3
2

3
Stillinger
2
Klimakalender
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 2. juni 2023
Sist oppdatert 12.06.2023, 09:18
Artikkelen er mer enn to år gammel
Kommentar

Regje­ringas klima­opp­drag: Alt må gjerast og alle må med

Å redusere norske klimagassutslepp med over 50 prosent innan 2030 er enno mogleg å få til. Men det skjer ikkje av seg sjølv, og iallfall ikkje utan eit tydelegare klimaleiarskap på toppen.
regjeringas-klimaoppdrag-alt-ma-gjerast-og-alle-ma-med-featured.jpg

NY RAPPORT: Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) mottek rapport frå Miljødirektoratets direktør Ellen Hambro (t.h.) om klimatiltak i Norge mot 2030. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Publisert 2. juni 2023
Sist oppdatert 12.06.2023, 09:18
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Det er hovudbodskapen i rapporten «Klimatiltak i Norge mot 2030»som Miljødirektoratet har utarbeida på oppdrag frå regjeringa. Rapporten har greia ut over 80 klimatiltak som i sum vil kunne bidra til at norske utslepp i 2030 vil vere 53 prosent lågare enn i 1990. For å kome opp i 55 prosent, som er regjeringas omstillingsmål, må ein supplere med ytterlegare tiltak.

Karbonfangst og -lagring (CCS) og elektrifisering (av sokkelen og transportsektoren) er dei to tiltaka som vil gi størst utsleppskutt dette tiåret, men ikkje ein gong dette vil vere tilstrekkeleg. Det trengs innsats over heile fjøla – både stort og smått. Lista under dekker 75 prosent av utsleppspotensialet som Miljødirektoratet har greia ut:

Verkemidla som kan utløyse naudsynte utsleppskutt er for det meste godt kjent. Unnataka er kanskje desse to som begge rettar seg mot industrien:

  • Omvendt CO₂-avgift:For å få fart på utrullinga av CCS luftar Miljødirektoratet eit forslag om å innføre ein omvendt CO₂-avgift. Framfor å betale avgift på CO₂-utslepp får industriaktørar betalt per tonn CO₂ dei klarar å fjerne/lagre.
  • Krav til mottakarar av CO₂-kompensasjon:Noreg brukar milliardar kvart år på CO₂-kompensasjon til industrien. I Finland stiller myndigheitene krav om verksemder som får CO₂-kompensasjon må bruke minst 50 prosent av støtta på klimatiltak. I følgje Miljødirektoratet er det mogleg å redusere meir enn fire millionar tonn CO₂e i 2030 frå aktørar som i dag mottek CO₂-kompensasjon.

Politisk er det også interessant å merke seg at Miljødirektoratet ikkje foreslår å auke bruken av flytande biodrivstoff mot 2030. Sjølv om dette ville gitt Noreg større utsleppskutt på papiret, minner direktoratet om at biodrivstoff i dag har betydelege berekraftsutfordringar. I tillegg til at det er dyrt.

På pressekonferansen der rapporten blei presentert sa klima- og miljøminister at særleg tiltak som rettar seg mot folks vanar og kosthald blir krevjande å handtere politisk. Det er ikkje vanskeleg å gi han rett. Vi hugsar alle «Kjøttfri middag er ikkje middag»-utspelet til Senterparti-politikarane Geir Pollestad og Sandra Borch tidlegare i vår.

Den store utfordringa ligg likevel ikkje i einskildtiltak, men at vi må gjere så mykje parallelt. Å få folk til å halde seg innafor 500 gram raudt og behandla kjøtt i veka er naudsynt, men det skal skje samtidig med at vi rullar ut CCS i industrien, tek i bruk hydrogen og hydrogenbasert drivstoff i maritim sektor, sikrar at det kun vert selt utsleppsfrie lastebilar,  reduserer transportbehovet, gjer bygg- og anleggsplassar utsleppsfrie og stansar nydyrking av myr. For å nemne noko.

I tillegg må vi sørge for at vi har nok elektrisitet gjennom auka produksjon og utbygging av nett. Miljødirektoratet skriv at kraftbehovet vil vere 34 TWh høgare i 2030 enn i 2021. Då er eventuelt kraftforbruk til hydrogenproduksjon heldt utanfor.

Dermed er vi inne på eit viktig tema som Miljødirektoratet ikkje tek opp direkte: leiarskap og gjennomføringsevne! Å meir enn halvere norske klimagassutslepp innan 2030 – på veg mot netto null i 2050 – er så omfattande og komplekst at det ikkje er nok med ein dyktig klima- og miljøminister. Alle departementet må bli med på den mobiliseringa vi treng – og alle statsrådar må gjerast ansvarlege.

Den einaste måten det kan skje på er at det tas klare styringsgrep frå mannen på toppen. Jonas Gahr Støre må framover utvise eit langt sterkare klimaleiarskap enn det både han og statsministrar før han har vist til no.

ANNONSE
Bluesky

Les også

En eldre mann med briller og grått hår smiler mens han snakker til pressen, med flere fargede mikrofoner synlige foran seg.

Statsbudsjettet: De viktigste klimasakene

Norge sliter med utslippskuttene i klimaavtalen med EU – gapet øker, viser forslaget til statsbudsjett. Les oversiktssak om budsjettnyhetene på klima- og energifeltet.
15. oktober 2025
Les mer

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Støtt oss
Støtt oss
Artikkelen fortsetter under annonsen
Annonse
Våre støttespillere
Ledige stillinger i det grønne skiftet

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen energibruk, dataforvaltning og digitalisering
Oslo, Trondheim, Tønsberg
Frist: 17.03.2026
Tre kollegaer som prater sammen rundt et bord

NVE søker rådgiver

Rådgiver innen EU-regelverk, energieffektive produkter og fornybar energi
Oslo, Trondheim
Frist: 11.03.2026
kaffepause kontor kollegaer

Prosjektstilling – Samfunnsøkonom

Toårig prosjektstilling innen bolig- og eiendomsanalyse
Oslo
Frist: 23.02.2026
Et løvrikt tre står i en gressbevokst gårdsplass med utemøbler, inkludert stoler, en benk, et bord og en hengekøye, ved siden av en ferskenfarget boligblokk.