisk oppfølging vil mobilisere til både utsleppskutt i næringslivet og utløyse ny grøn næringsutvikling. Dessutan er ofte mange tiltak både kostnadssparande på litt sikt og helsefremmande for innbyggarane.

Oversikt over klimamål i Norge

Ambisiøse målsetningar er likevel lite verdt om det ikkje følger med solid handlekraft og systematisk oppfølging. Hjå dei som tek dette på alvor, er imponerande resultat allereie byrja å tikke inn. Mellom anna kan både Bergen og Oslo kan vise til høvesvis 9,5 prosent og 8,8 prosent nedgang i utsleppa frå 2016 til 2017. Til samanlikning gjekk nasjonale utslepp ned fattige 1,6 prosent.

Bylufta er samstundes blitt reinare, kollektivandelen har gått opp og singelbilisme gått ned. Men dette er berre byrjinga. Mellom anna vært no elbussar introduserte i arktiske Tromsø og nyleg gjekk Bergen ut med Nordens største anbod på 80 elbussar. Etablering av punkt for landstrøm i hamnene skjer parallelt. Kristiansand er mellom anna fyrst ute med å tilby landstrøm til cruiseskip, og Bergen vil snarleg gjere det same.

Fylkespolitikarar med framtidsmusklar

På fylkesnivå legg også modige politikarar stadig hovudet på blokka, og her har særleg Hordaland utmerka seg. Nye Vestland fylke treng mest oppjustere sitt overordna klimamål, slik at dei står i stil med krafttiltaka som no gjennomførast i tur og orden. Hordaland elektrifiserer 19 ferjer i ferjeflåten, Bybanen rullast ut til nye bydelar i Bergen, kollektivtrafikken blir fossilfri innan 2025 og ein har over fleire år ført ein storstilt utbygging av ladeinfrastruktur for elbil. Dette har resultert i at Hordaland er heilt i front i verda på elbil. Rekorden frå september 2018 med heile 73 prosent ladbare bilar i nybilsalet står truleg for fall allereie denne månaden! Den viktigaste puslespelbrikka som står att er at snøggbåtane også må verte utsleppsfrie.

Over heile landet har også fylkeskommunar vore initiativtakarar til å opprette Klimapartnere-nettverk. I dag finn ein Noregs største nettverk for systematisk klimaarbeid i Agder, Vestland, Troms, Rogaland, Trøndelag, Østfold og Nordland, og fleire regionar er like om hjørnet, godt hjelpte av klimasatsmidlar. Klimapartnere er ein viktig akselerator som legg til rette for at næringslivet og politikarane spelar tett på lag for grøn næringsutvikling og fossilfrie regionar innan 2030. Alle partnerverksemder utfordrast dessutan om å bli fossilfri innan 2030.

Fossilfrie fylker og kommunar innan 2030

Kva krevst så av lokalpolitikarane for å levere på kravet frå dei unge om ein plan? Det er kanskje ikkje så komplisert som ein skulle tru. For dei fleste kommunar og fylkeskommunar betyr dette ein konkret plan for:

1. Fossilfri energi: Eit nasjonalt forbod mot oljefyr trer i kraft i 2020, men for å oppnå fossilfri fyring innan 2030 trengs ein plan for å fase ut all fossilbasert energi som nyttast i bygg i regionen, også bruk av gass eller oljefyr til spisslast. Det inkluderer fossilbasert energi i bygg- og anleggsprosjekt, som står for ein betydeleg del av utsleppa.

2. Fossilfri transport: Tilstrekkeleg infrastruktur for utsleppsfrie køyretøy er naudsynt for å oppnå fossilfri transport, både for næringsliv og privatpersonar. Her er det svært viktig at distrikta ikkje blir hengande etter og kan tilby det same som bynære strøk. Skal ein oppnå fossilfri transport i alle regionar, trengs ein ambisiøs kombinasjon av nullutsleppstransport og løysingar som reduserer behovet for trafikk, betre arealplanlegging, utsleppsfrie kollektivløysingar, nye samkøyringsløysingar og ikkje minst betre tilrettelegging for gåande og syklande både i by og land.

3. Fossilfri hamner og maritim sektor: EU pålegg alle større hamner landstrøm innan 2025. Her kan kvar region velje å sitte på gjerdet og vente til reglane trer i kraft, eller agere no. Både i kommunar og fylkeskommunar kan ein også ta ei svært viktig rolle i omlegging av nærskipsfart som ferjer, snøggbåtar, turistbåtar og fartøy i oppdrettsnæringa innan 2030.

4. Grøne moglegheiter: Parallelt med at utslepp reduserast bør dei grøne næringsmoglegheitene i eigen region dyrkast systematisk fram. Her bør regionale utviklingsmidlar og den grøne innkjøpsmuskelen nyttast med omhug. I perspektivmeldinga frå Vestlandet har ein freista å gjere nettopp det, og staka ut nokre nye retningar. Vidareføring av denne typen arbeid blir endå viktigare i tida som kjem.

Vilje til leiing

Til sjuande og sist handlar dette fyrst og fremst om ei vilje til leiing. Fossilfrie regionar innan 2030 bør være innan rimeleg rekkevidde, og på mange områder er ein allereie svært godt i gong! For å lykkast med systematisk arbeid på lik linje som dei største byane, er det likevel essensielt med tverrpolitisk leiing og eit godt samarbeid mellom offentlege og privat næringsliv. Betre helse, rein luft, stillare trafikk, grøn forretningsutvikling og arbeidsplassar som står seg for framtida, får ein med på kjøpet.

Kanskje kan vi saman imøtekomme kravet frå dei unge, legge planar for å fjerne utslepp, region for region, og oppnå tilnærma fossilfri drift av Noreg innan 2030? Kjære politikarar, no har de sjansen. Dette er ikkje ein test, det er no det gjeld!

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.