SPU har 60 milliardar investert i tjæresand

Statens pensjonsfond utland (SPU) hadde ved utgangen av 2013 over 60 milliardar NOK investert i selskap som vinn ut olje frå tjæresand i Canada.

I debatten om å trekke SPU ut av kolselskap uttalte adm.direktør Yngve Slyngstad i Norges Bank Investment Management (NBIM) at fondets investeringar i kullproduksjon er ubetydelege. Investeringane utgjorde ved årsskiftet omlag 2,5 milliardar kroner, ned frå 5 milliardar for to år siden.

Ubetydelege er derimot ikkje SPUs investeringar i tjæresand. Ved å samanlikne den siste operatøroversikta til myndigheitene i Alberta i Canada (Oil sands quarterly, winter 2013), med SPUs aksjebehaldningsliste ( per 31.12.2013 og 31.12.2012), får ein denne oversikta:

Rediger
Operatørar av oljesandprosjekt i Alberta/CanadaAksjebehaldning i NOK (per 31.12.2012)Aksjebehaldning i NOK (per 31.12.2013)
Royal Dutch Shell PLC28 829 342 29328 957 454 130
BP P.L.C.16 545 894 24420 150 362 231
Suncor Energy Inc.

2 146 073 6082 520 614 784
Canadian Natural Resources Limited1 367 729 4391 757 752 418
Cenovus Energy Inc.1 069 753 0631 015 004 729
Teck Resources Limited931 096 632283 296 028
Marathon Oil Corporation853 070 0691 124 370 458
Imperial Oil Limited613 927 823785 014 805
Nexen Inc. (CNOOC fra 2013)549 542 405-
Murphy Oil Company Ltd.480 948 420569 296 863
MEG Energy Corporation373 361 453170 330 847
Husky Energy Inc.372 338 640546 927 236
Athabasca Oil Corporation227 953 290172 247 375
Baytex Energy Corp.207 530 631220 857 728
Penn West Petroleum Ltd.199 006 257179 850 457
Sunshine Oilsands Ltd.187 478 096112 397 614
Pengrowth Energy Corporation98 915 314157 183 132
Southern Pacific Resource Corp.
60 652 0032 240 106
Petrobank Energy And Resources Ltd.48 484 9741 398 079
BlackPearl Resources Inc.32 067 39330 952 606
CNOOC Ltd. (tidl. Nexen)-1 283 632 382
Sum investeringar55 195 166 04760 041 184 008

I denne oversikta er ikkje operatørane Total E&P Canada LTD, ConocoPhilips Canada og Devon Canada Corporation inkludert, sjølv om SPU er tungt inne i morsselskapa Total SA (18 219 029 606 NOK), ConocoPhilips (3 001 914 425 NOK) og Devon Energy Corporation (1 040 562 304 NOK).

Last ned oversikta over SPUs tjæresandinvesteringar i 2012 og 2013 (Excel). 

Ulovlege tjæresandinvesteringar?

I 2013 publiserte Norsk Klimastiftelse ei juridisk utgreiing om SPUs investeringar i selskap som vinn ut olje frå tjæresand i Canada. Utgreiinga vart gjort av advokat Cathrine Hambro og konkluderte med at SPUs tjæresandinvesteringar kan vere ulovlege. Årsaka er at Finansdepartementet ikkje har vurdert miljøforhold knytt til desse investeringane.