2
2

Støtt oss
2
Stillinger
2
Klimakalender

Om oss

Om oss
Støtt vårt arbeid
Annonsere
Personvernerklæring
Administrer informasjonskapsler

Følg oss

Facebook
Bluesky
Linkedin
Rss feed

Kontakt oss

Redaksjonen
Energi og Klima
Odd Frantzens plass 5
N-5008 Bergen
til toppen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no
Publisert 28. april 2021
Sist oppdatert 29.4.2021, 11:35
Artikkelen er mer enn to år gammel
Debatt

Tre grep for ein betre norsk klimalov

Når Stortinget før sommaren skal justere den norske klimalova, bør ein i lovteksten erstatte «lågutslepp» med «netto nullutslepp».

Klimalov – Løvebakken

Når Stortinget skal revidere klimalova, bør lågutslepp erstattast med nullutslepp, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Publisert 28. april 2021
Sist oppdatert 29.4.2021, 11:35
Artikkelen er mer enn to år gammel
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Lars-Henrik Paarup Michelsen
Dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Kontakt: lhpm@klimastiftelsen.no

Nyheita: Stortinget behandlar i desse dagar regjeringas forslag til revidert klimalov. I forslaget er klimamålet for 2030 oppjustert frå 40 prosent til minst 50 prosent samanlikna med 1990, mens utsleppsintervallet for 2050 vert snevra inn frå 80-95 prosent til 90-95 prosent. Regjeringa foreslår ikkje ytterlegare endringar i klimalova.

Bakgrunn: Det har ikkje gått meir enn tre år sidan den norske klimalova tredde i kraft. At Stortinget behandlar endringar av lova alt no, heng saman med at regjeringa i fjor meldte inn forsterka norske klimamål for 2030 under Paris-avtalen. Det er dette nye Paris-målet, om at Noreg skal redusere klimagassutsleppa med mint 50 prosent og opp mot 55 prosent i 2030 samanlikna med 1990, som vert foreslått teke inn i den reviderte klimalova (§3). I tillegg er det foreslått at lovas utsleppsmål for 2050 (§4) skal oppjusterast frå 80-95 prosent til 90-95 prosent. Formuleringa i dagens lovtekst om at ein skal ta omsyn til effekten av norsk deltaking i det europeiske kvotesystemet i vurderinga av kor vidt ein når 2050-målet, blir – om regjeringa får vilja si – ståande.

Min vurdering: Stortingsproposisjonen som ligg til behandling med forslag til endringar i klimalova er på knappe tolv sider. Det seier seg sjølv at det ikkje er lagt opp til omfattande endringar – utover å justere dei lovfesta klimamåla for 2030 og 2050 i tråd med gjeldande politikk.

Når det er sagt: Stortinget bør nytte høvet til å gjere enklare endringar som kan gjere klimalova betre. Her er tre forslag:

  1. Netto null framfor lågutslepp: I klimalova heiter det at målet er at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Saman med det skjerpa utsleppsintervallet på 90-95 prosent er dette uproblematisk, men åleine gir omgrepet inga meining som «endestopp» for klimapolitikken. Ambisiøst lyder det iallfall ikkje. Når det offentlege lyser ut anbod der kravet er lågutsleppsteknologi, er dette definert som minst 40 prosent utsleppskutt. Lågutslepp er Toyota Prius, mens det vi treng er Nissan Leaf. Internasjonalt er det heller «ingen» som lenger snakkar om lågutslepp. Det siste året har FN mobilisert kraftig for å få politikk og næringsliv til å forplikte seg til netto null – altså at ein oppnår balanse mellom det ein slepp ut og det ein kan fjerne av utslepp. «Netto null» er den nye internasjonale norma og dette bør ein oppjustert norsk klimalov spegle. Ved å erstatte lågutslepp med netto nullutslepp, samtidig som vi definerer netto null som minst 90 prosent utsleppskutt, vil Noreg også sende eit tydeleg signal til resten av verda om kva netto null betyr. Det er ambisiøst og eg trur det kan bidra til å heve standarden internasjonalt.

  2. 2050-mål utan x-faktor: I gjeldande klimalov står følgjande om oppfylling av 2050-målet (§ 4): «Ved vurdering av måloppnåelse skal det tas hensyn til effekten av norsk deltakelse i det europeiske klimakvotesystemet for virksomheter». Dette er ei formulering som regjeringa vil behalde, men som Stortinget bør fjerne for ikkje å skape usikkerheit om kva 2050-målet eigentleg betyr. Det står sikkert detaljar i tidlegare forarbeid om korleis effekten av kvotesamarbeidet skal reknast ut, men ein kan ikkje forvente at vanlege folk og bedrifter sit på denne kunnskapen. Det bør vere eit sjølvstendig poeng at klimalova uttrykker klare og tydelege klimamål, og ikkje som no: Skapar eit inntrykk av at «andre» kan kome til å bere utsleppskutta for oss.

    Det er riktig og viktig at klimalova ikkje må stå i vegen for at Noreg kan samarbeide med EU i klimapolitikken også etter 2030. Men dette omsynet er alt ivareteke i klimalovas formålsparagraf.

  3. Flytt klimalovrapporteringa ut av statsbudsjettet: Både Storbritannia og Danmark har satt opp uavhengige ekspertorgan som driv klimalovrapportering mot offentlegheita. I Noreg er ansvaret for denne rapporteringa plassert i Klima- og miljødepartementet – som i samband med statsbudsjetta kvart år legg fram oppdaterte analysar av norsk klimapolitikk i lys av vedtekne mål. Erfaringa med denne praksisen er at regjeringas sjølvrapportering blir møtt med naturleg skepsis  – ikkje minst på Stortinget. Stort sett endar partia opp med å diskutere kor vidt regjeringa planlegg for å bomme på 2030-målet eller ikkje.

    Eg er nokså overtydd om at vi vil få ein meir opplyst klimadebatt om den årlege rapporteringa blei gjennomført av eit uavhengig organ, slik tilfellet er i Storbritannia og Danmark. Om jobben kan gjerast av ein eksisterande aktør, eller om ein treng å etablere ei heilt ny eining, skal eg ikkje svare skråsikkert på. Om naudsynt kan Stortinget bruke klimalovbehandlinga til å sende ei bestilling til regjeringa – så får heller den faktiske lovendringa på akkurat dette feltet skje på eit seinare tidspunkt.

    I spørsmålet om rapportering må ein sjølvsagt forholda seg til at Noreg framover skal rapportere detaljert til EFTAs overvakingsorgan (ESA) om korleis vi følgjer opp klimaforpliktingane overfor EU.

Kva skjer vidare? Stortingets energi- og miljøkomite gjennomfører klimalov-høyring 29. april. Komiteens frist for å levere innstillinga er satt til 25. mai. Saksordførar er Åsmund Aukrust frå Ap.

ANNONSE
Bluesky

Les også

Ligger an til å bomme grovt på klimamål for sjøfart og fiske

Norge har et mål om å redusere utslippene fra sjøfart og fiske med 50 prosent innen 2030. Vedtatt og planlagt politikk er ikke nok til å nå målet.

16. desember 2025
Les mer
Fem voksne mennesker, tre kvinner foran og to bak, står smilende sammen i et rom med rosa vegger og en åpen tredør.

Da Stortinget tok livet av klimamålet 

Så dette er hvordan et klimamål dør: Til stående applaus. Hva i alle dager har skjedd med norsk miljøbevegelse, spør Mathias Fischer i Initiativ Vest.

9. desember 2025
Les mer
En eldre mann med briller og grått hår smiler mens han snakker til pressen, med flere fargede mikrofoner synlige foran seg.

Statsbudsjettet: De viktigste klimasakene

Norge sliter med utslippskuttene i klimaavtalen med EU – gapet øker, viser forslaget til statsbudsjett. Les oversiktssak om budsjettnyhetene på klima- og energifeltet.

15. oktober 2025
Les mer
En gruppe arbeidere iført varselvester, hjelmer og vernebriller står sammen på et industriområde.

Climate Action Tracker: Norges 2035-mål i tråd med 1,5 °C, men olje og gass må fases ut

Forskere har evaluert klimamålet for 2035 som Norge har sendt inn til FN. De mener målet er i tråd med å begrense global oppvarming til 1,5 °C, men finner også mye å sette fingeren på.

12. september 2025
Les mer
ANNONSE
Ledige stillinger i det grønne skiftet

Klimaetaten i Oslo kommune ser etter sin neste klimarådgiver transport

Dette er stillingen for deg som er klar for en viktig rolle
Oslo kommune
Frist: 6.1.2026
Flyfoto av et bykryss med en blå trikk, omkringliggende høsttrær og bygninger under en klar himmel.

Vil du jobbe med klima og jordbruk?

Miljødirektoratet søker etter rådgivere med analytiske evner
Oslo
Frist: 4.12.2026