Er klimapolitikk meir populært enn vi trur?

Sjølv om folk flest er for kjøttfrie dagar i kantiner, trur dei fleste at eit fleirtal er uenige. Spesielt politikarar bommar på kjøtthaldningane hos eigne veljarar. Forskar Ingrid Kvåle Faleide forklarar.

I arbeidet med doktorgraden har Ingrid Kvåle Faleide studert både folks haldningar og folks oppfatning av andres haldningar i tema som ofte er oppe i samfunnsdebatten. Eitt av dei er haldningar til kjøttfrie dagar i norske kantiner. Det viser seg då at dei fleste trur folk er meir konservative enn dei faktisk er.

Resultata kan tyde på at støtta for klimapolitikk blir undervurdert av både vanlege folk og politikarar. Det kan få konsekvensar for debatten og politikken, forklarar ho.

Vi snakkar med

Foto: Eivind Senneset, UiB

Ingrid Kvåle Faleide er stipendiat ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen.

<2°C: – Kva handlar dette om?

Ingrid Kvåle Faleide: – Utgangspunktet mitt var enkelt og greitt: «Kvifor gjer vi ikkje meir for å kutte klimagassutslepp?» Eg tenkte det må vere fleire tiltak som eit fleirtal av befolkninga støttar. Kanskje vi undervurderer kor mange som støttar tiltak for å redusere klimagassutslepp?

– Kva gjorde du?

– Eg har i to omgangar spurt eit tverrsnitt av den norske befolkninga kva dei synest om at kantiner har ein kjøttfri dag i veka, og kor einige eller ueinige dei var i at vi bør ete mindre kjøtt enn vi gjer i dag for å redusere klimagassutslepp. I den siste omgangen spurte eg også norske politikarar og tilsette i sentralforvaltinga kva dei meiner om kjøttfrie dagar. I tillegg har eg spurt gruppene om dei trur eit fleirtal eller eit mindretal av nordmenn er einige i det. Data er samla inn gjennom Norsk medborgarpanel, Norsk representantpanel og Norsk forvaltningspanel.

Over halvparten for kjøttfri dag

– Kva fann du?

Byråkrat, politikar eller medborgar?

De tre panela som Ingrid Kvåle Faleide har nytta, er ulike internettbaserte spørjeundersøkingar drivne av samfunnsforskarar ved Universitetet i Bergen- Her fortel ho meir om dei:

Medborgarpanelet er nok godt kjent for fleire av Energi og klima sine lesarar. Deltakarane representerer eit tverrsnitt av den norske befolkninga.

– Alle politikarane i Norge blir inviterte til å delta i representantpanelet, både dei som sit på Stortinget, i Sametinget, på fylkesting og i kommunestyrer. Dei aller fleste politikarane i Norge er jo lokalpolitikarar, så 95% av dei som er med her er ganske vanlege folk som har vanlege jobbar, men som òg er folkevalde.

– Til forvaltningspanelet rekrutterer vi førebels berre frå sentraladministrasjonen. Det vil seie at respondentane jobbar i departement og direktorat, dei er ikkje lokale byråkratar. Nesten alle bur dermed i urbane områder, og rundt halvparten i Oslo.

– For å ta medborgarpanelet: Resultata frå den første runden i fjor viser at 59 prosent er for ein kjøttfri dag i veka. Eg stilte også eit meir generelt spørsmål – om vi bør ete mindre kjøtt enn vi gjer i dag. Det var 56 prosent einige i. Då eg spurde igjen i år om ein kjøttfri dag i kantiner var støtta noko lågare, 52 prosent. Men det er ikkje signifikant forskjellig frå resultata frå 2022. Det kan altså sjå ut til at nesten halvparten av nordmenn er imot kjøttreduksjon som klimatiltak.

Bom frå tre av fire politikarar

– Kva med deira oppfatning av opinionen?

– Eg ba dei om å vurdere om det er eit fleirtal eller eit mindretal av nordmenn som støttar ein kjøtfri dag i veka. Sjølv om nesten 6 av 10 var for kjøttfrie dagar i fjor, og litt fleire enn halvparten i år, svarte likevel berre 29 prosent av medborgarane at dei trudde eit fleirtal var for. Altså trudde 7 av 10 at eit mindretal er for ein kjøttfri dag i veka.

Resultata frå i år viser at signifikant fleire trur det er eit fleirtal for kjøttfri dag i kantiner samanlikna med i fjor. 4 av 10 trur no at det er eit fleirtal.

– Kva med dei andre gruppene?

– Det mest oppsiktsvekkande funnet frå den koordinerte spørjeundersøkinga er nok data frå Representantpanelet. Dei viser først at 38 prosent av politikarane er einige i at kantiner bør ha ein kjøttfri dag i veka. Altså betydeleg færre enn blant veljarane dei representerer. Det treng i utgangspunktet ikkje å vere eit problem viss politikarane er bevisste på at folk kanskje ønskjer noko anna enn dei gjer sjølve. Men det er dei ikkje. Berre 26 prosent av politikarane trur eit fleirtal av nordmenn er for kjøttfri dag i kantiner, det vil seie at nesten 3 av 4 politikarar trur eit mindretal er for dette.

Til slutt viser tala frå forvaltningspanelet at 7 av 10 er for ein kjøttfri dag, og 45 prosent trur eit fleirtal av nordmenn er for.

Kven har fingeren mest på pulsen?

– Vent. Så syklande veganbyråkratar i hovudstaden har fingeren meir på pulsen til folk flest enn lokalpolitikarar? Korleis er det mogleg?

– Det var dine ord. Det er vanskeleg å spekulere i. Det kan vere ein slags projeksjon, at dei trur andre er einige med seg sjølv. Og gløym ikkje at også der trur dei fleste at eit mindretal er for, sjølv om der er fleire som trur eit fleirtal samanlikna med medborgarane og politikarane. Samstundes er dei fagfolk, dei jobbar jo både med utforming og iverksetting av politikken. Og dei skaper mykje av kunnskapsgrunnlaget for politikarar.

– Kva betyr dette?

– Det er litt tidleg å seie. Dette er eitt enkelt spørsmål om eitt spesifikt tema som eg skal forske på i alle fall i tre år til. Men om ein ser på liknande studiar, er det kanskje ikkje heilt uventa. Det er til dømes ein ny studie frå USA som finn overveldande underestimering av støtte for klimapolitikk blant amerikanarar. Der er også ei rekke studiar av politikarar og byråkratar som finn at desse gruppene har ein tendens til å overvurdere kor konservativ politikk folk føretrekk på ei rekke ulike saksfelt. Resultata mine kan tyde på at støtta for klimapolitikk blir undervurdert av både vanlege folk og politikarar. Byråkratane i Norge ser ut til å ha ei meir presis oppfatning.

Kva med vindkraft?

Ingrid Kvåle Faleide har også sett på kva folk meiner om vindkraft på land og til havs. Saman med andre forskarar har ho tidlegare skrive om dette i Energi og klima. Men ho har også spurt deltakarane i medborgarpanelet om kva dei trur folk flest meiner. Også her bommer dei:

– Opinionen er delt ganske på midten i spørsmålet om vindkraft på land. Om lag halvparten er for meir utbygging, og om lag halvparten er i mot. Likevel trur 7 av 10 at fleirtalet er i mot. Når det gjeld vindkraft til havs er det enno eit tydeleg fleirtal for dette. 70 prosent er for. Likevel trur halvparten av nordmenn at det er eit mindretal for utbygging også til havs, seier ho.

Ein ting som er sikkert, er i alle fall at det ikkje er noko overveldande støtte blant nordmenn for å redusere kjøttkonsum viss føremålet er å redusere klimagassutslepp. Der er ein studie undervegs som skal teste om det er meir støtte for å redusere kjøttkonsum om føremålet er betre helse. Det kan virke som at det er noko spesielt med kjøttreduksjon som klimatiltak.

Kan påverke politikken

– Kvifor?

– Anten er ikkje folk klare over at det har effekt, eller så vil dei ikkje heilt akseptere det. Dei to første stega mot åtferdsendring blir gjerne kalla «awareness» og «willingness». Altså om dei er merksam på problemet, og om dei er viljuge til å endre åtferd. Eg kan ikkje seie sikkert om nordmenn ikkje er «aware» eller ikkje er «willing», sidan eg har spurt om dei er einige i at vi bør ete mindre kjøtt enn vi gjer i dag. Det kan jo kanskje vere spennande å nøste opp i.

– Kva bør vi gjere vidare?

– Her er jo veldig mykje å ta tak i. Sjølv kjem eg til å sjå meir på dette med oppfatning av opinion. For å kome tilbake til utgangspunktet mitt: «Kvifor gjer vi ikkje meir for å kutte klimagassutslepp?». Om dette er ein trend i ei rekke spørsmål om konkrete tiltak vi kan setje i verk for å redusere klimagassutslepp, så er jo kanskje dette med oppfatning av opinion ei forklaring.

Viss mange går rundt og trur at andre er ueinige med dei, så er det kanskje ikkje så rart at dei ikkje tør å ta opp eller snakke om desse tinga. Det gjeld både vanlege folk og politikarar. Viss du er ein av dei 4 av 10 folkevalde som synest kantiner kan ha ein kjøttfri dag i veka – men du trur at det er eit mindretal for dette, så er det nok mindre sannsynleg at det er noko du vil ta opp i kommunestyret. Det same kan gjelde til dømes på arbeidsplassen din, og i sosiale samanhengar.

«The spiral of silence»

– Men då er det kanskje ikkje heilt greitt om desse gruppene konsekvent misoppfattar folkeopinionen?

– Det er ei skummel utvikling om det er slik at ein ikkje tør å snakke om ting som ein trur andre er ueinig med deg i. Dette har blitt kalla «The spiral of silence». Poenget er at opinionsklimaet kjem an på kven som snakkar og kven som held stilt.

Få alle ekspertintervjuene i innboksen

I Ekspertintervjuet prater vi med forskere og andre fageksperter om temaer som er relevant for klimakrisen og det grønne skiftet.

Abonner på Ekspertintervjuet:

– Kva med andre grupper som er viktige opinionsdannarar? Til dømes journalistar?

– Vi forsøkte også å setje opp eit journalistpanel, men vi fekk for få respondentar til at vi kunne halde fram med det. Eg nyttar data frå det prøveprosjektet i ein annan studie eg held på med i samband med doktorgraden min, som handlar om inkludering av muslimar. Der ser eg at journalistar følgjer same mønster som politikarar og byråkratar. Dei plasserer seg rett nok noko til venstre for desse gruppene, og har litt meir liberale haldningar enn dei.

Eg veit ikkje nok om kva haldningar dei har på klimafeltet. Men det er relevant: Vi veit at også journalistane si oppfatning av opinionen fargar arbeidet deira. Korleis dei framstiller sakene, kva saker som slepp til. Og arbeidet til journalistane fargar igjen opinionen. Til dømes når dei vel å sleppe «både sider» av ei sak til. Då kan ein minoritetsopinion virke større enn den faktisk er.