Ikkje gløym fornybarbedriftene i den grøne omstillinga
Grøn omstilling av leverandørindustrien kan neppe kompensere fullt ut for den nedgangen i oljeaktiviteten som vil komme. Derfor må vi bygge ut fornybarindustrien og anna grøn industri slik at den kan ta ein større del av sysselsettinga.
Industrien slit i koronakrisa. Norsk industri la nyleg fram ein oversikt som viser at over halvparten av industribedriftene her i landet har gjennomført permittering. Den same rapporten viser at industribedriftene i varierande grad har glede av dei krisetiltaka som er sett i verk.
Leverandørindustrien har hatt eit spesielt fokus sidan den også blir råka av låge oljeprisar. NHO foreslår å endre avskrivingsreglane på norsk sokkel for å utløyse nye investeringar som kan gi oppdrag til leverandørindustrien. Det vil auke staten sin risiko og bryte med ein lang tradisjon for eit stabilt oljeskatteregime. Derfor er det mange som arbeider for at vi heller må satse på grøne prosjekt som kan gi arbeid til leverandørindustrien.
Det er viktig å legge til rette for at den teknologisk leiande leverandørindustrien kan trygge arbeidsplassane gjennom grøn omstilling. Men vi må ikkje gløyme fornybarindustrien og andre grøne industribedrifter. Vi må også diskutere kva tiltak og prosjekt vi kan lansere for å styrke denne industrien og hjelpe den gjennom krisa.
Nyleg kom det melding om at REC Solar i Kristiansand har sendt permitteringsvarsel til alle sine tilsette. Bedrifter som tilbyr energieffektivisering og installasjon av solceller, har gått frå vekst til kraftig marknadssvikt. Analysebyrå melder om store problem i fornybarbransjen i mange land med svikt i underleveransar og fallande marknad.
Fornybarindustrien
Omgrepet fornybarindustrien dekker i dette innlegget all produksjon, distribusjon og lagring (inklusive batteri) av fornybar energi. Vidare produksjon av materiale til denne industrien som silisium til solceller.
Det er på tide at Stortinget også ser på utfordringane i fornybarindustrien. Enova bør auke sin støtte til energiøkonomisering og solenergi. Det kan få fart i ein marknad som skaper mange lokale arbeidsplassar. I tillegg til havvind og karbonfangst og -lagring (CCS), bør vi satse på resirkulering og produksjon av bilbatteri. Utsleppsfri produksjon av metall er også eit område som er i tråd med norsk industritradisjon.
Vi må ikkje gløyme fornybarindustrien i desse krisetider. Grøn omstilling av leverandørindustrien kan neppe kompensere fullt ut for den nedgangen i oljeaktiviteten som vil komme. Derfor må vi bygge ut fornybarindustrien og anna grøn industri slik at den kan ta ein større del av sysselsettinga.
Det bør Stortinget ha i tankane når dei diskuterer krisepakkar til industrien.