Klimakorta på bordet

I ein open prosess om eit nytt klimaforlik på Stortinget kan partia og andre samfunnsaktørar vise klimakorta sine og overtyde oss om at tiltaka svarer på dei store utfordringane vi står overfor.

Eg er for klimatiltak, men…

Dette munnhellet høyrer vi stadig oftare trass i at klimaproblema rykker stadig nærare. FN har ropt eit kraftig varsku om at den globale oppvarminga kan passere både 1,5 og 2,0 grader dersom vi ikkje får fart på klimatiltaka. Stadig fleire innser alvoret, men viljen og evna til å handle står tilbake å ønskje. Dei fleste tiltaka kan ha uheldige konsekvensar, og vi treng ein brei diskusjon om korleis vi skal møte desse utfordringane. Det er heilt greitt å meine at enkelte klimatiltak må vike for andre omsyn. Men vi må ikkje la oss freiste til å snakke ned behovet for klimatiltak i iveren etter å ta vare på andre viktige verdiar.

Det finst knapt klimatiltak som ikkje kan ha uheldige konsekvensar.

Reguleringar kan vere byråkratiske og slå uheldig ut.

Grøne skattar og avgifter kan ha dårleg fordelingseffekt.

Vindenergi kan føre til uheldige naturinngrep og drepe fugl.

Elektriske bilar kan auke omfanget av miljøfiendtleg gruvedrift.

Energiøkonomisering kan føre til tette hus og auka byggekostnader.

Nedtrapping av oljeaktiviteten kan utfordre norsk økonomi.

Kraftutveksling med utlandet kan gi auka kraftprisar.

Produksjon av solceller kan gi skadelege utslepp.

Klimatiltak kan truge norsk landbruk.

Biodrivstoff kan truge regnskogen.

Du kan supplere sjølv.

Klimaproblema er abstrakte og ligg inn i framtida. Dei mogelege negative konsekvensane av klimatiltaka er konkrete og skaper ofte eit sterkt engasjement her og no. Dette er debattar som vi må ta på alvor og gå inn i for å finne dei beste løysingane. Vi må søkje etter alternativ som kjennes rettferdige, og som kan samle brei folkeleg støtte til nødvendig omstilling. Men vi må passe oss for å føre ein argumentasjon som gir inntrykk av at klimaproblema ikkje er så påtrengande likevel. Forkastar vi noko, må vi satse meir på noko anna.

Interessegrupper må gjerne kjempe for sine syn utan omsyn til heilskapen i klimapolitikken. Det kan skape dynamikk og utfordre oss til å tenkje nytt. Men dei politiske partia må ha eit overordna ansvar for å nå dei klimamåla vi har sett oss. Ein open prosess om eit nytt klimaforlik på Stortinget kan vere ein arena der partia og andre samfunnsaktørar kan vise klimakorta sine og overtyde oss om at tiltaka svarer på dei store utfordringane vi står overfor. Det fortener veljarane.