Kunstig energiøy i Nordsjøen skal forsyne Europa med havvind
Danmark vil bygge to energiøyer for havvind innan 2030. Les også: Merkel og Macron med historisk initiativ for grøn gjenoppbygging av Europa. Sverige lanserer nytt grønt skattefrådrag for privatpersonar.
Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.
Danmark tenker nytt om havvind
Nyheita: Danmark skal fram mot 2030 bygge to energiøyer for havvind med samla kapasitet på 4 GW. Eksport av rein straum til Europa, samt produksjon av grøn hydrogen, står sentralt i planane som blei kunngjort denne veka.
Bakgrunn: Den danske regjeringa skapte overskrifter då dei tysdag lanserte første del av den nye klimahandlingsplanen som skal bidra til at landet når målet om 70 prosent lågare utslepp i 2030 samanlikna med 1990. Ei av satsingane som Mette Frederiksens regjering foreslår er å gå frå einskildvise havvindprosjekt til bygging av to energiøyer som kan kople fleire prosjekt saman. Innan 2030 skal det byggast ei kunstig energiøy i Nordsjøen med 2GW havvind (med potensiale for 10 GW på sikt), i tillegg skal det byggast ut 2GW havvind i tilknyting til Bornholm i Østersjøen. Dei 4 GW med ny havvindkapasitet vil gi meir rein straum enn det danskane treng sjølv. Difor er krafteksport og hydrogenproduksjon ein viktig del av den nye havvindsatsinga, skriv regjeringa. Financial Times kallar prosjektet «the world’s most ambitious offshore wind project». Prislappen er ifølgje FT 37 milliardar euro og vil bli den største infrastrukturinvesteringa i dansk historie. Mens forslaget til energiøyer blir teke godt imot, er opposisjonen i Danmark kritisk til den samla effekten av regjeringas handlingsplan. Planen, som inneheld i alt seks satsingar inkludert havvind, vil kutte 2 millionar tonn CO₂ innan 2030, mens behovet er 19 millionar tonn CO₂ om klimamålet skal blir nådd. Eit av tiltaka som Frederiksen-regjeringa har avvist, er Klimarådets forslag til CO₂-avgift.
Kva skjer framover: Forhandlingane om klimahandlingsplanen mellom regjeringa og samarbeidspartia i Folketinget er venta å starte i neste veke. Ytterlegare klimatiltak er venta å bli presentert over sommaren.
Vil du gå djupare? På Klimaministeriet sine heimesider finn du både pressemelding og faktaark om energiøy-prosjektet.
EU vil bruke krisepakkar til å akselerere grøn giv
Nyheita: Neste veke legg EU-kommisjonen fram sitt forslag til økonomisk korona-krisepakke. Eit nytt fransk-tysk initiativ om finansiering, samt lekkasjar av kommisjonens interne arbeidsdokument, peikar i retning av ein kraftig akselerasjon for EUs grøne giv.
Bakgrunn: Måndag inviterte Emmanuel Macron og Angela Merkel til felles videokonferanse. Der annonserte dei eit felles forslag om å etablere eit europeisk gjenoppreisingsfond på 500 milliardar euro. Dei ekstraordinære midlane skal integrerast i EU sitt neste langtidsbudsjett (2021-27) og skal gå til gjenoppreising av regionar og sektorar som er i akutt økonomisk krise på grunn av covid-19. Det historiske med forslaget er at Tyskland har gått med på at mottakarane ikkje skal betale pengane tilbake, og at alle EU-land skal bidra med å stille sikkerheit for finansieringa. Det skal dessutan vere ein klar retning på fondet: I den fransk-tyske erklæringa heiter det at krisefondet skal bidra til å akselerere det grøne skiftet, og at den grøne given («European Green Deal») skal bli EUs nye vekststrategi. Macron og Merkel tek også til orde for å etablere eit prisgolv i den europeiske kvotemarknaden (EU ETS).
I eit utkast til EU-kommisjonen sin kriseplan som Euractiv har fått tilgang til, kan det verke som at grøne tiltak får ein sentral plass. Mellom anna foreslår kommisjonen eigne EU-anbod for fornybar energi (15 GW over dei neste to åra), ei ny støtteordning for produksjon av «clean» hydrogen og meir ambisiøse planar for renovering av bygg. Kommisjonen skal også vurdere fleire nye tiltak for å få fart på elbilsalet, mellom anna momsfritak.
Kva skjer framover: 27. mai skal EU-kommisjonen legge fram sitt forslag til gjenoppreisingspakke etter korona. Dette og langtidsbudsjettet må sjåast i samanheng. Ingenting er avklart før alle EU-land og Europaparlamentet er einige.
Vil du gå djupare? Neste veke sendar Energi og Klima ut nyheitsbrevet #EUklima med siste nytt om krisepakkar, langtidsbudsjett og grøn giv i EU. Det er gratis å bli abonnent.
Sverige introduserer nytt grønt skattefrådrag for privatpersonar
Nyheita: Den svenske regjeringa foreslår eit nytt grønt skattefrådrag for privatpersonar som installerer solceller, energilagringssystem og ladepunkt for elbilar. Forslaget skal etter planen tre i kraft frå 1.januar 2021.
Bakgrunn: I dag kan svenskane gjennom tre ulike ordningar få støtte til installasjon av solceller, lagringssystem for eigenprodusert straum og ladepunkt for elbil. Støtteordningane vert finansiert over statsbudsjettet. Det nye forslaget, som den svenske regjeringa har sendt på høyring med svarfrist 11. juni, inneber at dei tre støtteordningane vert erstatta av eit felles grønt skattefrådrag. Frådraget vil gi skattereduksjon på 15 prosent for solceller (mot 20 prosent i dag), 50 prosent for lagringssystem for eigenprodusert straum (mot 60 prosent i dag) og 50 prosent for elbilladarar (som i dag).
Skattefrådraget gjer at svenskane ikkje lenger treng å fylle ut søknadsskjema og stå i behandlingskø for å få utbetalt støtte til grøne energitiltak i heimane sine. Frådraget blir trekt direkte frå fakturaen som kunden betaler, medan bedrifta som utfører arbeidet får frådraget tilbakebetalt av skatteetaten etter at jobben er gjort og kunden har betalt sin del. Støtta dekker både material- og arbeidskostnader, men avgrensar seg til 50 000 kroner per person og skatteår. Bransjeorganisasjonen Svensk solenergi seier forenklinga med det nye systemet meir enn kompenserer reduksjonen i støtte for solceller. Sverige har erfaring med tilsvarande skattefrådrag for handverkarhjelp i heimen (ROT-frådrag) og for reingjering, barnepass og hagearbeid (RUT-frådrag). Seinast i 2015 avviste den norske regjeringa tilsvarande ordning her.
Elbilprognosar i koronaens tid
Nyheita: Også bilsalet i verda er sterkt ramma av korona. Salet av elbilar vil i 2020 gå ned heile 18 prosent samanlikna med 2019, mens nedgangen for bensin- og dieselbilar blir endå større. Det skriv Bloomberg New Energy Finance (BloombergNEF) i ein ny rapport.
Bakgrunn: Kvart år gir konsulentselskapet BloombergNEF ut ei framskriving av den globale elbilmarknaden. I årets utgåve av Long-Term Electric Vehicle Outlook kan ein lese at på grunn av koronakrisa blir det i 2020 slutt på ein ti år lang samanhengande periode med årleg elbilvekst. BloombergNEF spår at bransjen har nokre turbulente år framfor seg, men at dei langsiktige elbil-prognosane ikkje er forandra i negativ retning som følgje av covid-19. Her er nokre av det ein kan lese i samandraget som er tilgjengeleg for alle:
- Det globale elbilsalet vil i 2020 bli redusert med 18 prosent, til 1,7 millionar bilar. Salet av personbilar med forbrenningsmotor går ned 23 prosent.
- Mens elbilar står for under 3 prosent av det globale nybilsalet, er 30 prosent av alle mopedar/motorsyklar som vert seld i verda elektriske.
- Det finst i dag over 7 millionar elbilar, 500 000 elbussar, nesten 400 000 elvarebilar og 184 millionar elmopedar/elmotorsyklar.
- BNEF trur elbilar vil utgjere 10 prosent av det globale nybilsalet i 2025, 28 prosent i 2030 og 58 prosent i 2040.
- Salet av bensin- og dieselbilar på verdsbasis passerte eit toppnivå i 2017
- I 2022 kan forbrukarane velje mellom over 500 ulike elbil-modellar globalt.
Varmare klima gir kraftigare orkanar
Nyheita: Ei ny studie viser at tropiske syklonar har blitt meir intense dei siste 40 åra.
Bakgrunn: Tropiske syklonar (også kjend som orkanar og tyfonar) er eit kostbart problem i mange regionar, og verre kan det bli: I ein ny artikkel publisert 18. mai i tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences (PNAS) har forskarar ved hjelp av satellittobservasjonar frå perioden 1979-2017 kome fram til at sannsynet for at ein orkan utviklar seg til ein kategori 3-orkan eller sterkare ( 185 km/t eller meir…) har auka med åtte prosent per tiår dei siste 40 åra. Regionen som har hatt sterkast vekst i syklonintensitet er Nord-Atlanteren. Her har sjansane for ein orkan på styrke 3 eller høgare gått opp 49 prosent per tiår. Les meir om studien i New York Times og i CarbonBrief.