Vi treng eit nytt fordelingsutval

Korleis skal vi ta vare på vår samfunnsmodell med moderate forskjellar og legge grunnlaget for folkeleg støtte til grøn omstilling? Alf Holmelid tar til orde for ein heilskapleg gjennomgang av fordelingspolitikken.

Tre relativt ferske innspel i samfunnsdebatten viser eit dilemma:

  • Direktøren for Statnett vil fjerne priskompensasjonen på kraft (strømstønaden) for å fremme energisparing og vise folk verdien av energi.
  • Klimautvalet 2050 meiner at negative fordelingskonsekvensar av energi- og klimapolitikk må ordnast over skattesetelen.
  • Samtidig etterlyser Finanspolitikkutvalet reduserte skattar.

Økonomisk teori seier at avgifter er eit effektivt middel for å påverke handlingane til folk, noko vi gjer oss bruk av i miljøpolitikken. Vidare er økonomar opptatt av at vi ikkje må tukle med prismekanismane sjølv om dei får negative fordelingseffektar. Kan vi klare å kompensere for desse forskjellsdrivarane med skattepolitikk?

Er det mogeleg å få gjennomslag for eit så sterkt omfordelande skatteopplegg at det kompenserer for negative fordelingskonsekvensar av klimatiltak i tillegg til dei altfor store forskjellane vi har i utgangspunktet? Spørsmålet har blitt aktualisert etter at Finanspolitikkutvalet etterlyste lågare skatt og ein meir effektiv klimapolitikk.

Vi er inne i ei tid med marknadsliberalisme og aukande forskjellar. Fleire slit økonomisk, og eigarane tar ein stadig større del av verdiskapinga. Samtidig vil den grøne omstillinga krevje omfattande samfunnsendringar. I mange land i Europa er det opprør mot forskjellssamfunnet, og klimapolitikken får gjerne skulda, ofte utan grunn.

Problem for demokratiet og det grøne skiftet

Spørsmålet er om vi kan møte denne utfordringa berre med å justere litt på skattesatsane. Kanskje er det på tide å få ein meir grunnleggande diskusjon om fordelingspolitikk. Klarer vi ikkje å stagge dei aukande forskjellane, så blir det eit problem både for demokratiet og det grøne skiftet.

Finanspolitikkutvalet er opptatt av at vi må ha ein effektiv klimapolitikk. Det er vel og bra. Men kva skjer om forskjellane blir så store at sentrale deler av dei «effektive» tiltaka misser legitimitet?

I det siste har vi fått fleire rapportar om energi, klima og finans. Alle optimaliserer sine mål, men ingen tar ansvaret for dei samla konsekvensane for borgarane og for dei fordelingspolitiske effektane.

Med dei store samfunnsomveltingane vi står overfor, er det all grunn til å etterlyse ein heilskapleg gjennomgang av fordelingspolitikken. Korleis skal vi ta vare på vår samfunnsmodell med moderate forskjellar og legge grunnlaget for folkeleg støtte til nødvendig grøn omstilling?

Tida moden for nytt utval

Det er 15 år sidan Kristin Halvorsen sette ned Fordelingsutvalet med Ådne Cappelen som leiar. Mykje har endra seg sidan den tid, ikkje minst behovet for kraftfulle klimatiltak. Tida er moden for eit nytt heilskapleg blikk på dei fordelingspolitiske utfordringane i ein periode med store krav til omstilling.

Tiltak som kontantutbetalingar og inngrep i enkelte marknader bør vere på sakskartet i tillegg til skattepolitikk.