Eit mindre grønt Tyskland

Tyskland har vore ein sentral pådrivar for EUs grøne giv. Europavalet er varsel om eit stemningsskifte. Det er dårleg nytt for klimapolitikken, skriv Astrid Sverresdotter Dypvik.

Saman med kristendemokratane i CDU er ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland europavalets store vinnar i Tyskland. Regjeringa står att som valtapar. Olaf Scholz’ sosialdemokratiske parti SPD fekk 13,9 prosent av stemmene og koalisjonspartnaren Dei Grøne enda opp på 11,9 prosent.

Dette vitnar om eit markant stemningsskifte i Tyskland. Det er noko vi også kjem til å merke på sikt ettersom Tyskland både er det EU-landet som har flest innbyggjarar og den sterkaste økonomien og dei siste åra har vore ein pådrivar for grøn politikk i EU.

Ved førre europaval, i 2019, stemte 20,5 prosent av dei tyske veljarane på Dei Grøne, og partiet gjorde sitt beste europaval nokon gong. Den gongen var dei løfta fram på ein stemningsbølge skapt av skuleelevar som streika for klimaet. Den sterke oppslutnaden om Dei Grøne var med å gi kraft til Ursula von der Leyens grøne giv.

Forbrenningsmotorens forsvarar

No er jo europaval nettopp europaval. Men valkampen er ofte prega av nasjonale politikarar og av nasjonale stridstema. Og resultatet gir ein tydeleg peikepinn på den ålmenne stemninga, og den er slett ikkje i den sittande tyske regjeringa sin favør.

Dette er ei koalisjonsregjering med tre parti. I tillegg til sosialdemokratane og dei grøne er også det liberale partiet FDP del av denne regjeringa. Dette er søsterpartiet til det norske Venstre, men partiet har vald ein noko annleis klimaprofil. Samferdselsminister Volker Wissing frå FDP har markert seg som motstandar av fartsgrenser på motorvegane, noko som har ført til at både han, og regjeringa, har hamna på kollisjonskurs med grøne veljarar. I EU har han markert seg som ein forsvarar av forbrenningsmotoren.

Høge ambisjonar

Den noverande, upopulære, regjeringa vart vald hausten 2021, og deira mest tydelege valløfte var ein meir offensiv klimapolitikk.

I regjeringserklæringa står det at Tyskland skal vere klimanøytalt innan 2045. Som eit steg på vegen, skal andelen av fornybar energi i straummarknaden doblast, innan 2033, med året 2021 som utgangspunkt. Og på dette feltet har det skjedd mykje. Alt no kjem over 50 prosent av straumen som blir brukt i Tyskland frå fornybare energikjelder. Ettersom det er så mange som snakkar om korleis overføringskablar til Tyskland påverkar prisnivået i den norske straummarknaden, er det verdt å merke seg at Tyskland var nettoeksportør av straum både i 2022 og i 2023. Dei landa Tyskland eksporterte mest straum til var Sveits, Austerrike og Frankrike.

Olaf Scholz si regjering har også lova å få fortgang i å fase ut kolkraft, det skal no skje innan 2038, og også på dette feltet har det hend mykje. Forbruket av kolkraft var i 2023 på eit historisk lågt nivå.

Har kutta utsleppa

I motsetnad av kva ein kanskje skulle tru når ein ser på meiningsmålingane, så har altså regjeringa fått til mykje.

Dei tyske utsleppa av klimagassar går ned. I 2023 var utsleppa på det lågaste nivået sidan 1970-talet. Sidan 1990 er utsleppa redusert med 46 prosent. Denne nedgangen skuldast delvis, men berre delvis, økonomiske konjunkturar. Tysk økonomi er i tilbakegang.

To sektorar er langt unna å nå måla. Det er samferdsel og bygg. Tyskland har mål om å elektrifisere bilparken. Elbilar var 20 prosent av nybilmarknaden i 2022. Målet er 15 millionar elbilar innan 2030. Skal det lukkast så må nysalet auke med 90 prosent dei neste åra.

2023 var eit rekordår for sal av varmepumper. Men det vart seld to og ein halv gong fleire fossile oppvarmingssystem som klimanøytrale.

Slutten på atomkrafta

Tyskland har også slutta med atomkraft. Akkurat denne prosessen vart sett i gang av regjeringa til sosialdemokraten Gerhard Schröder som regjerte i åra 1998-2005. Å få slutt på atomkraft var ein av dei fremste kampsakene for koalisjonspartnarane Dei Grøne. Då Angela Merkel overtok regjeringsmakta i 2005, vart stenginga utsett. Men etter atomulukka i Fukushima i mars 2011, gjekk det berre nokre korte månader før Merkel-regjeringa annonserte at Tyskland skulle slutte med atomkraft, og samstundes sette i gang Energiewende, ei storskala omlegging av energisystemet frå fossil energi og atomkraft til rein fornybar energi.

16. april 2023 vart det siste operative atomkraftverket i Tyskland, Isar II ved den bayerske småbyen Landshut, tatt ut av drift. Det hende midt i den krisa som kom som følgje av gasseksportstoppen frå Russland, og verka svært dramatisk akkurat då det skjedde. Men den tyske regjeringas eigne analysar var at stenginga i liten grad ville påverke straumprisen. Grunnen var at atomkraft uansett stod for 5 prosent av Tysklands samla straumproduksjon. I ettertid har også fleire andre analysar konkludert med at straumprisane ikkje har auka som følgje av at det vart slutt på atomkrafta.

Regjeringa har altså oppfylt mange, men ikkje alle løfter på klima. Det som er tydeleg, er at klimapolitikk, som var ei vinnarsak i europavalet i 2019 og i forbundsdagsvalet 2021, er blitt langt mindre populært.

Krig og krisetid

Det er det fleire grunnar til. Den aller viktigaste grunnen er nok den økonomiske krisa i kjølvatnet av energipriskrisa skapt av Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Det har skapt stor økonomisk utryggleik, og mindre framtidstru. Klimapolitikken skal ta Tyskland frå eit stadium – slik det er i dag – til eit anna. Alle veit at det vil føre til store endringar – ikkje berre for energiproduksjon og forbruksvanar. Næringslivet må endre seg, ein må produsere andre varer på ein annleis måte, ein må ete annleis, mindre pølse til dømes, og ein må byggje hus på annleis måte.

Nyhetsbrevet Europas grønne skifte

I nyhetsbrevet Europas grønne skifte velger Energi og Klima-redaksjonen ut nyheter og analyser om klimapolitikken i Europa, med særlig blikk på EUs grønne giv. Utsending en gang i måneden.

Abonner på Europas grønne skifte:

Alt dette visste folk også då dei stemte grønt i 2019 og i 2021, men den gongen var det ikkje krig ved Natos yttergrense, Tyskland rusta ikkje opp, offentlegheita måtte ikkje stadig ta stilling til spørsmål om våpeneksport til Ukraina, og landet var ikkje prega av økonomisk tilbakegang og av eit lamma næringsliv, slik det heiter i ein fersk prognose frå IFO-instituttet, som er ein av Tysklands fremste institusjonar for økonomisk forsking.

Milliardane som vart borte

No viser det seg også at klimapolitikken blir vanskelegare å finansiere enn det regjeringa hadde kalkulert med. Regjeringa planla å bruke 600 millionar euro frå eit krisefond for korona til klimapolitikk, ut frå tanken om at klimasituasjonen også er heilt krise. Men pengane i dette koronakrisefondet var ikkje dekt inn i det ordinære budsjettet. Det var lånte pengar, Tyskland har jo ikkje noko oljefond.

I Tyskland står budsjettdisiplin så sterkt at landet har vedtatt gjeldsbremse. Reglane er strenge og er regulert i grunnlovas paragraf 115. Her står det at ein berre kan ta opp gjeld i ein naudsituasjon. Kristendemokratane var ikkje einige i at koronapengane kunne bli omdisponert og klaga saka inn for forfatningsdomstolen i Karslruhe. I november i fjor kom forfatningsdomstolen fram til at grunnlova ikkje gir rom for å omdisponere dei 600 millionar euroane. Konsekvensen blir kuttpolitikk.

Bondeprotest og andre protestar

I januar i år var tyske gater prega av store bondedemonstrasjonar. Sinte bønder blokkerte ferga då nærings- og klimaminister Robert Habeck skulle reise heim frå ferie ved Nordsjøkysten etter jul. Bøndene var sinte på grunn av kutt, blant anna i subsidiar av diesel til bruk i jordbruket. Desse kutta var ein direkte konsekvens av forfatningsdomstolens avgjerd om dei 600 krisemillionane. Misnøya, og demonstrasjonane, heldt fram også etter at regjeringa trekte tilbake fleire av dei upopulære kutta.

Ein grunn til det er at klimapolitikk har blitt ei markeringssak for ytre høgrepartiet AfD, som er eit parti i vekst. Partiet gjorde sitt beste val nokon gong i europavalet og fekk 15,9 prosent. Partiet er klimaskeptikarar og har gjort klimaspørsmålet til ein del av sin kulturkamp mot den urbane, velutdanna og venstreorienterte middelklassen.

Kvart år dei siste åra har Bundesamt für Verfassungsschutz rapportert at den politisk motiverte valden aukar. Politikarar frå Dei Grøne er dei som oftast blir ramma. Då landbruksminister Cem Özdemir skulle halde tale i småbyen Bieberach i februar vart han møtt av møkk, ein blokade og ein så skarp protest at han valde å avlyse møtet av omsyn til eigen tryggleik.

Ei ny stemning

Oppsummert: Når den tyske regjeringa er så upopulær, skuldast det ikkje at dei ikkje har fått til noko, dei har fått til mykje. Men ikkje nok etter synet til kjerneveljarane. Og for tida er tyske veljarar opptatt, og sterkt uroa over, andre spørsmål enn klimaet.

Konsekvensen kan på sikt bli at Tyskland i mindre grad enn før vil vere ein pådrivar for klimapolitikk. Hausten 2025 er det forbundsdagsval, og nett no ser det ikkje ut som om den sittande regjeringa blir attvald. Det mest sannsynlege då er ei regjering dominert av kristendemokratane i CDU. Den førre kristendemokratiske kanslaren, Angela Merkel, var svært opptatt av klimapolitikk. Men den noverande leiaren Friedrich Merz er ikkje det. Leiaren for CDUs bayerske søsterparti Markus Söder, som er svært populær og som kan ende opp som Tysklands neste kanslar, er heller ikkje det. Den siste tida har han kasta seg inn i kulturkampen mot Dei Grøne, og han skryt jamleg over kor mykje kjøt han et.

Når ein veit kor viktig Tyskland og Energiewende har vore for stemninga i Europa, og for EUs grøne giv er dette valet, og den stemninga den er eit uttrykk for, diverre dårleg nytt for klimapolitikken.