Spenstig forsvar for politisk blindspor

Bokmelding: Marius Gulbranson Nordby argumenterer betre juridisk enn politisk for det tapte klimasøksmålet. Men morosam er han å lesa uansett.

18. oktober 2016 gjekk miljøorganisasjonane Greenpeace og Natur og Ungdom til søksmål mot den norske staten. Bakgrunnen var utlysinga av 23. konsesjonsrunde, som opna for petroleumsaktivitet lenger nord i Barentshavet enn nokon gong tidlegare, og dermed høgst sannsynleg for auka norsk olje- og gassproduksjon.

Saksøkjarane ville prøva dette vedtaket mot den ferske paragraf 112 i Grunnlova. To år tidlegare hadde nemleg Stortinget vedteke, mot røystene til Frp og to Høgre-representantar, at

«Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter.

Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet, og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.

Dei statlege styresmaktene skal setje i verk tiltak som gjennomfører desse grunnsetningane.»

Kunne denne paragrafen brukast for å stansa vidare ekspansjon i den norske olje- og gassnæringa? Ville ny produksjon, og dermed auka klimagassutslepp, vera i strid med den grunnlovsfesta retten til eit helsesamt miljø og ei berekraftig forvalting av naturen? Det ville i så fall vera ein epokegjerande siger for klimakampen, tenkte dei to organisasjonane.

«Dårleg jus»

NY BOK: Marius Gulbranson Nordby: Det store klimasøksmålet. Saken som tok livet av Grunnlovens miljøbestemmelse. 159 sider, Cappelen Damm Akademisk.

Fire år seinare kom svaret. Høgsterett avviste søksmålet, slik også tingretten og lagmannsretten hadde gjort.

Marius Gulbranson Nordby, ekspert på miljørett, er ikkje nådig mot denne dommen, som han hevdar «bestod av svak virkelighetsforståelse og dårlig jus». Retten tok verken Grunnlova eller klimakrisa på alvor, meiner Nordby.

Det vil føra for langt å referera kritikken hans i detalj. Men eit sentralt punkt hos Nordby er at retten har teke for lite omsyn til ordlyden i paragrafen, og for mykje til «lovgivarviljen». Når regjeringsadvokat Fredrik Sejersted viste til at miljøparagrafen måtte tolkast i lys av at Stortinget i ettertid hadde gitt grønt lys for auka oljeutvinning, og fekk retten med seg på det, viser det ifølgje Nordby at paragrafen er tømt for kraft, og at politikarane i realiteten får det som dei vil.

Forfattaren innrømmer at Stortinget uansett har det siste ordet og vil kunna endra ei lov dei folkevalde er usamde i. Men paragrafen kunne ha vore eit verktøy for negativ makt, og på den måten sett grenser for kva som kan gjerast med naturen. Om ikkje naturøydelegging kan stoppast fullstendig, så kan tiltaka utsetjast eller modererast. Nordby nemner fleire eksempel på det frå utlandet.

Arbeid eller miljø?

For ein ikkje-jurist verkar den faglege kritikken velfundert nok, og dessutan framført i eit språk som bør vera forståeleg for dei fleste lekfolk. Problemet er større når Nordby bastant slår fast at kritikken frå politikarar og kommentatorar mot ei rettsleggjering av klimasaka og andre politiske spørsmål er «feil». Her kunne ein større grad av sjølvransaking etter nederlaget ha vore på sin plass (sjølv om dommen er klaga inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen og det slik sett er håp i hengande snøre).

Nordby er for så vidt inne på dilemmaet når han vedgår at klimakrisa passar dårleg inn i jusen: «Den har ikke klart definerte parter, den er et resultat av utallige handlinger som er spredd over tid og sted med virkninger som er like spredd og mangefasetterte.»

Om ein skal forsterka dette poenget endå meir, kan ein jo kasta blikket oppover til paragraf 110 i den same Grunnlova. Der står det at «dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at kvart arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt eller næringsverksemda si». Petroleumsnæringa har om lag 200.000 arbeidsplassar. Det er ikkje utenkeleg at nokon i næringa ville ha prøvd ein oljestans for retten. Og kva for ein paragraf skal då juridisk vega tyngst, 110 eller 112?

Strategi for miljøet

Nordby overtyder meg ikkje om at Trine Eilertsen, Hanne Skartveit, Bjørgulv Braanen med fleire tek feil når dei åtvarar mot å la dommarar avgjera politiske spørsmål. Eg synest han tek for lett på faren for amerikanske tilstandar, sjølv om vegen heldigvis er lang til USA, og nok ville ha vore det også med eit anna utfall av klimasøksmålet. Men det skal Nordby ha – han viser god forståing for kvifor skepsisen til domstolsmakt står sterkt i den norske politiske tradisjonen.

Til sjuande og sist er dette eit spørsmål om strategi for miljørørsla. Det er lett å forstå at den juridiske vegen er freistande, men den kan aldri erstatta ei solid demokratisk forankring. Det store problemet for dei kreftene som vil bremsa opp, byggja ned og omstilla norsk oljenæring – og argumenta er sterke for at dette er nødvendig for å nå forpliktingane i Paris-avtalen – er at dei ennå ikkje har fått eit fleirtal for ein slik politikk. Når Nordby mot slutten skriv at «i Norge ligger ikke makten hos Stortinget, men hos folket», blir eg litt uroleg. Eg skal unngå å tolka dette i verste meining, som ein flørt med autoritært tankegods der enkelte ser seg som fortolkarar av den eigentlege folkeviljen uansett kva folket sjølv måtte gi uttrykk for. Men miljørørsla bør vera på vakt mot snarvegar – juridiske eller andre. Dei kan fort visa seg å verta blindvegar.

Spenstig humor

Eg kan ikkje avslutta denne omtalen utan å gi Marius Gulbranson Nordby ros for språk og form. Mannen er jo ein stor humorist! Det er sjeldan å lesa ei så spenstig sakprosabok. Jamvel fotnotane, med til tider hemningslause digresjonar, er til tider ein fest. Som for eksempel, til den pompøse formuleringa om at Grunnlova «skal være et stødig, stabiliserende punkt i staten»: «Som James Milner på midtbanen til Liverpool»!

Forfattaren sparar heller ikkje si eiga slekt, personifisert ved den erkekonservative tipp-tipp-oldefaren, godseigar Carl August Gulbranson: «Du vil som regel kunne identifisere medlemmer av min familie om du ser etter den aller siste mann som står skrikende på barrikadene på gal side av historien.» Den familietradisjonen vil definitivt ikkje unge Marius følgja opp, sjølv om han akkurat i denne saka er på taparsida.