Storbritannia best på havvind

Det grunn til å heise flagget for avgjersla til Statoil og Statkraft om å bygge ein ny havvindpark. At det skjer i Storbritannia og ikkje i Noreg er eit resultat av politikk.

Den nye havvindparken Dudgeon skal etter planen vere klar for drift i 2017. Samla kapasitet for dei 67 vindmøllene er 402 MW, og parken vil venteleg produsere 1,7 TWh i året. Før prosjektets ferdigstilling skal det investerast cirka 15 milliardar norske kroner og det er signalisert at nye investorar er på veg inn på eigarsida. Dudgeon blir Statoil og Statkrafts andre felleseigde havvindpark i Storbritannia. Sherringham Shoal blei opna i 2012.

Over 1000 vindmøller har blitt installert utanfor kysten av England, Wales og Skottland sidan 2000. 88 av desse utgjer vindparken Sheringham Shoal. Foto: http://www.scira.co.uk
Over 1000 vindmøller har blitt installert utanfor kysten av England, Wales og Skottland sidan 2000. 88 av desse utgjer vindparken Sheringham Shoal. Foto: http://www.scira.co.uk

I Storbritannia er havvind peika ut som industrielt satsingsområde og er ein del av David Camerons Plan for growth. Ingen andre stadar er det meir gunstig å etablere ein havvindpark enn her. For Dudgeon betyr det at Statoil og Statkraft er sikra ein garantert minstepris på 150 pund per megawattime (MWh).

Ved utgangen av 2013 var over halvparten av verdas samla havvindkapasitet lokalisert i Storbritannia (sjå graf nedst på sida). Berre i fjor blei fire nye parkar kopla til det britiske straumnettet, deriblant det som til no er verdas største – London Array.

Ambisiøse kostnadsmål

Potensialet for vidare havvindvekst er stort. Bloomberg New Energy Finance skriv i siste Market Outlook at Europa vil bygge ut havvind-kapasiteten med 64 GW fram til 2030. Storbritannias vegkart for fornybar energi meiner britane åleine kan utvide kapasiteten til 18 GW innan 2020 og 40GW innan 2030.

Korleis framtida faktisk blir kjem an på kostnadsutviklinga. Som illustert i  2°C Ny Energi har kostnadene for havvind dei siste åra faktisk gått opp. Det skuldast at parkane blir plassert på djupare vatn enn før, og at det er eit generelt høgt kostnadsnivå for operasjonar offshore.

I Storbritannia har myndigheitene – i tillegg til dei langsiktige støtteordiningane som sikrar volum – tatt fleire initiativ for å gjere havvind meir konkurransedyktig. The Offshore Wind Programme Board blei oppretta i 2012 for å identifisere og fjerne barrierer for vidare havvindutbygging. Felles kostnadsmål for industri og myndigheiter er satt til £100/MWh innan 2020, mot £140/MWh i referanseåret 2011. Innan 2025 skal kostnadene ned til £95/MWh.

Noreg er tilskodar til havvindutviklinga

Kvar står Noreg i dette landskapet?

Trond Giske annonserte som næringsminister for fire år sidan at “Norge skal være med på det neste store industrieventyret til havs”.  Ingenting skjedde. Noverande og forrige regjering har begge til felles at dei vurderer havvind i Noreg utelukkande som eit spørsmål om kraftforsyning – og ikkje om strategisk viktig nærings- og industriutvikling.  Den openberre konklusjonen blir då at havvind er for dyrt samanlikna med vasskraft og landbasert vindenergi.

Storbritannia dominerer i dag den globale havvindsatsinga, med Danmark som ein god nummer to. Skal Noreg som nasjon få eigarskap i denne utviklinga må myndigheitenes “framing” endrast. Erna Solberg må tenke meir som David Cameron. Det handlar ikkje berre om klima og rein kraft, men minst like mykje om framtidige arbeidsplassar og grøn vekst.