ENØK is ENØK – men kva er eigentleg nok?
Energikommisjonens rapport ser ut til å forveksle auka effektivisering og redusert forbruk av energi. Effektiviseringstiltak og ENØK fører ofte til auka forbruk, skriv forskar ved NTNU Marius Korsnes.
Den 1. februar kom utredninga «Mer av alt – raskere» som energikommisjonen hadde jobba med sidan 11. februar 2022. Mandatet til kommisjonen var «å kartlegge det norske energibehovet og foreslå økt energiproduksjon mot 2030 og 2050 med mål om at Norge fortsatt skal ha overskuddsproduksjon av kraft og at rikelig tilgang på fornybar kraft fortsatt skal være et konkurransefortrinn for norsk industri».
Med eit slikt mandat er det kanskje ikkje overraskande at løysingane dei kom med, stort sett var at vi treng meir energieffektivisering og meir energi. Sjølv om NOU-en nemner at også redusert forbruk må til, finnast det få framlegg til korleis dette skal skje. Rapporten ser ut til å forveksle auka effektivisering og redusert forbruk.
«Rebound»-effektar: Forbruket kan auke
Energiforsking frå samfunnsvitskapane og humaniora viser at energieffektivisering ikkje nødvendigvis vil føre til redusert forbruk, og at det i staden kan føre til auka forbruk igjennom sokalla «rebound effects», som kan vere både tekniske, samfunnsmessige og økonomiske. Dette fører til at det er svært vanskeleg å få til redusert energiforbruk, sjølv om intensjonen er god.
I Noreg har vi til dømes i mange tiår fokusert på energiøkonomisering (ENØK). Energiøkonomisering handlar om at vi skal kunne tene pengar på å spare energi—investeringane skal vere lønsame. Slik politikk har kanskje ført til at det ikkje har blitt oppfatta som politisk viktig å spare energi i seg sjølv.
I tillegg er det nærmast gitt at ein får «rebound»-effektar ut av tiltak som er motiverte av økonomiske omsyn. Eit eksempel er varmepumper, der forsking har synt at innføring av desse leia til meir oppvarming av både fleire rom og høgare temperatur igjennom døgnet. So sjølv om varmepumpa er ein meir energieffektiv måte å varme opp på, fører den til auka oppvarmingsbehov.
Energieffektivisering kan definerast som at ein skal få til å produsere den same tenesta, men med lågare energiinput. Problemet er altso at «tenesta» ikkje er statisk, men dynamisk, og endrar seg over tid. Slik sett vil effektivisering føre til auka forbruk fordi nye behov vert skapt når ny teknologi vert introdusert.
Manglar politikk for å bruke mindre energi
Men det er ikkje berre på grunn av «rebound»-effektar at energieffektivisering er problematisk. I tillegg er energieffektivisering målt på ein slik måte at berre spesifikke løysingar kan telje som energieffektive. På denne måten kan det virke betre å kjøpe seg ein veldig effektiv tørketrommel enn å tørke kle på eit klestørkestativ, sjølv om stativet sjølvsagt krev mindre energi.
Det same kan seiast om dei fleste nye teknologiar som ofte er større og meir energieffektive: Uansett kor berekraftig ein teknologi er, er det som regel betre å ikkje kjøpe noko i nytt i første omgang. Likevel er det i dag svært lite politikk som gjer det lettare for oss å bruke mindre energi og ressursar.
Problemet med energieffektivisering er med andre ord at det totale forbruket berre held fram å auke på nye arenaer. Slik blir nye behov skapt, noko som leier til normalisering av høgare energibruk over tid.
Kva kan vi gjere med dette problemet?
Det mest vanlege svaret er å seie at vi som individ er ansvarlege for vårt eige forbruk, og burde soleis greie å redusere og regulere energibruken sjølv. Men dette ignorerer 70 år med politikk som sørgjer for låge straumprisar, som legg til rette for høge forbruksnivå, gjennom mekanismar som er djupt forankra i svært energikrevjande vanar, rutinar og kultur. Slikt kan ikkje endrast over natta, og vi treng hjelp til å få til kollektiv endring mot lågare energibruk. Difor er det svært viktig at dette spørsmålet vert adressert på eit politisk nivå, og til dømes kunne det ha hatt eit eige kapittel i energikommisjonens NOU.
Nøysemd som løysing?
Ein idé er å tenkje på kva energi faktisk vert nytta til, og kva som kan vere nok til eit gitt formål. På engelsk blir dette kalla «sufficiency» (i kontrast til «efficiency»), og det kjem meir og meir forsking med eksempel på korleis det kan byggast inn i politikk. På norsk kan vi kalle det tilstrekkelegheit, eller nøysemd.
Er det mogleg for oss i eit av verdas rikaste land å tenkje oss til eit samfunn der vi brukar mindre energi, og samstundes lev gode liv?
Eg trur dei fleste vil vere samde i at vi godt kan klare oss med litt mindre: Treng vi å eige ei hytte, ein ekstra bil, eller å bygge på huset for å få litt meir plass? I ein energikrisesituasjon verkar ikkje desse spørsmåla veldig krevjande, men det er likevel få politikarar som tenkjer at løysinga kan finnast i nøysemd.
Paradokset er at for oss rike vil «mindre av alt» raskare kunne hjelpe oss med å løyse våre utfordringar knytt til klimaendringar, tap av naturmangfald, auka ulikheit i verda, og ikkje minst: energitryggleik. Effektivisering har også ei rolle å spele, men vi må samstundes vurdere om det finnast ei øvre grense for kor mykje vi skal forbruke av verdas ressursar.
Dette krev at vi frir oss frå tanken om at vår økonomi alltid må vekse, og at vi får på plass verkemiddel som hjelper oss med å gå i rett retning.