Ny rapport: Utsleppa av klimagassar i vegtrafikken vil gå ned, men ikkje nok til å nå måla
Vi vil vere avhengig av nye verkemiddel om vi skal klare å halvere utsleppa frå norsk vegtrafikk innan 2030, konkluderer forskarar i ny rapport. Innfasing av moms på elbilar vil forseinka omstillinga.
Velkommen til september-utgåva av #Elektrisktransport. Nyheitsbrevet denne gongen er i sin heilskap via ein ny rapport frå Transportøkonomisk Institutt (TØI) – om utsleppsutviklinga i vegtrafikken fram mot 2030.
- Saknar du elbildata? På denne sida følgjer vi utviklinga månad for månad i dei viktigaste personbilmarknadene i Norden og Europa.
Vegtransportens klimagassutslepp mot 2030
– Elbilsalet i Noreg går veldig fort, men vi vil ikkje utan vidare nå målet om ei halvering av vegtrafikkens klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 2005, seier Lasse Fridstrøm, forskar ved Transportøkonomisk institutt (TØI), til Energi og Klima.
Han er hovudforfattar av den ferske rapporten Forsering eller hvileskjær? Her analyserer han og kollega Vegard Østli utsiktene til klimagasskutt i vegtransporten.
Ifølge SSB slapp vegtrafikken (personbilar, varebilar, tunge lastebilar m.m.) ut 8,4 millionar tonn CO₂-ekvivalentar i 2020 – mot 9,5 i referanseåret 2005. Sidan 2015 har utsleppa frå vegtrafikken gått nedover. Dette skuldast i all hovudsak auka innblanding av biodrivstoff.
Langt frå mål
I analysen av framtidige klimagassreduksjonar, spør TØI-forskarane: Kva utsleppsreduksjonar kan vi vente oss i vegtrafikken fram mot 2030 dersom A) noverande verkemiddelbruk vert vidareført utan nye tilstrammingar («Hvileskjærsbanen») eller B) nye tiltak vert innført nasjonalt og på EU-nivå («Tiltaksbanen»). Viktige føresetnader for Tiltaksbanen er at CO₂-komponenten i eingongsavgifta vert auka, at drivstoffprisane går opp i takt med høgare CO₂-pris og at ein fjernar vektfrådraget i eingongsavgifta for ladbare hybridar.
For både Hvileskjærsbanen og Tiltaksbanen er også effekten av ei gradvis innføring av moms på nullutsleppsbilar frå 2023 vurdert.
Dette kom dei fram til:
1. Forventa utsleppskutt i vegtrafikken dersom dagens verkemiddelbruk vert vidareført (Hvileskjærsbanen), men før ein tek omsyn til bruken av biodrivstoff:
- Med framleis fullt momsfritak for elbiler: 19,8 prosent lågare i 2030 enn i 2005.
- Med gradvis innføring av moms på elbilar frå 2023: 12,3 prosent lågare i 2030 enn i 2005.
2. Forventa utsleppskutt i vegtrafikken dersom ein innfører nye tiltak (Tiltaksbanen):
- Med framleis fullt momsfritak for elbiler: 31,3 prosent lågare i 2030 enn i 2005.
- Med gradvis innføring av moms på elbilar frå 2023: 26,4 prosent lågare i 2030 enn i 2005.
Skal biodrivstoff tette utsleppsgapet?
Ingen av utviklingsbanane er i nærleiken av å redusere utsleppa med 50 prosent innan 2030. Lengst unna målet vil vi vere dersom vi lener oss på å vidareføre dagens verkemiddelbruk. Ei gradvis innføring av moms slår negativt ut i alle tilfelle.
Ifølgje Fridstrøm kan det vere biodrivstoff som må dekke gapet mellom faktiske utslepp og utsleppsmål i 2030.
– Kva for ein bane vi følgjer, styrer kva rolle biodrivstoff får i vegtransporten framover. Utan å dra opp ein diskusjon om det faktiske klimafotavtrykket for bruk av biodrivstoff, så er dette fullt mogleg å gjere for Noreg. Det er i tråd med gjeldande bokføringsreglar.
Om målet er å redusere klimagasssutsleppa med minst 50 prosent innan 2030, viser grafen under at biodrivstoffbruken må aukast i alle utviklingsbanar. I «worse case» vil bruken meir enn tredoblast samanlikna med nivået i 2020. Då blei det selt 500 millionar liter flytande biodrivstoff til vegtrafikken i Noreg – mot 600 millionar i 2019. Det meste av dette er ifølgje Miljødirektoratet importert – i første rekke frå USA (61 prosent), Russland (5 prosent), Tyskland (5 prosent) og Canada (4 prosent).
Stor skilnad på nybilsal og bilbestand
I 2020 passerte elbilar 50 prosent av alle nyregistrerte personbilar i Noreg. Vi har grunn til å glede oss over at ingen andre land kan vise til ein like stor marknadsdel for elbilar, men Fridstrøm understreker at vi ikkje må sjå oss blinde på nybilsalet.
Bilbestanden er ein langt treigare masse å endre. Dersom ein vidarefører dagens verkemiddelbruk – inkludert momsfritak for elbilar – vil det ta 13 år før 50 prosent av bilbestanden er elektrisk. Dersom ein innfører elbilmoms, vil ledetida aukast til 24 år.
Elektrifisering er energisparande
Eit anna viktig poeng i rapporten er at avkarbonisering gir mykje lågare energiforbruk i vegtransporten.
– Den mengda straum som må til for at personbilar, varebilar og tunge lastebilar skal bli utsleppsfrie, er bagatellmessig i forhold til det vi sparer ved å gå frå forbrenningsmotorar til elektrisk drift. Visst alle personbiler var heilelektriske, vil det ikkje legge beslag på meir enn 5 prosent av vasskraftproduksjonen. Så effektiv er elbilen, seier Fridstrøm.
På tide å diskutere nye tiltak
Det vil alltid hefte usikkerheit ved analyser som dette. TØI-forskarane sjølve skriv at modellen er svak på å spå kva bilmodeller vi kan vente oss framover – og kva eigenskaper desse vil ha. Det er difor godt mogleg at ein undervurderer veksten i etterspurnad etter elbilar, skriv dei.
Samtidig tek modellen heller ikkje omsyn til drivkrefter som dreg i motsatt retning, som oppheving av fullt bompengefritak for elbilar, gratis elbil-parkering o.l.
Hovudbodskapen i rapporten – at vi står i fare på å bomme på klimamålet i vegtransporten – er likevel for viktig til ikkje å bli teke på alvor på grunn av eventuelle metodiske svakheiter. Fridstrøm seier til Energi og Klima at han håpar rapporten kan bidra til ein realitetsorientering hos norske politikarar.
– Det er mange som trur at avkarboniseringa av vegtrafikken går av seg sjølv. Men sanninga er at vi er heilt avhengig av nye tiltak – i tillegg til å forlenge momsfritaket for elbilar – dersom vi skal klare å halvere vegtrafikkens utslepp innan 2030. Vi må gå frå å diskutere mål til kva tiltak som kan føre oss til målet. Eg håpar denne rapporten vil bidra til det.
I den såkalla Tiltaksbanen har forskarane tatt med tre nye grep som vil auke konkurransefortrinnet for nullutsleppskøyretøy:
- Fjerne skattefordelen for ladbare hybridbilar.
- Skjerpe CO₂-komponenten i eingongsavgifta.
- Auke drivstoffprisane i takt med CO₂-avgifta – altså ingen kompensering ved pumpene.
I tillegg er altså momsfritak framleis viktig.
– Å ikkje innføre nye verkemidlar, samtidig som ein introduserer moms på nullutsleppsbilar, vil vere ein kraftig brems på elektrifiseringa av vegtransporten, seier Fridstrøm.
Effekten av å innføre moms på den delen av elbilprisen som overstiger 600 000 kroner, slik fleire parti har teke til orde for, er ikkje analysert i denne rapporten. Men i ein tidlegare rapport kom TØI fram til at eit slikt grep vil føre til at salet av nye elbilar vil gå ned 3-4 prosent.
For det nye Stortinget bør oppdraget vere klart: Vi må styrke konkurransefordelane til nullutsleppskøyretøy om klimamåla skal nås – ikkje svekke dei.