Klimatiltak eller politisk press frå Equinor – eller begge deler

I den nye strategien frå Equinor og konsernsjef Eldar Sætre (bildet) ligg det eit dårleg skjult trugsmål mot politikarane, skriv artikkelforfattaren. (Foto: Ole Jørgen Bratland, Equinor).
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens egne meninger.
Like etter nyttår lanserte Equinor nye ambisjonar for å redusere sine klimagassutslepp i Noreg. Selskapet vil redusere utsleppa frå felt og landanlegg her i landet med 40 prosent innan 2030 og ned mot nær null innan 2050. I 2030 inneber det årlege kutt på over fem millionar tonn CO₂, tilsvarande om lag 10 prosent av dei totale utsleppa her i landet.
Dette høyres ut som ei gladmelding, men utspelet har fått blanda mottaking, ikkje minst på grunn av dei føresetnadene som er lagt inn i strategien.
Reaksjonane på utspelet frå Equinor er mange og sprikande – frå hyllest til påstandar om at det er grønvasking for å sikre seg stabile rammevilkår og nye leiteområde. Argumenta sveiper over eit stort felt frå teknologi og kvotesystem til økonomisk risiko, og det kan vere gode grunnar til å prøve å rydde litt i debatten. Skal vi vinne klimakampen, må argumenta som vi brukar, stå seg for kritisk vurdering. Vi kan ikkje tilpasse dei frå sak til sak dersom vi skal føre ein truverdig klimadebatt.
Blir grøn elektrisitet til fossil gass?
Ein sentral del av satsinga til Equinor er elektrifisering av oljeplattformer. Elektrisk kraft skal erstatte gassturbinar som slepp ut CO₂, og krafta skal i all hovudsak komme frå land. Flytande vindturbinar som Equinor planlegg å bygge med omfattande støtte frå Enova, vil utgjera ein liten del av det totale kraftbehovet.
Enkelte hevdar at elektrifisering vil redusere utsleppa i Noreg, men auke utsleppa andre stader. Den gassen som vi sparer på plattformene, kan seljast og bli brent andre stader. Vi gjer fornybar energi om til fossil gass, blir det sagt. Men slik er det ikkje. Forbruket av gass aukar i liten grad om det blir litt meir gass tilgjengeleg. Hadde det vore slik at å spare fossil energi fører til tilsvarande auke i forbruket andre stader, så hadde det heller ikkje vore noko poeng å redusere bruken av fossil energi i transportsektoren. Då blir det jo petroleum til overs som etter denne logikken vil bli brukt andre stader.
Ein annan innfallsvinkel er å sjå på kor store utslepp du er årsak til når du brenn ein normalkubikkmeter gass. Dei totale utsleppa er summen av dei utsleppa som kjem frå forbrenning av gassen og dei utsleppa som oppstår under utvinning av denne gassmengda. Når utsleppa frå utvinning går ned eller blir eliminert ved bruk av elektrisk straum, så går dei totale utsleppa ved å bruke ein normalkubikkmeter gass også ned.