Look to Norway – Klimasøksmål i klimaendringane sin tidsperiode

Oljefondet gjer Noreg svært utsett for framtidige klimasøksmål. For å redusere sjansane for tap bør norske myndigheiter setje fondet i arbeid for raskare energiomstilling og klimatilpasning.

SØKSMÅLSRISIKO: Vi vil framover sjå små aktørar i samfunnslivet, som kommunar, små bedrifter, foreiningar og einskildpersonar, gå til søksmål for den skade dei lid på grunn av klimaendringar. Noreg med sitt store "oljefond" må vere førebudd, skriv artikkelforfattarane.Wikimedia Commonscba

Så er det i gang. San Francisco og Oakland har saksøkt fem av dei største oljeselskapa i verda for å få erstatning for dei kostnadane klimaendringar kjem til å påføra dei to byane. Dette skjer alt før det ein kan kalla fyrste generasjons klimasøksmål har kome skikkeleg i gang. Dette er klimasøksmål om vern av miljøet. Det som no er på gang, er andre generasjons klimasøksmål, som er store erstatningskrav. Og bakom lurer ein tredje generasjons klimasøksmål, som er dei som verkeleg kjem til å prega jussen i tiåra som kjem, og gjeld små erstatningskrav i hopetal.

Fyrste generasjons klimasøksmål er den typen søksmål som Greenpeace Norden og Natur og Ungdom har tatt ut mot den norske stat i samband med nye utvinningskonsesjonar i Barentshavet. Kjernen i søksmålet er at regjeringa sitt vedtak om å gje 23 utvinningsløyve i arktiske strøk er i strid med retten til eit berekraftig miljø prega av naturmangfald, som Grunnlova § 112 sikrar norske borgarar.

Erstatning for klimaendringar

Det norske klimasøksmålet skal opp for Oslo tingrett 14. november, og er ein type søksmål ein har fått så ulike stadar som USA, Pakistan og Nederland dei siste åra. Likevel har denne typen klimasøksmål, som gjeld staten si plikt til å verna om miljøet, bare så vidt kome i gang. Det norske klimasøksmålet har dermed høve til å verta skilsetjande i ein norsk som i ein global samanheng.

Andre generasjons klimasøksmål er det ein no ser i USA. Kjernen i desse søksmåla vil bli erstatning for klimaendringar. Aktørane i slike søksmål er ikkje ideelle organisasjonar, men særleg land, byar og store bedrifter som er drivkrefter i samfunnslivet. Dette er aktørar som både har økonomiske musklar til å gå til søksmål, og som samstundes alt lid økonomisk tap på grunn av klimaendringar.

Det er ikkje sjølve det økonomiske tapet som gjer at slike søksmål kan vinna fram. I staden er det vilje til å halda fram med ei lønsam verksemd trass kunnskap om at andre lid skade. I vinter var det store mediaoppslag om at Shell alt på 1980-talet kjende til og aksepterte dei konsekvensane bruk av fossilt brensel hadde for klima. Shell er eit av selskapa som no er saksøkt. I tobakkssøksmåla var det nettopp ikkje sjølve produksjonen av tobakk som gjorde at slike søksmål kunne føra fram, men produksjon trass kunnskap om skadeverknadar.

Kunnskap og faktisk handling

Det er dette mishøvet mellom kunnskap og faktisk handling som kan gjera at Shell, Exxon, BP, Conoco og Phillips kan tapa søksmålet som San Francisco og Oakland har tatt ut. Den vanlege taktikken til store selskap i slike saker, er å trenera saka. Det gjer at saksøkjar sine kostnadar vert store, utan utsikt til å vinna saka med det fyrste. Denne framgangsmåten brukar difor å auka vilje til å inngå dårlege forlik.

Problemet i denne saka, er at dess lenger tida går, dess synlegare og større vil konsekvensane av klimaendringane verta. Det vil leggja eit generelt press på oljeselskapa. Men det vil òg leggja eit press på tidlegare tilsette for å gå ut med kva kunnskap dei faktisk hadde om klimakonsekvensar for fleire tiår sidan. Dermed aukar òg sjansen for at oljeselskapa tapar saka. Den vanlege treneringstaktikken er difor ein dårleg taktikk i denne saka.

Tredje generasjons klimasøksmål vil snart setja sitt preg på rettslivet dei òg. Dette er søksmål der små aktørar i samfunnslivet, som kommunar, små bedrifter, foreiningar og einskildpersonar går til søksmål for den skade dei lid på grunn av klimaendringar. I slike saker er ikkje grunnlaget for søksmålet at saksøkte medvite har bidrege og tent på klimaendring trass kunnskap om skadeverknadar, men at ein i si verksemd ikkje har tatt konsekvensen av dei klimaendringane ein visste måtte koma.

Klimasøksmål fyller tomrom

Ein kan til dømes tenkja seg at einskild personar eller forsikringsselskap saksøkjer kommunar for å ha bygd ut bustadfelt i område som ein burde føresjå vart ras- eller flaumfarlege etter at klimaendringane set inn for alvor. Eller der kommunar saksøkjer staten for å ha gjeve løyve til kraftutbygging som ein burde føresjå vart problematisk med den auka nedbør klimaendringane fører med seg i vår del av verda.

Rettar til både miljø og til dekning av økonomisk tap etter miljøskade, må ha domstolsvern. Samstundes er ikkje søksmål ei ideell drivkraft i klimapolitikken. Den burde vera styrt av politiske diskusjonar og tiltak. Det som skjer, er at klimasøksmål fyller tomrommet som oppstår i fråværet av desse. Klimasøksmål er difor ikkje ei løysing, men eit varsel om behov for auka politisk diskusjon og tiltak. Nye klimasøksmål bør difor møtast med ein auke i dette, og ikkje klaging over rettsleggjering av politikken.

Norsk Klimastiftelse er Norges grønne tankesmie. Klimastiftelsen eier nettmagasinet Energi og Klima, gir ut notater og rapporter og holder frokostmøter og andre arrangementer.

Våre støttespillere:

Dersom ein så returnerer til den andre generasjonen klimasøksmål, som no er i gang, kan dei få konsekvensar for Noreg. Vi er eit oljeproduserande land. Overskotet av produksjonen er til alt overmål sett inn i eit eige Oljefond. Samstundes har ein i Noreg hatt eit høgt medvite om klimaendringar som følgje av forureining frå fossilt brennsel. Hugs at det var Gro Harlem Brundtland som leia arbeidet fram mot Rio-konvensjonen i 1992, som var eit fyrste steg på vegen fram mot Paris-avtalen av i dag.

Kva gjer regjeringsadvokaten på Maldivene?

Ikkje berre har Noreg tent på ei verksemd som er årsak til klimaendringar, men har samstundes vist for all verda at ein har kunnskap om konsekvensane. Og til overmål har ein eit oljefond som kan betala for den skade som følgjer av klimaendringane. Det er difor ikkje utenkjeleg at regjeringsadvokaten på Maldivene, som står i fare for å forsvinna i havet som følgje av klimaendringar, vil seia til politikarane i landet: Look to Norway.

Dersom den norske stat er lur, gjer den raskt Oljefondet om til eit Klimafond som skal nyttast til å setja i verk tiltak for å avhjelpa følgjer av klimaendringar. Deretter set den som vilkår at norsk teknologi og norske selskap skal brukast når midlar frå Klimafondet vert brukt. Då kan ein redusera faren for søksmål, få behalda Oljefondet, og gjera det om til ei kjelde til verdiskaping i ei tid med klimaendring.

Abonner på Fem på fredag

Skriv en kommentar

Debattregler på Energi og Klima